På det vêrharde Staveneset, eitt av Noregs vestlegaste fastlandspunkt, finst eldgamle spor etter menneske.
Fjellgrunnen i Solund oppmoda ikkje til å rite inn bergkunst. Men her var mange hellerar og framspring eigna til buplass for dei tidlege fangstfolka, og kort veg til matfatet.
På fastlandssida av Bremanger, ned mot Flora kommune, ligg Botnane med gardane Øvrebotnen, Sørbotnen og Nordbotnen. I dag finn ein åtte gravrøyser på Botnane, fleire av dei ligg lett synlege attmed vegen. Ein reknar med at alle vart bygd i eldre bronsealder - kring 1800-1000 f.Kr.
Vingenfeltet er i dag det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Likevel var det helst eit slumpetreff som førte til at staden vart kjent for omverda i 1912.
Gulatinget var møtestaden i Vestlandet sitt gamle lovområde. Frå først på 900-talet og 400 år frametter var tingmøtet i Gulen sentralt i rettsstellet i landsdelen.
Stakaldeneset er eit nake og vestvendt nes som stig bratt opp frå Eikefjorden ved Helgøysundet. Her gjorde Svein Brandsøy på slutten av 1970-talet eit funn som førte til at deler av lærebøkene om steinalderen i Noreg måtte skrivast om.
I Ausevik ved Høydalsfjorden ligg eitt av dei største helleristningsfelta på Vestlandet med meir enn 350 figurar. Motiva er varierte, og fleire forskarar meiner feltet viser ei side av overgangen mellom veidesamfunn og jordbrukssamfunn. Feltet i Ausevik blir gjerne sett i samanheng med det større feltet i Vingen i Bremanger.
Breim kyrkje på Reed vart innvigd 9. juli 1886. Den gamle kyrkja stod kring 500 meter lenger nord, heilt nede ved Breimsvatnet. Ho vart riven i 1887. No står kyrkjegardsmurane att. Ei steinhelle fortel at her stod kyrkjene i Breim fram til 1886.
Garden Kvitenes ligg på neset der Gloppefjorden og Hyefjorden møtest, og vert rekna i gruppa av yngre gardar i Gloppen. Eigedommen har fått namnet sitt etter det kvite berget på staden. Her var neppe busett folk før ut på 1500-talet. Skriftlege prov for busetnad finn vi først frå 1606.
Vereidesletta ligg på nordsida av Gloppefjorden. Eit frodig jordbrukslandskap pregar området. Her ligg det største gravfeltet frå førhistorisk tid på heile Vestlandet. Det har vore utgravingar fleire gonger, sist i samband med ny vegtrase mellom Sandane og Anda.
Garden Modvo i Hafslo vart bureist og brukt i perioden 300 - 500 e.Kr. Deretter vart han liggjande øyde og aldri seinare teken opp att. Difor kunne arkeologane i 1960-åra avdekka eit gardsanlegg her, som er det einaste kjende frå denne tida i Sogn og Fjordane.
Våren 1964 var det dyrkingsarbeid på Skaim. Dei var i ferd med å køyra bort ei stor rydningsrøys, då bulldozaren kom til å riva opp nokre stor heller i røysbotnen. Lars Vikesland d.e. skjøna det kunne vera ei gamal grav, stogga arbeidet og melde frå til lensmannen som varsla Historisk museum i Bergen. Museet sende fagfolk som kunne slå fast at dette var eit førhistorisk gravfunn. Utgraving vart sett i gang, og garden fekk eit nytt blad lagt til den eldste soga si.
På flata der Sogn psykiatrisenter ligg på Rutlin i Sogndal, har det vore busetjing tilbake til bronsealderen (1800 - 500 f. Kr.) og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder (4000 - 1800 f. Kr.). I 1998 vart dette spanande materialet grave fram i dagen.
Garden Engjabøen ligg på nordsida av Førdefjorden like innanfor garden Vevring. Her er dei eldste spora etter menneske i heile Naustdal kommune funne. I 1990-1992 vart det grave ut ein buplass frå slutten av eldre steinalder - ca. 4000 år f.Kr. Aust for denne fann dei ein annan buplass tidfesta til yngre steinalder - perioden 4000-1500 f.Kr.
Lengst vest i Naustdal kommune, på grensa til Flora, ligg garden Horne. Her ligg tre gravrøyser frå bronsealderen. Sommaren 1990 vart to av dei rydda og stelt i stand. Ei av røysene vart også delvis restaurert.
Den 16. november 1909 hadde Sogns Tidende ei notis om eit interessant gravfunn på Nornes. Konservator Haakon Shetelig hadde vore på staden. Det var ei mannshøgd ned på lòket, som "var ei vakkert tilhoggi hella." Akkurat det, den vakkert tilhogde hella, var nokså spesielt.
På garden Røysa på Vågsøyna ligg det to svære, fleire tusen år gamle gravrøysar. I 1948 skreiv lektor Wilhelm Kvalheim (1877-1949) ein artikkel om dei i Fjordenes Tidene. Kvalheim var fødd og oppvaksen nord på Vågsøyna. Han var lærar i Selje og Stryn før han vart lektor ved Volda lærarskule. Artikkelen her er den same som stod i Fjordenes Tidene. Mellomtitlane er sette inn her.
I ei stor klebersteinshelle i Gøyaren - eit trangt skar på garden Indrefjord i Hyllestad - er det delvis hogge ut ei steinkiste eller ein bautastein.
Det er funne eit rikt utval av gjenstandar på Ytre Moa - både pryd og nyttegjenstandar. Gjenstandane fortel om daglegliv og verke på garden; om korleis jorda vart drifta, kva for husdyr dei hadde og om korleis dei kledde seg. Fleire av gjenstandane vitnar om at gardsdrifta på Ytre Moa har gjeve eit visst overskot - iallfall nok til å få kjøpt eller bytt til seg vakre smykke og glas. Fleire av gjenstandane er også viktige i dateringssamanheng - særleg gjeld dette fleire av smykka. Dei viser at garden var busett i alle fall i perioden mellom 700 og 900 e.Kr. Det er få funn som kan daterast til etter 900-talet, og det er rimeleg å tru at garden ikkje har vore i bruk etter dette.
I tillegg til 6 hustufter, ligg der 20 gravhaugar og ein bautastein på Moaterrassen. Nokre av gravhaugane ligg mellom husa, men fleirtalet av dei er samla i ei rekkje, aust for tunområdet. Haugane er ulike både i storleik og form - her er både runde, ovale og avlange haugar. Berre eit fåtal av dei 20 gravhaugane på Ytre Moa er undersøkte. I tillegg er det undersøkt ei grav under flat mark, og ei båtforma steinsetting - som truleg er ei båtgrav. Alle gravene vart arkeologisk granska samtidig som hustuftene - sumarane i åra 1964-66.
Ytre Moa er rekna som eit særleg interessant anlegg i norsk kulturhistorie - av fleire årsaker. Dette er eit av få hittil kjende busetnadsfunn frå vikingtid/yngre jarnalder som ikkje har langhus. Byggjeskikken på Ytre Moa står i ei mellomstilling mellom langhusa fra folkevandringstid og vikingtid og laftehus og klyngjetun frå mellomalderen.
I vikingtida (om lag 750 - 1050) reiste nordmenn i vesterveg og busette seg på Shetland, Orknøyane, Irland, Isle of Man, Færøyane og Island. Dei tok med seg rettsordninga i heimlandet som var organisert med lokale ting og ting for større område, til dømes Gulatinget. På Island heldt dei hovudting på Tingvellir, på Shetland var tingstaden på Ting Holm.
Vikinggarden på Ytre Moa er det mest heilskaplege gardsanlegget ein kjenner til i Norge frå vikingtida (800-1050). Garden er frå den store nyryddingstida på 800-talet. Av ein eller annan grunn vart garden lagt øyde, truleg mot slutten av 900-talet. Ved utgravingane i 1964-1966 vart det funne seks hus og kring 20 gravrøyser.