Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bronsealder-røysane på Røysa



På garden Røysa på Vågsøyna ligg det to svære, fleire tusen år gamle gravrøysar. I 1948 skreiv lektor Wilhelm Kvalheim (1877-1949) ein artikkel om dei i <i>Fjordenes Tidene.</i> Kvalheim var fødd og oppvaksen nord på Vågsøyna. Han var lærar i Selje og Stryn før han vart lektor ved Volda lærarskule. Artikkelen her er den same som stod i <i>Fjordenes Tidene.</i> Mellomtitlane er sette inn her.

Bronsealderrøysa på Røysaleitet ligg høgt og fritt. Ho er synleg på lang lei.

Bronsealderrøysa på Røysaleitet ligg høgt og fritt. Ho er synleg på lang lei.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

På Røysaneset og Røysaleitet

Dei som ferdast langs kysten vår, må i Ulvesundet leggja merke til dei tvo store gravrøysene på Vågsøy-sida, den eine på Røysaneset, nordanfor (..) kyrkja, den andre på Røysaleitet ovanfor Raudebergsbygda.

Berge - Raude-Berje - Raudeberg

Garden Røysa (..) har namnet sitt etter den store gravrøysa på neset. Namnet finst ikkje skrive nokon stad før 1563. Etter si form er det heller ikkje so gamalt som mange andre ikring. Namnet Raudeberg må soleis vera mykje eldre, for det har vore bøygt på same måten som Berge og ikkje som Vågsberget. Ikkje "han Lars Raudeberja", men "han Lars Raudeberje" og på "Raudeberje".

Her må då føre vikingtida [om lag 750 - 1050] ha vore éin gard Berge, som sidan til skilnad på andre Berge, av farande folk vart kalla Raude-Berje - etter Raudura. Denne garden må ha hatt sitt sentrum attmed Skarevika, og husa stått på Hauen i skardet eller på hamaren nordanfor. For dei gamle ville alltid bu høgt. Det som no er garden Røysa må lenge ha vore ubygd utmark og fyrst vore eigen gard då namn med artikkelending var kome i bruk.

Gravminne over stormenn

Desse tvo veldige røysene er frå bronsealdren [1500 - 500 f. Kr.], altså 3000 år gamle eller meir, og soleis dei eldste byggverk av menneskehanda vi no har på Vågsøyna. Det var i den tida dei bygde desse storlagde gravminne av berre stein over sine stormenn. Og dei vart alltid lagde attmed skipsleia på nes og høgder nær havet, so ferdafolk skulle sjå dei. For bronsealderen var det store årtusen i skipsfarten si soge, har prof. A.W. Brøgger sagt, då midhavsfolka [middelhavs-] for så vide på skipa sine, at oppdagingane og handelsvegane deira vart gløymde att og måtte finnast på nytt på 14-1500-talet. Det er ogso frå bronsealderen vi har dei mange bergritingar [helleristingar] med bilete av store skip med stor mannskap.

Danna seg segner og soger

Langs skipsleida like nord til Bodø ligg desse store røysene (jordhaugar høyrer helst vikingtida til) ofte i stor samlingar på øyar og nes. Ein har meint at den tids stormenn var sjøfarande hovdingar og kapitalistar med stort trælehald og mange handgangne menn. For desse veldige byggverka må ha tronge stort mannskap og lang tid. Dei er utslag av same tanken som pyramidane i Egypt og er kanskje ei etterlikning av dei. Pyramidane er ogso frå Egypts bronsealder.

Langt seinare kom den trua opp at der det var gravhaugar, måtte det ha stått store slag og at røysane og haugane var massegravleggjingar. Eller ogso at der hadde butt stormenn der på garden.

Dette siste kan nok ha vore so i vikingtida, berre ein ikkje tek "gard" i same tyding som no for tida. Vi får heller seia "kan ha butt i distriktet". Gardane var nemleg store då, har ofte vore ei heil bygd seinare, og det var langt mellom bustadene. På Vågsøyna var frå fyrst av truleg berre Våge, Skråm, Raude-Berge, Hals og Kvalheim, med di namneforma er eldre enn vikingtida. So laga det seg dikta fortelnader, segner om hendingar og om personar, helst kongar som skulle ha butt der haugane eller røysane låg. Slikt har vore gjort frå vingtida og heilt opp til vår tid.

Langs skipsleia

Vi har heile gravfelt på øyar og nes frå bronsealderen. Soleis over 100 røysar på Storholmen nord for Stad. Her kan korkje ha butt mykje folk eller stått noko slag. Og på Bringsinghaug tett ved Kvamsøya, nokre veldige gravrøysar altså på båe sider av indreleida. Langs denne leida har vi og ei rekkje røysar langs sørvestsida av Hareidlandet, like til Ytre-Flød der vi har hatt nokre av dei staselegaste røysane i landet av glattslipte lyftesteinar frå fjøra, sume kvite, sume grå, grøne eller raude og fint opplødde i ei veldig halvkule i ei ubygd strand. Slike gravstader må ha vore for eit heilt distrikt eller for ei mektig ætt, liksom gravstaden for Vestfold-kongane i Borre i vikingtida.

