Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnebilete i Haukedalen - Lærar Sigurd Nesse



Lærar og forfattar Sigurd Nesse kom i 1874 som nyutdanna lærar til Haukedalen. Han var der i tre år. Då han fire år seinare reiste frå bygda, hadde den unge læraren vunne seg eit namn. Han hadde stått i fremste rekkja i ei vekkjing og gjort opptaket til å skipa misjonsforeining. I 1957 vart han heidra med minnebilete. Det heng i Forsamlingshuset i Haukedalen.

Forsamlingshuset (bedehuset) i Haukedalen, bygt 1912/1913. I 1957 vart det hengt opp eit bilete av lærar Sigurd Nesse. Han var lærar i bygda i åra 1873-1877.

Forsamlingshuset (bedehuset) i Haukedalen, bygt 1912/1913. I 1957 vart det hengt opp eit bilete av lærar Sigurd Nesse. Han var lærar i bygda i åra 1873-1877.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Sigurd Nesse

Sigurd Nesse (1852-1955), forfattar og lærar, var son til bonde Gunnar Nesse og Ingebjørg Olsdotter på garden Nesse i Kvamsøy sokn, då Vik kommune. Han gjekk først lærarskulen i Balestrand, deretter lærarskulen på Stord 1870-1872. Han var lærar i Haukedalen 1873-1877, deretter fleire stader, mellom anna i Vik i Sogn i fem år, i Sogndal i Sogn og til sist på Eidsvoll 1893-1923.

Sigurd Nesse var mykje med i målreisingsarbeid og ungdomsarbeid. Som forfattar skreiv han dikt, spelstykke og forteljingar.

Misjonsforeining

I 1877 skipa dei si eiga misjonsforeining i Haukedalen. Bygda hadde tidlegare høyrt til Førde misjonsforeining. Lærar Sigurd Nesse stod bak. Han skaffa tilvegar ein protokoll og noterte sjølv den første innførsla:

"paa grund af Dalens afsides Beliggenhed kunde Befolkningen her, især efter Vækkelsen i AAret 1874 og følgende Aar, ikke blive tilfredstillet ved den liden Missionsvirksomhed, som ved Bestyrelsens Medlemmer i Førde, fandt sted her."

Det første styret bestod av tre medlemmer, Sigurd Næsse (formann), Rognald N. Gjerland (sekretær) og Andreas O. Aarskau (kasserar).

"Komme dit Rige!"

Næsse noterte eit ynskje på første sida i foreiningsprotokollen:
"Maatte Kjærlighed, der i Aand og Sandhed kan bede sit: "Komme dit Rige!" altid være raadende i Haukedalen og den nye Missionsforening fuld af Aand og Liv bliver bestaaende gjennem alle kommende Slægter, hvor til Gud ved sit hellige Sandheds Ord vil forhjelpe den for Jesus hans Søns Skyld. Amen".

Bønhøyrd

Nesse si bøn i 1877 om at misjonsforeininga måtte "bestaa gjennem alle kommende Slægter" har i alle høve vorte oppfylt til 2008, når denne artikkelen vert skriven. Det Norske Misjonselskap si foreining i Haukedalen har i 2008 vore aktiv i 131 år. Foreininga har tre foreiningsprotokollar, den eine brukt i åra 1877-1922, den andre i åra 1975-2003, og den tredje frå 2003. Foreiningsarkivet viser både at foreininga har vore aktiv sidan starten i 1877 og at minnet om Sigurd Nesse framleis er levande.

Hundreårsfest

Palmesøndag 3. april 1977 høgtida Haukedalen misjonsforeining 100-årsjubileum. I foreiningsprotokollen står det over fire sider om jubileumsfesten. Stykket opnar med ord om Sigurd Nesse:

"Haukedalen sokn har gjenom åra hatt fleire dugande lærarar som har sett djupe spor etter seg i folkelivet i bygda. Ein av desse var Sigurd Nesse, ein velutrusta, kunnskapsrik og markant personlegdom, med evne til å fengje og føre ut i livet idear og saker han brann for."

"Fleire byggjande tiltak fekk han i gang. Noko av det første var songkoret, og ikkje lenge etter misjonsforeininga."

I prolog

Solveig Grøneng skreiv prolog til jubileet. Sigurd Nesse er med i fire vers:

Vi har alle høyrt om Nesse, han
lærar her var, han med til dalen
kristentru og vårliv bar.

Så rik ei tid her då fylgde, det vakna
opp ei vekkingsbylgje.
Folk kom til liv i Gud,
og med mangt og mykje dei då laut snu.

Han Nesse førar for flokken var, og møte
i stovene dei ofte ha.
dei song og dei tala om den frelsar dei fann.
Dei var kveikt utav Heilag and.

(..)
Nesse fekk dalen og folket kjær
det har vi fleire døme på her:
Med dei her han på bylglengde vart
her i sin fyrste arbeidsmark.

Minnebilete i 1957

At lærar Sigurd Nesse hadde ein stor plass hjå bygdefolket i Haukedalen, er minnebiletet av han i Forsamlingshuset eit vitnemål om. Det vart avduka på ein fest i Forsamlingshuset jonsokdagen 1957. Avisa Firda hadde eit langt stykke om høgtida.

Konrad Gjerland opna festen og lærar Grøneng las diktet Min vårdal av Sigurd Nesse. Det er eit dikt tileigna Haukedalen. Ordførar Bengt Flaten heldt avdukingstale. Han viste til stjernehimmelen. Det er ikkje alle stjernene som lyser like klårt, såleis også med menneska. Somme lyser klårare enn andre. Sigurd Nesse gjorde det.

"Flaten teikna eit fint bilete av Nesse som lærar, oppsedar og vegbrøytar. Nesse arbeidde mykje med å lyfta folket i dalen både kulturelt og åndeleg. Nesse var første læraren med lærarskuleutdanning i Haukedalen og var ein mann med lysande intelligens. Han hadde stor interesse for songen og dreiv dei åra han var i dalen som songinstruktør. Han var ein avgjort [bestemt] mann som gjekk sin veg utan å slå av på krava som var rettvise. Han arbeidde mykje med å få drykken bort frå dalen, og det lukkast for han i stor mon."

Minnebiletet var dekka av flagget. Flaten slutta talen sin med orda: "So let vi flagget falla."

Elles var det fleire talar. Johan Frøysland d.e. fortalde om Nesse sitt arbeid mellom dei unge. Lærar Josef Gjerland tala om Nesse som folkevekkjar og oppsedar av stort format. Alfred Gjerland bar fram minne om Nesse. Og Olai Grøneng fortalde at han hadde skrive til Nesse og bede om å få eit bilete av han. Nesse vart ein gammal mann. Grøneng fortalde at han hadde sendt telegram til han både på 95- og 100 årsdagen.

Til slutt vart biletet overlevert av Asbjørn Gjerland til Haukedalen "samlingshus". Formannen for huset, lærar Grøneng tok i mot og takka for gåva.

kjelder:

Firda. 28.06.1957
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-89223 Haukedalen misjonsforening

PERMANENT IDENTIFIKATOR