Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Æresminne i Bergen - Oberstløytnant Oscar Lunde



Oberstløytnant Oscar Lunde (1847-1926) vart betre kjend som pioner for turnsporten enn som militærmann. Bergens Turnforening heidra han med eit vakkert bronserelieff for innsatsen hans. I Vik vart Oscar Lunde lenge hugsa som pioner i Vik idrettslag og som ein stor ven av gamleheimen. Han vart gravlagt på kyrkjegarden ved Hopperstad kyrkje.

Gamleheimen i Vik kring 1920. Aldersheimen i dag ligg på same staden.

Gamleheimen i Vik kring 1920. Aldersheimen i dag ligg på same staden.

Eigar: Nils H. Hove

Datering: 1920-1922

Fotograf: Skarpmoen

I den nye Turnhallen

Oscar Lunde-relieffet har sin plass i inngangspartiet på Bergen Turnforening si nye turnhall på Slettebakken. Relieffet er 90 x 68 cm og utført i støypt bronse. Det er laga av bilethoggaren Ambrosia Tønnesen (1859-1948).

Oscar Lunde var trenar i Bergen Turnforening i 25 år, frå 1887 til 1907. Relieffet vart sett opp i 1914 og var ei gåve frå Chr. Campbell Andersen. Det fekk sin plass i storsalen i Turnhallen som låg i Sigurdsgate. Då den gamle Turnhallen blei seld i 1985, blei relieffet flytta over i den nye Turnhallen på Slettebakken der det fekk sin plass i inngangspartiet.

Til Vik

Oscar Lunde var knytta til Vik på fleire måtar:
1. Ved ekteskap. Han vart gift med Euhemia Tillisch, dotter til kaptein Tillisch som budde i Vik.
2. Ved yrket. Han var i heile sitt militære yrkesliv knytta til Sogns Bataljon som hadde øvingsstad på Viksmoen, i Vik.
3. Som pensjonist. Han flytte frå Bergen til Vik då han blei pensjonist i 1907. I Vik budde han på garden deira Lillevangen til han døydde i 1926. Heile tida var han aktivt med i samfunnslivet, først og fremst i idrettslivet og i frivilleg arbeid ved gamleheimen.

Gravferda

Oscar Lunde døydde i Vik 1. april 1926. Han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Hopperstad kyrkje 8. april under "usedvanlig stor deltagelse." Avisa Sogningen, som kom ut i Vik, hadde nekrolog (sjå nedanfor) og omtale av gravferda.

Han vart gravlagd frå heimen. "Maatte vi alle kunne si, naar vi stod paa dødens terskel, at vi hadde levet et nyttigt liv, slik som oberstløytnant Lunde;" sa sokneprest Liljedahl mellom anna i sørgjetalen sin.

Formannen i Bergens Turnforening, kjøpmann Chr. K. Heiberg la ned krans frå Bergens Turnforening og Norges Turnforbund og minna om Lunde sin store innsats for turnsaka. Kjøpmann Heiberg la og ned krans frå Bergens Kathedralskule. Frå Vik la heradsagronom Haukanes ned krans frå "Vik turn- og idrætslag og lova "at saalænge der fandtes ungdom i Norge, skulde Lundes navn mindes i ærbødighed og beundring."

Gardbrukar Ole R. Hoprekstad la ned krans frå Vik gamleheim. Oberstløytnanten hadde vore som ein far for dei gamle, sa han. Ordførar Svein Aase helsa frå Vik kommune med ein vakker krans, og redaktør Knoff i Sogningen la ned kransar og helsa frå Høgre i Sogn og Fjordane og avisa Sogningen.

Med militærmusikken i spissen gjekk gravferdsfølgjet til kyrkjegarden. Etter jordfestinga heldt presten Leganger ein gripande minnetale. Mellom anna sa han:
"Vi vilde alle være i samklang med ham, dersom vi lovet hverandre at la kjærligheten faa en bredere plass i vore hjerter, ti det var det gode og rummelige hjertelag som altid præget avdøde." Til slutt takka arkitekt Lunde alle som var med for deltakinga.

Vers av Olav Sæbøe

Olav Sæbø skreiv ein farvelsong på fire vers. Siste verset går slik:

No er du burte, - stilt du for
og sa ditt vælfar her.
I livsens aand, i gledekor,
du ævleg leva fær. -
Men me som lever etter, me
som ved di baara stod:
me helsar deg med takk - og bed:
Gud signe deg! Kvil i ro og fred!
du hovding stor og god!

Nekrolog i Sogningen

"(..) Obersløitnant Gulbrand Oscar Johan Lunde var født i Oslo 14. mars 1847. Han blev officer 1871, kaptein i 1889 og utnævntes i 1907 til oberstløitnant og chef for N. Bergenhus landevernsbataljon. I 1915 blev han tildelt Kongens fortjenstmedalje i guld.

Det væsentlige av Lundes virke faldt i Bergen hvor han har nedlagt sig uvisnelig hæder for turnsaken. Han var ogsaa en lang aarrække gymnastikklærer ved Katedralskolen og ved Hambros skole og drev ved siden av et meget anset gymnastikinstitut for ældre herrer.

Gjennem sit giftermaal med Euhemia Tillisch, datter av kaptein Tillisch, kom Lunde til at tilbringe sine sommerferier i Vik, hvortil han ogsaa flyttet, da han trak sig tilbake fra sin virksomhet som gymnastiklærer i Bergen.

Med sin virkelyst og uopslitelige energi tok Lunde straks fat paa flere opgaver i sit nye bosted. I flere aar har han været formand for høires organisation i fylket og høireforeningen i Vik. Han har ogsaa nedlagt værdifuldt og opofrende arbeide for Gamlehjemmet i Vik. Helt fra 1916 til i fjor var han forretningsfører i "Sogningen".

Det er umuligt andet end at bli glad i oberstløitnant Lunde. Han hadde et hjertelig og charmerende væsen som erobret alle der hadde den glæde at træffe ham. Med sit høisindede og chevalerske væsen repræsenterte han en karakter som vor tids koldhjertede materialisme desværre sjelden formaar at fostre.

Oberstløitnant Lunde efterlater sig 2 barn: arkitekt Sigurd Lunde, Bergen, og fru sogneprest Anna Leganger."

kjelder:

Sogningen. 14.04, 21.04, 28.04, mars 1947
Bok om historia til Bergens Turnforening. 2007.
Vik idrettslag 1905-1992 1992

PERMANENT IDENTIFIKATOR