Minnesmerke?

Det har vore halde fram av arkeologar at når ein oftast ikkje finn noko i bronsealderrøysane, kan det koma av at det ikkje alltid har vore gravlagt nokon. Det er minnesmerke over stormenn, kanskje omkomne på havet i sitt livsyrke i dette "sjøfartens store årtusen". (På sume kyrkjegardar på Sørlandet kunne ein for ikkje lenge sidan ogso sjå gravminne over sjømenn som var "omkommet på sjøen og aldri ble gjenfunnet."

Ei tredje røys

Det har vore ei tridje røys nedmed fjøra lengst sør på garden Røysa, der ein målar Olsen, seinare lærar Bjørnstad og tilslutt Arne Røysa budde. Olsen kasta opp [grov bort] røysa og bygde av steinen gard [mur, gjerde] kring tomta si, visstnok i 1860-åra. Men denne røysa kan ikkje ha ruva større [særleg mykje]. For i 1862-66 skriv prof. N. Nicolaysen: ".. på Røisen i 1828 ved Ulvesund 2 store urørte Stenrøser, den ene ved Sjøen, den anden opp paa Fjeldet."

Imponerande

Båe desse store røysane er plasert med stor omtanke og kjennskap til terrenget, so dei skulle taka seg ut og verta lagt merke til gjennom tidene. Dei er imponerande byggverk og må ha kosta mykje tid og arbeid, endå med stort mannskap. Og so kosthaldet då til arbeidarane! Marka er på båe stadene rudd [av å rydja] for stein i vid omkrins. Alt saman er rimeleg lyftestein som kunne berast på plass. På Røysaneset grodde det til på øvre sida av røysa og her var ogso ein åkerlapp. Då kyrkja vart bygd i 1854, tok dei mykje stein her til mur under kyrkja og ikring kyrkjegarden. Difor har det sidan vore eit djupt innhogg i røysa frå vest.

Merkeleg kvit stein

Nede ved fjøra var der ein låg gravhaug. Han vart rudd [av å rydja] på sjøen i 1880-åra. Då fann dei under ei stor helle ei gravkiste utan noko innhald ein la merke til. Men oppå hella låg ein kvit marmorstein, ca 50 cm lang og av eit merkeleg skap: eine sida liksom avslipt i form av ein hesterygg og den andre uthola til ei stor grop. Slike kvite steinar var mykje nytta i graver i bronsealderen. Dei var symbol på sola. Kan henda har det vore ofra feitt o. l. i den store gropa. Hella sto i mange år oppreist attmed ein stor stein på neset. Der låg og den kvite steinen. Eg teikna bilete av han i 1914 og leverte til prof. Shetelig. No er visst alt saman grytt [kasta] ned i fjøra og ikkje å finna att.

Kaffikokarar øydela steinheller

Den store røysa oppe på Røysaleitet er plasert på ein særs utvald plass, framme på ein bratt bakkekant mot Raudebergsbygda og skipsleida og hamna, og med vidt utsyn like til nord for Fureneset. Røysa har lege uskadd i 3000 år, med ein krans av kantsette heller ikring heile foten. Inntil for nokre få år sidan nokre gapar braut ut desse hellene og laga seg gruer til å koka kaffi der oppe! Endå det er straff for å skada slike faste levder [leivningar, rester] frå fortida. Men enno har Raudebergsbygda og Vågsøyna her eit staseleg byggverk frå ei stortid for 3000 år sidan og kanskje meir. Det ligg og nokre mindre røysar i nærleiken.

I Selje

So har vi fleire bronesalderrøysar langs skipsleida gjennom Selje prestegjeld. Ei røys på Skavøyna vart "udkastet i 1828" (Nicolaysen). Nokre små røysar er enno å sjå mellom Kyrkjeneset og Bartavikane. Attmed Seljekyrkja ligg ein heil flokk. I 1855 såg ein greidt 15 slike, men mesteparten var utkasta i eldre tid. "Kun et par av dem var udkastede i den seneste Tid, men indeholdt kun tomme Gravkamre av smaa Heller. Imellem Haugene saaes Heller af en firkantet Grundvold (et Hov?). En Røs laa i sydøstre Hjørne af Kirkegaarden". (Nicol.) Derimot nemner ikkje Nicolaysen den store bronsealderrøysa på Jilshauen, på austenden av Selja, synberr vidt ikring, og maken til den på Røysaleitet, men ikkje so uskadd.

Der er fleire røysar på Selja. Og på Drage ser ein enno nokre røysar ned mot sjøen. Men dei mektigaste minne frå bronsealderen ikring Sildagapet er på Røysaneset, på Røysaleitet og på Jilshauen. Det er tre av Nordens pyramidar.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 13.09.1948

PERMANENT IDENTIFIKATOR