Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minneplate i Vereidskyrkja - om Abraham Vereide



Abraham Vereide frå Gloppen (1887-1969), reiste til Amerika våren 1905. Han vart "utvandraren frå Noreg som samla leiarar i Amerika og i andre land til frukost med bibel og bøn." Sommaren 1976 vart det hengt opp ei minneplate om han i kyrkja på Vereide.

Minneplata om Abraham Vereide i kyrkja på Vereide. Vener og medarbeidarar hadde med plata frå Amerika under eit besøk i 1976. Messingplata, 22 x 13 cm, er montert på ei treplate, 30 x 20 cm. Det står: ABRAHAM VEREIDE * DEVOTED SERVANT * OF JESUS CHRIST * INSPIRED WORLD WIDE * A LEADERSHIP LED BY GOD * BORN VEREIDE 1886 - DIED WASHINGTON 1969<br />
Oversetjing: Abraham Vereide - ein trufast Jesu Kristi tenar -  inspirerte ut over i heile verda - eit leiarskap leia av Gud. Fødd på Vereide 1886 - døydde i Washington 1969

Minneplata om Abraham Vereide i kyrkja på Vereide. Vener og medarbeidarar hadde med plata frå Amerika under eit besøk i 1976. Messingplata, 22 x 13 cm, er montert på ei treplate, 30 x 20 cm. Det står: ABRAHAM VEREIDE * DEVOTED SERVANT * OF JESUS CHRIST * INSPIRED WORLD WIDE * A LEADERSHIP LED BY GOD * BORN VEREIDE 1886 - DIED WASHINGTON 1969
Oversetjing: Abraham Vereide - ein trufast Jesu Kristi tenar - inspirerte ut over i heile verda - eit leiarskap leia av Gud. Fødd på Vereide 1886 - døydde i Washington 1969

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2002.

Fotograf: Arne Eikenes.

Minneplate i sakristi

I dåpssakristiet i Vereidskyrkja heng ei minneplate om norsk-amerikanaren Abraham Vereide. Ho vart plassert der i 1976, og det var nære medarbeidarar til Vereide i Amerika på besøk i Norge i 1976 som ynskte å heidra minnet hans på denne måten. Under overrekkinga i samband med ei høgmesse fortalde dei om arbeidet hans.

Bønefrukostrørsle

Ein torsdagsmorgon i april 1935, kl. 07.45, samlast nitten leiande menn i politikk og næringsliv i Seattle til frukost og samtale. Abraham Vereide heldt fram det som var hans grunnleggjande prinsipp: A leadership led by God, Christian responsibility in public affairs. (Eit leiarskap leia av Gud, og kristent ansvar for heile samfunnslivet). Dette møtet i Seattle var byrjinga på det som kulle verta ei rørsle mellom leiande menn i USA og etter kvart også i andre land. "Prayer breakfast" vart snart eit kjent omgrep mellom leiarar i mange byar.

Den fyrste National prayer breakfast halden på Mayflower Hotel, Washington, 5. februar 1953. President Eisenhower hadde takka ja til å koma, og hotelleigaren Conrad Hilton, han òg av norsk ætt, var vertskap på hotellet sitt. Seinare vart det tradisjon å halda National prayer breakfast ved kvart presidentskifte. Mannen som starta det heile var gardbrukarsonen Abraham Vereide frå Gloppen.

Barndom og ungdom i Norge

Abraham Vereide, fødd 7. oktober 1886, var son til Anders Abrahamson Aske (f. 1839) og Ane Helene Eliasdotter Alme (fødd 1846). Foreldra busette seg på prestegarden på Vereide der Anders pakta garden. Abraham hadde fire eldre systre, ein yngre bror døydde som småbarn. Mora døydde i 1892.

Abraham hadde i ung alder sterke religiøse opplevingar, og let etter kvart Guds vilje verta ei rettesnor for livet sitt. Etter folkeskulen og konfirmasjonsundervisninga gjekk han vinteren 1903/1904 på Kinamisjonsforbundet (frå 1949: Norsk Luthersk Misjonssamband) sin folkehøgskule på Framnes i Hardanger. Vinteren 1905 fekk han ved eit slumpetreff Amerika-billett og kom til Amerika i mars same året.

Fyrste tida i Amerika

Straks Abraham Vereide gjekk i land i New York skjøna han at Gud hadde leia han hit, at Amerika-reisa var i samsvar med Guds plan for livet hans. Han reiste vestover til byen Butte i Montana, og kom etter ei tid i kontakt med presten i metodistkyrkja, Niels L. Hansen frå Jylland i Danmark. Han vart reisande predikant for metodistkyrkja i distriktet omkring, men byrja snart på utdanning ved metodistane sitt presteseminar i Evanston, Illinois, nord for Chicago. To hendingar skulle få mykje å seia for livet seinare, eit møte med senator Knute Nelson i Kongressbygningen på Capitol Hill, og giftarmålet med Mattie Hansen, dotter til metodistpresten i Butte. Knute Nelson, innvandrar frå Voss, fortalde Abraham Vereide overtydande om Bibelen sin plass i livet og alt arbeidet sitt.

Prest og sosialarbeidar i Seattle

Vereide kom til Seattle i 1916. Bortsett frå åra 1931-1934 budde han her til 1944 då han flytte til Washington D.C., - den fyrste tida som prest og tilsynsmann i metodistrørsla, seinare i sosialt arbeid knytta til verksemda Good Will Industries.

I 1923 stod det om han i ein avisartikkel: "Hans arbeid har lukkast uvanleg godt. Sidan han tok til på prestetenesta i Seattle for sju år sidan har han bygt opp den største kyrkjelyden i Den nord-vestre norsk-danske konferansen. Sidan 1922 har han vore tilsynsmann (superintendent) for desse kyrkjene. Han er også leiar (superintendent) for Seattle Good Will Industries, som har slagordet "Not charity, but a new chance" (Ikkje fattighjelp, men ein sjanse). Han er ein dugande administrator og ein gåverik forkynnar".

Minneord

Abraham Vereide døydde 15. mai 1969. I avisa The Evening Star kunne ein mellom anna lesa:

"Abraham Vereide - far til bønefrukostrørsla - som hjelpte til å skape hundretals bønegrupper kringom i USA og i 70 andre land i verda, har nett døydd i heimen sin i Washington i ein alder av 82 år. Få menn i Amerika si historie, både innanfor og utanfor kyrkja, har hatt så stor innverknad på å knyte saman lekmenn frå ulike religonar til å søkje åndeleg rettleiing i deira personlege liv og dagleg verksemd, som dr. Vereide."

kjelder:

Gjengedal, Asbjørn: Abraham Vereide - Utvandraren frå Noreg som samla leiarar i Amerika og i andre land til frukost med bibel og bøn. Lunde forlag, 2001.
Opplysningar frå:
Arne Eikenes, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR