Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnebilete på Ålhus - Johannes Ålhus



Søndag kveld, 4. november 1951 var det ei særleg tilskiping i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Dei avduka eit bilete av Johannes Ålhus. Han døydde 1910, berre 32 år gamal. Ålhus Ungdomslag ynskte å heidra han for innsatsen hans for nynorsk skriftmål. Biletet heng på høgre sida av scena i ungdomshuset.

Mot scena i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Minnebiletet av Johannes Ålhus heng på høgre sida.

Mot scena i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Minnebiletet av Johannes Ålhus heng på høgre sida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biletet

Biletet av Johannes Ålhus i ungdomshuset Borgja på Ålhus er eit stort portrettfotografi, 47cm breitt og 58 cm høgt. På biletet er notert "K.K. kopi". Ramma er av furulister og beisa i brunfarge. På baksida er notert med blyant "Kr. 8.-" som kan vera prisen på ramma og innrammingsarbeidet. Biletet er eitt av tre bilete opphengde heilt framme i ungdomshuset. Det heng på høgre sida av scena.

Avdukingshøgtid

"Jølster heidrar Johannes Ålhus" var overskrifta på Firda Folkeblad sitt stykke om avdukingshøgtida i ungdomshuset på Ålhus, søndag 4. november 1951. Formannen i Ålhus Ungdomslag, Anders Helgheim, leia kvelden.

Tidlegare rektor Ola Sandnes heldt avdukingstalen. Han fortalde kort om Johannes Ålhus. "Det var ein sers gåverik mann", sa han, "klår i tankane, open og beintfram i all si ferd." Etter eit år på fylkesskulen i Florø der Elias Melvær var styrar, gjekk Johannes Ålhus på lærarskule i Elverum der Olav Eftestøl var rektor. Begge stader vart han gripen av nasjonalt sjølvstende og i særleg grad nynorsk skriftmål.

Då han var ferdig på lærarskulen, reiste han heim til Jølster og vart lærar, fyrst i Veiteberg i Stardalen, seinare i heimbygda Ålhus. Jølster var ei "tjukk høgrebygd" den gongen, og alkoholbruken stor til liks med andre bygder. Ålhus kunne ikkje stå gjerandslaus. "Med eld og glod arbeidde han for fråhald og målsak , og det grodde etter han. Uppglødd som han var for Nansen, gjekk han på ski sjølv og lærde dei unge gutane det same," refererte Firda Folkeblad.

Lærar Tune las opp og eit spelemannslag spela. Formannen i Firda Mållag, Eirik Hjelmebrekke, helsa med ein kort tale, og lærar S. Sandnes takka for heideren på vegner av skyldfolka til Johannes Ålhus.

Om arbeidet hans i Målreisingssoga.

"Målreisingssoga i Sogn og Fjordane" som kom ut 1950, året før Johannes Ålhus vart heidra med minnebilete, har ein bolk med overskrifta "Rudningsmenn". Om Johannes Ålhus står mellom anna:

"Johannes Aalhus tok til med nybrotsarbeidet i Jølster med e i n gong. Han fekk folk til å kjøpa Snorre på nynorsk og arbeidde for nynorske blad: Norsk Barneblad, Fjordabladet [då Fjordenes Blad] og Firda Folkeblad. So heldt han kveldsskule, og det var ikkje so få som lærde nynorsk der. I katetret hadde han bibelsoga på nynorsk, og var det born som møddest med å lesa leksa i bibelsoga, let han dei få låna den nynorske boki. So arbeidde han truge for livstrygdelaget Andvake. I skulestyret kom han med framlegg om nynorskupplæring rett som det var."

kjelder:

Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.
Firda Folkeblad. 09.11.1951.
Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster. (..) s. 1023. 1985.
Opplysningar frå:
Knut Osvoll, Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR