Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 09. november 2018

Sist oppdatert 05. desember 2018

Kategori

Minnesmerke i Bergen over norske sjøfolk som omkom i 1. verdskrigen



Om lag 2000 norske sjøfolk omkom under 1. verdskrigen 1914-1918 som fylgje av torpedering, minesprenging, eller sabotasjehandlingar. Fleire var frå Sogn og Fjordane. Bergen har eit æresminne, ei bronsetavle innsett i festningsmuren mot Vågen, gjeve til landet og Bergen av The Norwegian Club i London. Minnesmerket blei avduka søndag 2. oktober 1921.

Det engelske minnesmerket over krigsforliste norske sjøfolk i Bergen. Minnetavla, støypt bronse, 83 cm x 123, har øverst årstala 1914 og 1918 plassert i eit felt av element i drakestil. Feltet går ut frå The Norwegian Club sitt merke der namnet på klubben står over to mannsfigurar ved ein trestamme, St. George, (til venstre) og St. Olaf (Olav den heilage), og klubben sitt motto Ja,vi elsker dette landet, står under. Minnesmerket er signert Harold J. Youngman.

Det engelske minnesmerket over krigsforliste norske sjøfolk i Bergen. Minnetavla, støypt bronse, 83 cm x 123, har øverst årstala 1914 og 1918 plassert i eit felt av element i drakestil. Feltet går ut frå The Norwegian Club sitt merke der namnet på klubben står over to mannsfigurar ved ein trestamme, St. George, (til venstre) og St. Olaf (Olav den heilage), og klubben sitt motto Ja,vi elsker dette landet, står under. Minnesmerket er signert Harold J. Youngman.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

«norske sjøfolk»

Det engelske minnesmerket over krigsforliste norske sjøfolk 1914-1918 i Bergen er ei støypt bronsetavle på 83 cm x 123 cm, signert Harold J. Youngman. Minnesmerket har plass i festningsmuren mot Vågen. Innskrifta har ein engelsk versjon og ein norsk versjon.

1914 [-] 1918

TO HONOUR THE MEMORY OF THAT GREAT COMPANY OF TRUE NORSEMEN [nordmenn] WHO THOUGH AT PEACE WITH ALL MEN DARED TO DEFY THE PERILS & HORRORS OF WAR AND RIGHTFUL SERVICE ENDURED FEARLESSLY TO THE END, THIS MONUMENT IS SET UP BY THEIR FRIENDS AND ADMIRERES IN GREAT BRITAN.

TIL ET ÆRESMINDE FOR HIN STORE SKARE AV GJÆVE NORSKE SJØFOLK, DER SKJØNT FREDENS MÆND, MODIG TRODSET KRIGENS GRU OG FARER OG I PLIGTTRO DAAD HOLDT TROLIG FAST TIL DØDEN, ER DENNE TAVLE OPSAT AV VENNER OG BEUNDRERE I STORBRITANNIEN.

«adskillige tusen tilskuere»

Æresminnet blei avduka søndag 2. oktober 1921. Bergens Tidende hadde reportasje frå hendinga dagen etter. Mange var tilstades på Festningskaien denne dagen: The Norwegian Club, London, ved den vidgjetne fjellklatraren og norgesvenen Mr. William Cecil Slingsby, Bergen kommune ved varaordførar Moe Nielssen, Bergens Skipperforening ved kaptein Utne, «forskjellige sjøfartskorporationer under sine faner», «en række autoriteter», «divisjonsmusikken», og «adskillige tusen tilskuere».
Minnetavla var dekka av eit engelsk flagg, flankert av norske flagg med syrgjeflor, og elles pynta med kransar av furu og lyng.

«Det hersket en andagtsfull taushet da divisjonsmusikken præcis klokken et [13.00] intonerte en pompøs marsj», før varaordførar Moe Nielssen «traadte frem paa den for anledningen reiste tribune» og introduserte ein av visepresidentane i The Norwegian Club, Mr. Slingsby som heldt avdukingstalen. Heile talen til Mr. Slingsby, då 72 år gammal, står attgjeven på norsk i reportasjen.

Mr. Slingsby heldt mellom anna fram at The Norwegian Club, med medlemmer frå England, Skottland, Irland og «enkelte nordmænd», ynskte å gjera noko for å visa sympati med Norge i høve dei store tapa landet hadde lidd til sjøs både av menn og skip. Difor tenkte klubben å reisa ein bautastein eller ei tavle til minne om dei mange krigsforliste norske sjøfolk. Det var ikkje heit liketil å velja stad for minnesmerket, men klubben hadde mange gode grunnar for å velja Bergen, som med ein gong «gav et meget imøtekommende svar om at byen gjerne vilde ta imot gaven og vilde finne et passende sted den kunde opsættes.»

Vidare rosa Mr. Slingsby nasjonen Norge for sjøfart og sjømannsskap heilt frå «vikingtiden». Den engelske nasjonen hadde drege lærdom av dette. Han hadde lovord om hopehavet mellom England og Norge og uttrykte håp om at «vennskap og forstaaelse» mellom dei to nasjonane måtte vara ved alltid.

Til slutt takka talaren Bergen kommune, arkitekt Georg Greve, og andre for hjelp og interesse med å få reist minnesmerket.

«Med disse ord har jeg den ære på vegne av The Norwegian Club at avsløre denne mindetavle over krigsforliste norske sjømænd og overlevere den til Bergens ærede kommune idet jeg ber (…) alle om at blotte hoderne.» 

«minde os om vore sjøfolk»

Etter at flagg og faner var senka med påfølgjande stillhet, mottok varaordførar Moe Nielssen minnesmerket på vegne av Bergen kommune. Han ga uttrykk for alle si takksemd over den æra som «i dag var vist vor sjømannsstand, vort land og vor by.» Vidare sa Herr Moe Nielssen:

«…det var saameget større grund til at glæde sig over denne hædersbevisning som den kom fra et land som selv hadde lidt saa store tap paa sjøen. Det skal derfor ikke bare minde os om vore sjøfolk, men ogsaa om den høistærede engelske nation. La denne mindetavle være gravskriften over de mange norske sjøfolk som fandt en navnløs grav.»

Ein av dei «mange» - Lars B. Lyngnæs

Klokka 00.30, laurdag 19. mars 1917, blei Bergenske Dampskibsselskab (BDS) sitt lasteskip DS «Pollux» utan varsel torpedert av ein tysk ubåt. Skipet var på veg frå Newcastle til Bergen. Åtte av mannskapet omkom. Ein av dei var 2. styrmann Lars B. Lyngnæs frå «Sogn» 1). Lars Lyngnæs var fødd 19. januar 1887 på garden Sande i dåverande Lavik prestegjeld, Kyrkjebø sokn. Foreldra var jekteførar Berge Larsen, fødd 1846, og Martha Eriksdotter, fødd 1854. Lars blei konfirmert 22. september 1901. Familien budde då på Lyngnes under garden Rise i Gulen. I BDS si jubileumsbok 1951 står Lyngnæs oppførd med førenamnet Carl.

Bergens Skipperforening

Skipsførar Utne representerte Bergens Skipperforening ved avdukinga av det engelske minnesmerket på Festningskaien i Bergen, 2. oktober 1921. Utne la ned krans ved minnesmerket. Bergens Skipperforening hadde på førehand annonse i bergens-avisene. Etterletne etter omkomne skipsførarar kunne venda seg til foreningen sitt styre i Smaastrandgt. 8. for å få «adgangstegn» til avdukinga. («adgangstegn» kan kanskje tyda på at det var ordna med eit avgrensa område nær minnesmerket). Skipsførar Amund Utne (1874-1957) var i mange år formann i Bergens Skipperforening.

Sjøfolka sin innsats

Norge var nøytralt under Første verdskrigen, 1914-1918, og slapp dermed krigshandlingar på norsk jord. Derimot gjekk krigen hardt ut over den norske handelsflåten i utanriks fart. Om lag halvparten av skipa blei senka og rundt 2000 sjøfolk omkom 2). Det nøyaktige talet er uvisst. På minnesteinen ved den norske sjømannskyrkja i London står 2101 «sjømenn». Minnehallen i Stavern har namn på 1850 omkomne sjøfolk.

Historikaren Chr. A. R. Christensen skriv fylgjande i Vårt folks historie (1961) om dei norske sjøfolka i utanriksflåten under 1. verdskrigen:

"....sjøfolkene var den gruppe nordmenn som uten sammenligning kom krigens blodige virkelighet nærmest inn på livet og måtte bringe de tyngste ofre. I mangen periode og mangen fart bar de en risiko for liv og lemmer på linje med et krigførende lands borgere. Men de gikk ut, igjen og igjen, enkelte etter å ha vært med på både fem og seks krigsforlis. Stadig levde de under det nervepress: å vente på detonasjonen av en mine eller en torpedo, på i neste øyeblikk å ligge og svømme på utkikk etter en flåte eller en lukekarm de kunne klamre seg til, med den utsikt kanskje å tilbringe isnende døgn i en åpen livbåt i Nordsjøen midtvinters."

kjelder:

Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi. BDS, 1951


Bergens Tidende 03.10.1921


Bergens Tidende 26.03.1917


Bergens Tidende 30.09.1921


Bergen byarkiv: E-post, 22.10.2018


Norsk Maritimt Museum: Den norske handelsflåten under første verdenskrig (1914-18)


Om  DS «C.Sundt» på skipshistorie.net