Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gulatinget - Vestlandet sin lovstad



Gulatinget var møtestaden i Vestlandet sitt gamle lovområde. Frå først på 900-talet og 400 år frametter var tingmøtet i Gulen sentralt i rettsstellet i landsdelen.

Gulatingsminnet  på Flolid i Gulen 2007. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård Breivik vart reist i 2005. Det står både som minne og markering av Gulatinget.

Gulatingsminnet på Flolid i Gulen 2007. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård Breivik vart reist i 2005. Det står både som minne og markering av Gulatinget.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Ukjend.

Opphavet

Snorre sine kongesoger, som byggjer på fleire tidlegare skriftlege kjelder, fortel at det var Håkon den gode (norsk konge ca. 945-960) som gav Gulatingslovene i samråd med Torleiv Spake. Men om ein skal tru dei islandske kjeldene, Islendinga bok, og Egils soga lyt ein tidfeste Gulatinget til å vere endå eldre - truleg frå før 930. Det opphavlege kjerneområdet for Gulatingslagen - lovområdet - var Hordafylke, Sygnafylke og Firdafylke. Dette svarar til Hordaland og Sogn og Fjordane i dag.

Bilete av framsida til boka "Gulatinget og Gulatingslova."

Ein kan truleg tale om at dei første norske kongane, heilt frå Harald Hårfagre si tid, la vinn på å utvikle ein maktbase i dette området. Og lovgjeving var ein viktig pilar som grunnlag for dette. Det var truleg under Håkon den gode at lovområdet vart utvida til å omfatte også Egdafylkje (Ytre Agder), Rygjafylke (Rogaland) og Sunnmøre.

Frå allting til lagting

Kart over lovområdet under Gulatinget.

Gulatingslovene var ein territoriell rett som gjaldt for alle innanfor lovområdet. Knut Helle, som har granska Gulatinget inngåande, meiner at det truleg i opphavet var eit allting der alle frie menn som ville, kunne møte. Dei fleste bøndene kom nok i følgje med lokale stormenn som hadde underordna seg kongsmakta. Då lovområdet vart utvida, vart det meir aktuelt med eit representativt ting. EtterOlavsteksten, som utgjer dei eldste bevarte skriftfeste delene av lova, skulle 375 "nemndemenn" frå heile lagtinget delta. I den seinareMagnustekstener talet redusert til 246. Det var dei kongelege ombodsmennene - lendmenn, årmenn og syslemenn - som peika ut dei som skulle fare til tings.

Frå munnleg til skriftleg lov

I følgje Are Frode siIslendingabokbygde Alltinget og den islandske rettsordninga i stor grad på mønster etter korleis Gulatinget var ordna. Såleis lyt det vestnorske rettssamfunnet i byrjinga ha vore tufta på dei lovene som enkelte kloke og rettskyndige menn hugsa og tolka, og det som tinglyden avgjorde var gjeldande rett. Kor tid lova først vart skriftfest er vanskeleg å seie noko om. Den nemnteMagnustekstener ein lovrevisjon frå kong Magnus Erlingson si tid (1160-åra), mensOlavstekstener eldre enn denne. Kor mykje er uvisst - namnet peikar mot kong Olav den heilage.

Landslov og flytting av tinget

Magnus Erlingson sin revisjon av lova i 1160-åra var det første forsøket på å få til ei landsdekkjande lovgjeving. Dette vart forhindra av borgarkrigane, og først meir enn 100 år seinare, i 1274, fekk kong Magnus Håkonson innført Landslova. Denne lova sette kongen som øvste dommaren i landet, overordna lagtinga. I desse tider var det også at Noregsveldet og den norske kongsmakta stod på sitt høgdepunkt i høgmellomalderen.

Under Magnus sin etterfølgjar, Håkon 5. Magnusson (konge 1299-1319) heldt omorganiseringa av det norske rettsstellet fram. Omkring 1310 vart det årlege tingmøtet i Gulatinget flytta frå Gulen til Bergen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helle, Knut: Gulatinget og Gulatingslova. Leikanger 2001.
Sigurðsson, Jon Viðar: Norsk historie 800-1300. Oslo 1999.
Snorres kongesoger. Oslo 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR