Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. januar 2004

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Minnevarde ved Austerdalsbreen



Laurdag 13. august 1994 var ''heile bygda'' på Veitastrond oppe ved Austerdalsbreen for å vera til stades på avdukinga av ein minnevarde. Det var nesten på dagen hundre år etter at den kjende engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby og to andre utforska denne brearmen for fyrste gong.

Utsyn nordover Austerdalen

Utsyn nordover Austerdalen. Nærast dannar ei vid slette dalbotnen, lengst inne, under snøfonna, svingar dalen i vestleg retning. Nedste enden av Austerdalsbreen er såvidt synleg rett til venstre for snøfonna. Minnevarden står på fjellryggen der dalen svingar.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2003

Fotograf: Hermund Kleppa

Brearm

Austerdalen går nordaust-over frå Tungestølen som ligg vel fire kilometer framover frå Veitastrond. Inst er dalen ''fylt opp'' av Austerdalsbreen, ein brearm av Jostedalsbreen som er ''mata'' av tre bratte brear ned frå storbreen. Mange turistar tek turen inn Austerdalen, både for å sjå breen og å gå han. Det er ikkje å undrast over. ''.. probably the finest ice scenery in Europe ..'', skreiv den engelske fjellklatraren og brevandraren i ein artikkel om ekspedisjonen sin i 1894.

Turistmål

I dag køyrer turistar fram til Tungestølen og går derifrå inn Austerdalen til enden av breen. Fyrste delen av stien går i brattlendt terreng langs elva som her går i tronge gjel, før ein kjem fram til ei fleire kilometer lang og over ein kilometer brei slette.

I det flate terrenget går fleire tversgåande endemorenar og langsgåande sidemorenar. Fleire stader ligg enorme steinblokker som har rasa ned frå fjellsidene. I aur og grus veks dvergbjørk og vier, lyng og mose, smånøgde grassortar og nokre blomstrande småurter som til dømes tiriltunge og tettegras.

Eit stykke inne gjer dalen ein sving og stien går bratt opp ein fjellrygg som stikk fram på vestsida. På høgaste punktet er vidt utsyn, - nedover mot enden av breen med svære grushaugar i fronten, og innover brearmen mot to av brefalla opp til storbreen. Og her, på høgaste punktet på turiststien før brekanten, står ein varde med metallplate og tekst.

På plata står:

11. AUG. 1994 100 ÅR * SIDAN OPPDAGINGA AV * AUSTERDALSBREEN * .. ''the finest ice * scenery in Europe ..'' * W.C.SLINGSBY 11.08.1894

Ein nordmann og to engelskmenn dei fyrste.

På fine sommardagar tek mange - mest utlendingar - dagsturen inn frå Tungestølen. Mange snur ved minnevarden, medan andre går eit stykke til for å koma heilt inn til breen, gjerne eit par steg oppå han óg. Av og til kjem folk med spesialutstyr for å ta seg innover på breen, og opp på breplatået, - i fotefara etter dei fyrste i 1894, ein nordmann og to engelskmenn.

Austerdalsbreen hadde lege og lokka på Slingsby sidan han og Johannes Vigdal i 1881 gjekk Tunsbergdalbreen, den parallelt gåande brearmen i nabodalføret i aust, og sidan han i 1889 hadde gjort eit mislukka forsøk på å koma ned breen på ein tur frå Stardalen på nordsida. Denne ''kvite flekken'' på kartet, dette ''terra incognita'' av Jostedalsbreen, hadde lege og lokka heile tida etterpå.

Under eit besøk i Fjærland sommaren 1894, la han ut på ein 4 dagars ekspedisjon saman med nevøen Cyril Todd og Mikkel Mundal. (Samstundes starta bergensaren Kristian Bing frå nordsida mot Austerdalsbreen, utan at dei visste om kvarandre). Fyrste dagen, 10. august, gjekk dei til Nystølen, som ligg like ved Tungestølen. Dagen etter starta dei grytidleg, kl. 03.55, var framme ved snuten av isbreen kl. 05.15., og ved fjellpartiet dei skulle opp kl. 07.45.

''All was not joy here'', skriv Slingsby i artikkelen sin om turen i Den norske turistforening si årbok for 1895. Dei måtte ta seg i akt for svære lause steinar og forsera loddrette fjellvegger. Slingsby rosar Mikkel Mundal, både blikket hans for å velja rette alternativa og dugleiken hans i å ta seg fram i vanskelege parti. Dei nådde toppen kl.10.45.

Bjørnespor?

Til deira store overrasking kom dei på ein varde, oppmurd av kvartshaldige steinar, og, ferske fotspor attmed. ''Bjørnespor'', sa Mundal og Slingsby i munnen på kvarandre. ''Uvanleg likt fár etter menneske,'' meinte ungdommen Todd. ''Men ingen mann har sett sin fot her!'' slo seniorane fast.

Men det hadde det! Dei følgde spora 4-500 meter bort til ei hole. Ved eit merkeleg slumpetreff hadde Bing og Daniel Søgnesand på sin tur frå Lundedal, kome fram til den einaste plassen det er råd å ta seg ned Austerdalsbreen, bygd ein varde der, og fare attende berre nokre timar før Slingsby-ekspedisjonen nådde opp. Dei møttest tre dagar seinare i Fjærland.

Ny rute over breen

Slingsby, Todd og Mundal strevde hardt somme stader i det bratte fjellpartiet midt i Austerdalsbreen opp mot storbreen. To år seinare, i 1896, vart det lettare å ta seg fram her etter at folk hadde vore framme og sprengt ut fotfeste i dei vanskelegaste partia. Dermed var ei ny rute over breen opna, frå Olden i Nordfjord til Veitastrond i Sogn. Ein rekna den gongen at turen tok 12-14 timar.
På Veitastrondi var det høve til å overnatta hjå lærar Skagen eller gardbrukar Kristoffer Næs, på Olden-sida hjå Anders Brigsdal.

kjelder:

Slingsby, William, Cecil: Unknown corners of the Jostedalsbræ. I Den norske Turistforenings Aarbog. 1895.
Den norske Turistforenings Aarbog. 1897. Kristiania
Sogn Avis. 28.06.1994. Leikanger.