Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Påemna bautastein eller steinkiste i Gøyaren



I ei stor klebersteinshelle i Gøyaren - eit trangt skar på garden Indrefjord i Hyllestad - er det delvis hogge ut ei steinkiste eller ein bautastein.

Den utvendig forma steinkista/gravsteinen/bautasteinen i klebersteinsbrotet i Gjøyaren i Indrefjord. Ukjend alder.

Den utvendig forma steinkista/gravsteinen/bautasteinen i klebersteinsbrotet i Gjøyaren i Indrefjord. Ukjend alder.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1975.

Fotograf: Per Bygnes.

Bautastein, gravstein eller steinkiste

Kva planar dei har hatt, dei som byrja å bearbeida den store klebersteinsblokka i Gøyaren på garden Indrefjord, er uvisst. Per Fett har ikkje nemnt dette fornminnet i sitt hefte frå 1954. Men i "Fornminne i Sogn og Fjordane - Hyllestad kommune" frå Universitetet i Bergen, 1983, er funnet omtala under nemninga "Klebersteinsbrot". Sjølve registreringa gjekk føre seg i 1981. I denne rapporten heiter det m.a.: "--- kan om mogeleg ha vore påemna til bautastein/gravstein." Men ei påbyrja steinkiste kan også vera eit alternativ.

Storleik og form

Klebersteinsblokka ligg 180 m o.h. ikring 375 m austsøraust for tunet på bruk 1. Sjølve blokka er 5,3 m lang og 3,3 m brei. Om lag midt på hella er det hogge av stykke, slik at det står att ei utheva form, 1,8 m lang og 0,4 - 0,7 m brei. Denne forma er ikkje løyst frå berget. "Uviss alder" heiter det den tidlegare nemnde rapporten.

Ei steinkiste til?

Ein onkel av nåverande grunneigar meiner å hugsa at det var ei steinblokk til i same skaret med ei liknande halvferdig steinkiste i. Det har ikkje vore råd å finna att denne steinblokka. På garden har dei elles ei stor steinbrye, ca. 1 m lang og 0,5 m brei. Den kan vera laga av materiale frå Gøyaren.

Stien oppetter Gøyaren

Folket på gardane Indrefjord og Ytrefjord kjende vel til dette klebersteinsbrotet. Før vegen fram til Indrefjord kom i 1975, nytta folket på dei to gardane ein sti til Ytrebø som gjekk framom steinblokka i Gøyaren. Stien var bratt og lite tenleg til varetransport. Det var helst i samband med familiebesøk at denne stien vart nytta.
Hushaldningsvarer, gjødsel, kraftfor m.m. vart kjøpte på Risnes og frakta heim med båt. Grenda hadde eigen skule. Folket i grenda gjekk til kyrkje på Hyllestad, etter ein sti over Kolgrov. Stien vart såleis mindre nytta i kvardagen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Universitetet i Bergen: Fornminne i Sogn og Fjordane - Hyllestad kommune. Bergen 1983.
Opplysningar frå:
Kjartan Bekken, Hyllestad. 1999-2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR