Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vikinggarden på Ytre Moa



Vikinggarden på Ytre Moa er det mest heilskaplege gardsanlegget ein kjenner til i Norge frå vikingtida (800-1050). Garden er frå den store nyryddingstida på 800-talet. Av ein eller annan grunn vart garden lagt øyde, truleg mot slutten av 900-talet. Ved utgravingane i 1964-1966 vart det funne seks hus og kring 20 gravrøyser.

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Den blå røyken kjem frå aluminiumsverket nedanfor.

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Den blå røyken kjem frå aluminiumsverket nedanfor.

Eigar: Steinar Lægreid.

Datering: 2000.

Fotograf: Steinar Lægreid.

Ytre Moa

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Terrassen er flat oppå med bratte kantar ned til elvane Utla i vest og Tya i sør. Terrasseflata har vore på 80 til 90 mål, men elvane har gjennom åra skore seg kraftig inn i terrassefoten og minka arealet. Gardsanlegget ligg på austre delen av den store terrasseflata, der jordsmonnet er best.

Utgravingane

Det var i åra 1964-1966 at utgravingane gjekk føre seg, under leiing av seinare professor Egil Bakka. Det var rektor Søren Ve og Årdal Sogelag som tok initiativet til utgravinga, med løyvingar frå Årdal kommune og A/S Årdal og Sunndal Verk. Dåverande kontorsjef Willy Lund-Johansen ved ÅSV var den som fyrst vart merksam på fornminna, og passa på at dei ikkje kom vekk i grustaket til Verket. Innan eit område på 10 dekar vart det avdekka seks hustufter og om lag 20 gravrøyser. Alle tuftene og åtet av røysene vart utgravne.

Husa

Dei seks husa på Ytre Moa var småe. Tre av dei vart nytta som bustader. Det er noko usikkert kva dei tre andre husa vart nytta til. Storleiken på bustadhusa varierte lite, med golvflater frå 30 til 45 kvadratmeter. Hustypen var truleg ein enkel stavkonstruksjon. Hovuprinsippet her var ståande stolpar eller suler, som i sin tur bar taket. Oppe vart stolpane haldne saman av bitar på tvers. To stolpar og biten saman vart kalla ei grind. Over endane på grindene låg kraftige dragarar på langs. Desse heldt grindene på plass samstundes som dei bar sperrene. Grinder og dragarar saman vart kalla ei stavbinding.
Taket har truleg hatt sperrer som kvilte på stavbindinga og på veggene. På sperrene har det truleg lege taktro, som atter var underlag for never og torv. Golvet har visseleg vore jordgolv. I indre del av rommet har det i bustadhusa vore ein open eldstad som har fungert både som lys- og varmekjelde, og til matlaging. Det vart òg nytta ei koke- eller steikjehole (søyde) til matlaginga. Røyken frå eldstadene sveiv fritt omkring i rommet og leita seg veg ut gjennom ljoren, ei opning i taket. Ljoren var einaste lysopninga i huset i tillegg til døra. Vindaugo fanst ikkje.

Jordbruk

Dei viktigaste jordbruksreiskapane til bonden i vikingtida var plog (ard), jordhakke, sigd, ljå og lauvkniv. I funnmaterialet frå Ytre Moa er alle desse reiskapstypane representerte med unntak av lauvkniv. Det vart òg funne knivar og bryne. Funnet av delar av ein handkvernstein viser at dei mol korn. Saman med kverna frå Oseberg er steinen frå Ytre Moa eit viktig "dokument" i soga om handkverna her i landet.

Husdyrhald

Buskapen gav vikingbonden og huslyden hans det meste av det dei trong til dagleg: kjøt, mjøl, ull, skinn, horn og bein. På Ytre Moa vart det funne brende beinrestar mellom anna av gris, sau og geit, ku og hest. Funn av ringbeisel, hestesko og hovbrodd fortel at hesten har vore nytta som trekkdyr og truleg også som kløv- og ridedyr. Dei mange tuftene etter stølshus som arkeologane har avdekka i høgfjellet i Årdal dei siste åra, gjer det også rimeleg å tru at bonden på Ytre Moa har nytta fjellbeite om sommaren. I alle dei tre bustadhusa er det funne fleire typar pilespissar av jarn.

Handverk

Funn av spinnehjul og vevlodd fortel oss at dei har spunne ull og veve vadmål. Det vart òg funne reiskap nytta både til bygningsarbeid og bearbeiding av tre. Smieslagg fortel at her òg har vore smedkunnige folk. I fleire av tuftene og i nokre av gravrøysene vart det funne smykke av bronse, mellom anna eit lite fragment av eit fint dekorert, treflika spenne av bronse og eit forgylt hengesmykke i bronse med gripedyrsmotiv. Det vart òg funne ei fin draktnål i bronse og fleire glasperler. Prydsakene fortel at dei pynta seg med luksusvarer som dei handla til seg frå utlandet, men at dei kanskje òg har laga prydsaker på staden.

Gravhaugane

Berre i nokre av dei åtte røysene som er utgravne vart det gjort funn. Størst var haug 16, som var ei branngrav utan nemnande funn, kanskje av di ho ein gong vart røva. På terrassekanten vart det undersøkt ei om lag seks meter lang båtforma steinsetjing der det vart funne båtsaum, ei holkøks, eit eldstål, nokre perler, brende bein og kol. Kan hende er dette ei kvinnegrav.

Gardsdrift

Dei eldste funna på Ytre Moa er eit skòr av spannforma keramikk, ein eldstein og eit bryne av kvartsitt. Desse funna er frå folkevandringstida, og såleis 3-400 år eldre enn hustuftene. Husa kan daterast til 8- og 900-talet. Om det har vore ein eller to gardar samstundes på Ytre Moa er omdiskutert. Minst to av husa har brunne. Det er førebels ikkje prova at her har vore gardsdrift etter vikingtida.

Gardsanlegget på Ytre Moa tykkjest vera fråflytt ein gong på 900-talet, trass i at området ligg sentralt i bygda, og at her er ei om lag 80 dekar stor flate. Egil Bakka trur at garden vart lagd øyde som fylgje av at vass-kjelda, av ein eller annan grunn, forsvann. Vi veit at terrassen har vore monaleg større enn no, og at Tya seinare har grave seg inn i foten av lausmassane. Kanskje har Ytre Moa hange saman med Moa-terrassen i vikingtid. Utglidning av massane mot Leirdalen kan så ha ført til at Ytre Moa vart avfolka.
I samband med arkeologiske granskingar på Ytre Moa i 1990 vart det, vest for den tidlegare kjende garden, funne spor etter fleire tufter. Det kan såleis hentast fram meir informasjon om busetjinga på Ytre Moa i framtida. Arkeologisk Museum i Stavanger har i 2002 fått løyve til å gjera nye utgravingar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bakka, Egil: Ytre Moa - ein øydegard frå vikingtida. I Bygdebok for Årdal. Band I. 1971.
Bakka Egil: Ytre Moa. Eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. I Viking. Nummer 29. 1965.
Bakka Egil: Modvo og Ytre Moa. To gardsanlegg frå jarnalderen i Sogn. I Iskos 1. 1976.
Graham-Campbell, James (utg.): The Viking World. Frances Lincoln Ltd. London 1989.
Clarke, Mhaonaigh, Floinn (utg.): Ireland and Scandinavia in the Early Viking Age. Four Courts Press. Dublin, 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR