Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. oktober 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minneplate om Høygardsvegen



Gardane Hunskor, Dale og Kåle ligg høgt oppe i lia på nordaust-sida av Breimsvatnet. Grenda heiter Høygardane. I 1901 heldt høygardsfolket fest i høve ferdig køyreveg ned til vatnet. Hundre år seinare samlast bygdefolket og mange andre til markering av denne svært viktige hendinga.

Minneplata om køyrevegen til Høygardane, er bolta fast i berget i den fyrste svingen hundre meter frå riksvegen ved Breimsvatnet.

Minneplata om køyrevegen til Høygardane, er bolta fast i berget i den fyrste svingen hundre meter frå riksvegen ved Breimsvatnet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Lettvint no

Høygardsvegen tek av frå E 39 kring tre km nordvest for Re. Du må vita om vegen, det er ikkje skilting før vegskilet. Den 3,5 meter breie grusvegen tek seg opp brattlendet i fleire svingar fram til fyrste gardsbruket Dale. Mellom Dale og Hunskor er det no veg austover til Kvile og vidare til RV 60. Det er lettvint å koma seg til og frå Høygardene no, frå to retningar.

Hundreårs-markering

Den 4. august 2001 samlast folk i den fyrste svingen opp frå Breimsvatnet, til hundreårs-markering for Høygardsvegen. Ivar Kolbotn, fødd og oppvaksen i Høygards-grenda, no busett i Odda, var "seremonimeister". Det var også han som like før tusenårsskiftet kasta fram tanken om å markera den viktige hendinga i 1901 og som var drivkrafta bak tilskipinga. Ordførar Nils Sandal heldt tale og stod føre den høgtidssame avdukinga av ei minneplate festa i bergveggen. Elles stod felespel på programmet. John Oddvar Kandal og Aslak Hilde spela slåttar av m.a. Gabriel Reed, den kjende felespelaren det står minnestøtte over på Utvikfjellet. Reed var lærar i Høygardane krins i åra 1891-1897, og busette seg seinare i grenda.

Optimisme i 1896

Før 1901 måtte folket på dei tre gardane ta seg opp og ned frå vatnet etter kvar si rås ned til gardsnausta ved Breimsvatnet. Her kunne dei anten fara det fyrste stykket nordover til Sandane i båt eller etter hovudvegen Re - Sandane som vart opna i 1890. Oppsitjarane var sterkt opptekne av å få køyreveg fram til grenda, slik oppsitjarane i Myklebustdalen hadde fått seg veg innover i dalen nokre år tidlegare.

I 1893 eller 1894 vart vegen stukken og kalkulert til 6000 kroner, og i 1896 skreiv gardbrukarane brev til Breim kommunestyre og bad om eit tilskot på 1200 kroner fordelt over to år. Samstundes grunngav dei søknaden sin med at grenda var sørgjeleg dårleg stilt utan veg, og at verda ville verta heilt annleis med veg. "Alt," står det i brevet, "alt som skal hentes fra handelstedet [Sandane] såsom korn, mel sild og salt, m.m., må i sommermånedene for det meste transporteres på ryggen, og tunge gjenstande, som ikke kan transporteres på denne måde, er vi ofte nødt til at undvære, og hvad besvær og tidspilde dette medfører, behøves her ingen nærmere påvisning af." Vidare peikar oppsitjarane på at med veg vil skogen deira medverka til auka inntening, og at køyreveg også vil letta arbeidet for andre som tek fram skog i nærliggjande område.

Verre tre år seinare

Det lukkast. Arbeidet på det tre km lange veganlegget tok til hausten 1898. Med korte avbrot midtvinters 1998 og 1899 heldt arbeidet fram sommaren 1899. Då måtte arbeidet stoggast, og situasjonen var alt anna enn lys. Det stod att 590 meter av heile lengda på 2920 meter, budsjettet var overskride med kr 2260 eller vel 37 %, og oppsitjarane såg seg ikkje på nokon måte i økonomisk stand til å fullføra arbeidet. I januar 1900 skreiv dei eit nytt vegbrev, denne gongen til Nordre Bergenhus Amt og bad om hjelp. Utfallet vart at fylkestinget (amstinget) på tingseta i Florø i april, løyvde kr 948 eller 1/5 av ei kalkulert overskriding, mot at Breim kommune løyvde 1/5 og samstundes garanterte for dei resterande 3/5 av totalkostnaden.

Ingebrigt Kåle fortel

Ingebrigt Kåle etterlet seg ei over hundre siders handskriven bok med tittelen "Tankar - eit attersyn". Her står også noko om Høygardsvegen. Den samla kostnaden kom på 12 000 kroner med halvparten på grenda og resten på det offentlege, jamvel 2000 frå statskassa!
Grusinga fekk dei gjort på dugnad. Det kom folk frå heile Breim, og Ingebrigt sjølv, 11 år i 1901, møtte opp med hest og kjerre. Då vegen var ferdig fram til den fyrste garden, Dale, feira dei hendinga med stor vegfest!

kjelder:

Avisa Firda Tidend, 11.07.2001.
Beretning om Folkeskolens Virksomhed i Breims skolekommune i Bergens Stift for Aarene 1896-1900. Bergen 1901.
Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger for Aaret 1897. Bergen 1897.
Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger for Aaret 1900. Bergen 1900.
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger 1958.
Opplysningar frå:
Ivar Kollbotn, Odda.

PERMANENT IDENTIFIKATOR