Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. januar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Namn i berg på Norevikane - eit minne frå krigen



På eit svaberg i Norevikane i Høyanger står namnet Magnar Hellem innhogge. Torfinn Fimreite har gått og sett på namnet i mange år - og lurt på kva som gøymer seg bak namnetrekket. Hausten 2006 greidde han å spora opp Magnar Hellem - på Austlandet. Ei tid etter fekk Fimreite heile historia og fleire bilete. (Artikkelen stod fyrst i Ytre Sogn i januar 2007).

Namnet til Magnar Hellem er framleis godt synleg på svaberget på Norevikane. Han meisla det inn våren 1945.

Namnet til Magnar Hellem er framleis godt synleg på svaberget på Norevikane. Han meisla det inn våren 1945.

Eigar: Torfinn Fimreite

Datering: Ukjend.

Fotograf: Torfinn Fimreite.

Eg vart gledeleg overraska over at namnet mitt framleis er synleg på svaberget. Det vart hogge inn våren 1945. Eg trudde det for lengst var grodd til med mose og lav. Det er snart 50 år sidan eg sist såg der, og då måtte eg leite lenge før eg fann det.

På kommunal vedhogst

Historia bak dette er at det siste krigsvinteren i 1945 var på tale å tvangssende oss ungdommane i Høyanger som ikkje gjekk på skule, eller hadde fast arbeid, til gruvedrift for tyskarane. Blant anna var molybdengruvene i Knaben i Vest-Agder nemnt. For å unngå dette sette kommunen i gang vedhogst på Norevikane. Eg var ein av dei 10-12 ungdommane i alderen 17-19 år som var med. Sjølv fylte eg 18 år den våren. Vi budde i storhuset på Fagernes frå januar til ut april. Arbeidsleiar var Bjarne Østerbø, medan Solaas var kokk. Hogsten føregjekk i bratte lia i dalen innanfor Vollen. Ved til eige bruk hogg vi i urane mellom ferieheimen og Vollen. Det var ikkje bygd veg den gongen, så vi tok oss fram på den gamle stien.

Hardt og uvant arbeid

Det var uvant og hardt arbeid, men vi lærte fort. Verre var det at det var dårleg med skotøy og klede, så vi var ofte våte og frosne der vi gjekk og vassa i djupsnøen. Men det vart då nokre famnar av det. For å få veden ned i dalen måtte den kastast ned gjennom lia, og førast på løypestreng det siste stykket.

Krig på sørsida

Det var forbode å ha radio i den tida, men vi prøvde så godt vi kunne å følgje med på krigshandlingane ute i verda. Men krig var det også på andre sida av Sognefjorden. Frå hogstfeltet oppe i lia kunne vi følgje med på trefningane mellom mil.org.-gruppa Bjørn West og tyskarane på sørsida. Vi høyrde mitraljøsene knitre i fjella over Sørevikane, og vi følgde med dei allierte sine observasjonsfly som stadig sirkla over området.

- og på sjøen

Elles høyrde vi ofte tunge drønn frå bombinga av båtar som gjekk langs kysten, mellom Bergen og Florø. Ein luftkamp mellom eit tysk og eit engelsk jagarfly fekk vi også med oss. Den gangen var det tyskaren som gjekk i bakken, men det var utanfor vårt synsfelt. Om morgonen i grålysninga kom det ofte konvoiar med lastebåtar inn Sognefjorden, og desse la seg til i Vadheim- eller Bjordalsfjorden. I halvmørket om kvelden drog dei vidare ut mot kysten att.

Dans i storsalen

Vi hadde eit godt forhold til bygdefolket på Norevikane. Laurdags- og ofte også søndagskveldane kom det ungdommar frå strendene frå Avsnes til Ytre Torvund på besøk, anten med robåt eller gåande langs stien. Då vart det dans i storsalen. Musikken kom frå sveivegrammofonen, men det hende også at det dukka opp nokon med eit trekkspell. Ja, innimellom kom det også gode venner heilt frå Høyanger som ville vere med på moroa.

På den tida var det ulovleg å ha slike tilstellingar, og dette vart kjend for nazistane i Høyanger som reagerte mot fagforeininga som eigde ferieheimen. Dei forlanga omgåande slutt på dei, og formannen "gamle" Janson kom ut ei helg for å varsle om det. Men ungdommane kom som vanleg også denne laurdagen, og dans vart det. Janson vart sjølv med på festen, og sat ved peisen og smatta på pipa og kosa seg.

Lite å gjera om søndagane

Søndagane var det arbeidsfri og lite å ta seg til. Det hende vi tok ei helg i Høyanger, men det var plundrete å komme seg fram og tilbake. Rutebåten var aldri i rute og mjølkebåten gjekk ikkje kvar dag. Det hende vi gjekk til Avsnes og fekk skyss over Vadheimsfjorden, og så var det å håpe at det kom ein buss eller vi fekk haik frå Klævold.

Meisla namnet i vårsola

Sjølv var eg mykje ute hos bestefar på Vollen, der også tante Maria som elles budde i Bergen var denne krigsvinteren. Men det var vel for å få søndagen til å gå at eg låg langflat på svaberget i vårsola med meisel og hammar og hogg inn namnet mitt. Det var berre synd eg ikkje fekk med årstalet 1945 også. Det var forresten ein eller to til som låg bortpå berga og gjorde det same. Så dei som leitar godt finn kanskje fleire namn.

Stort sett bra

Ja, vi hadde mange opplevingar på godt og vondt i dei siste krigsmånadene, men stort sett hadde vi det bra der ute på Norevikane. Særleg rike vart vi ikkje, men vi hadde då til maten og litt lommepengar i tillegg. Men best av alt var nok at vi slapp å bli sende til gruvedrift for tyskarane.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR