Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. desember 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vasstandsmerke i Solund



Langs heile norskekysten vart det på 1800-talet hogd inn i fjellet ein god del såkalla vasstandsmerke. I dag veit me om 123 slike merke. To av dei er å finne i Solund.

Vasstandsmerket i Nåra hamn er hogd inn i berghammaren på vestsida av Nårasundet, t. h. i biletet. Langtfrå alle plassar var det så ideelt å hogge inn merke som her. På fjære sjø kunne dei stå på "en flad Helle besat med Blæretang."

Vasstandsmerket i Nåra hamn er hogd inn i berghammaren på vestsida av Nårasundet, t. h. i biletet. Langtfrå alle plassar var det så ideelt å hogge inn merke som her. På fjære sjø kunne dei stå på "en flad Helle besat med Blæretang."

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Plassering og utforming

Vasstandsmerka er gjerne plasserte i eller nær uthamnene. Dei vart meisla inn i ein mest muleg loddrett fjellvegg i høgd med vassflata. Helst burde fjellveggen ligge på ein lun stad med smul sjø. Dette av di innmeislinga i fjellet kunne utførast utan for store vanskar, men òg fordi høgda av høgvatn og lågvatn skulle kunne målast i livd for havbårer.
I fjellet vart hogd inn ei vassrett grop som var kring ein meter lang og 3-5 cm djup og brei. Ved fleire av merka vart også årstalet for plasseringa innmeisla. Nokre få stader utgjer merket berre ein jernbolt.

Føremålet med merka

Meininga var at avstanden mellom merket og rur- eller tangranda, eller middelvasstand, skulle målast frå tid til anna i framtida. Dermed fekk ein stadfest om det var tilfelle slik kystfolk hevda: at "havet drog seg attende", eller at "landet steig opp or havet". Med andre ord om det går føre seg ei vertikal forskyving mellom land og sjø. Ynsket om avklaring kom frå to hald. Hamnemyndigheitene ville vite om det var fare for oppgrunning i hamner og farleier, og det norske forskarmiljøet ville delta i diskusjonen. Etter kvart vart det akseptert at ei viss landheving fann stad også i Noreg, men at denne varierte langs kysten.

"Vandstandsmærket i Noren Havn"

I juli 1889 seig "Fyrvæsenets Dampskib" "Blink" inn på Nåra hamn og ankra opp. På vestsida av sundet fann dei høveleg stad for plassering av "Vandstandsmærket, der er en vandret i Fjeldet indhugget Streg, 0,9 meter lang 5 cm dyb og 5 cm bred i Yderkanten, andbragt 59 cm lodret over Tangranden". Midt over merket er innhogd ein kross "hvis Arme ere 23 cm lange". I tangranda er innmeisla ei 30 cm lang fure. Presis forklaring gjer det lett å finne att merket. Protokollen er sirleg ført med vakker handskrift og underteikna 18. juli 1889 av premierløytnant i marinen E. Hagerup.

"Vandstandsmærket ved Olderkalven"

Merket ved Oddekalven vart "anbragt" 4. juli 1891. Det er framleis fyrskipet "Blink" med premierløytnant Hagerup som står for arbeidet. "Vandstandsmærket er andbragt paa Fribergholmens østlige Kant ved Midten af det smale Sund mellom denne og Skarveklubben, paa hvilken fyrlampen er andbragt." Her var inga loddrett flate, så merket står på "et skraat heldende Fjeldplan". Merket her "i Klippen indhugget en vandret Stribe" er 78 cm langt. Avstanden ned til randa av rur er nøye oppgjeven, likeins korleis målinga er utført, med "Maalestok og Vaterpas". Rurranda er "ret horizontal med lidt løse Blæretangdotter ovenfor og Blæretang nedenfor".

Overvaking av endringar i rur- og tangbeltet

Dei første 28 merka vart hogde inn i 1839. Initiativtakar var visstnok fysiograf, professor Keilhau, medan Havne og Fyr-Inspecteur Schive stod for administrasjon og praktisk gjennomføring. Kontrollmåling kan opplyse om høgdevariasjon, men samtidig gje innsikt i korleis utskiftinga av rur og tang skjer over tid. Derfor har Statens Kartverk samarbeidt med Marinebiologisk institutt i Bergen om kontrollmålingane. I ein 10-årsperiode skulle innmåling og omfotografering føretakast årleg. Lokalbefolkninga lyt stille opp og utføre det praktiske. Statens Kartverk er stadig på utkikk etter vasstandsmerke som ikkje er attfunne. Dei meiner at iallfall ein del slike merke kan vere innhogde samtidig med oppsetjing av sjømerke, og dermed i nærleiken av desse.

kjelder:

Bakkelid, Sivert: Gamle vannstandsmerker langs kysten av Norge.Geodevisjonen, Statens Kartverk, nr. 1990 : 2.
Div. korrespondanse Solund Kulturkontor - Statens Kartverk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR