Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Shetland - Norrøn tingstad på Ting Holm



I vikingtida (om lag 750 - 1050) reiste nordmenn i vesterveg og busette seg på Shetland, Orknøyane, Irland, Isle of Man, Færøyane og Island. Dei tok med seg rettsordninga i heimlandet som var organisert med lokale ting og ting for større område, til dømes Gulatinget. På Island heldt dei hovudting på Tingvellir, på Shetland var tingstaden på Ting Holm.

Ting Holm i nørdste enden av Loch of Tingwall (Tingvollvatnet) sett frå parkeringsplassen like ved der det er sett opp historisk informasjon.

Ting Holm i nørdste enden av Loch of Tingwall (Tingvollvatnet) sett frå parkeringsplassen like ved der det er sett opp historisk informasjon.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Informasjon for reisande

På vestsida av Mainland, den største øya i øygruppa Shetland, går dalen Tingwall dale nordover frå byen Scalloway. På vestsida av dalen ligg gardane Asta, South Setter, North Setter og Griesta. Vegen går langs to vatn, Loch of Asta og Loch of Tingwall. På kartet er det merka av historiske attraksjonar, ein er: Law Ting Holm i nordenden av vatnet. Eit kort stykke unna er det sett opp informasjon på ein parkeringsplass.

What can you see ?

Informasjonen er plassert på låge talarstol-liknande søyler med utsikt mot Ting Holm. Og det er pedagogisk gjort. Du vert oppmoda om å bruka eigne auge og stilla spørsmål. Gjennom tekstar og illustrasjonar blir du litt klokare. Her attgir me noko av informasjonen, omsett til norsk (innskotne forklaringar her er sette i hakeparantes):

Kva ser du? Kva kan du sjå?
Rett framfor deg i nordenden av Loch of Tingwall [Tingvollsjøen] stikk det ut ei halvøy med vatn nesten heilt rundt.

Sjå ein gong til:
Ved nærare gransking kan du sjå den gamle strandlina og restane av ein kring 100 meter lang causeway [oppmurt veg mellom holmen og "fastlandet"]. På enden av holmen syner restar etter ein mur - ikkje særleg høg eller tjukk - på tvers av av tilkomsten - og ein liknande i enden ved land. Begge står som effektive sperrer.

Kva vart holmen brukt til?

Staden er kjend som Ting Holm frå gamalnorsk thing som tyder parliment [stad der det vart gjeve lover og avsagt domar]. Her vart det i Mellomalderen og seinare stemna inn til "Lawting" [rettsting, lagting, lovting], ei forsamling der folk og styresmenn avsa dom over lovbrytarar og tolka lover og ga nye lover.

Det er få skriftlege dokumentasjonar vedkomande tingseter for the Lawting. Frå kring 1270 og framover brukte shetlenderane den norske Magnus Lagabøters Landslov. Dei valde ein lagmann til å tolka lova og kongen oppnemnde ein styresmann seinare kalla Loud til å ivareta kongen sine interesser. Desse styresmennene må ha vore tilstades på Law Holm og vurdert rettslege spørsmål og avsagt domar.

Kva skjedde med tingstaden?

Sjølv om det frå 1307 og framover, finst noko dokumentasjon vedkomande tingseter på lagtinget på Tingwall, er den einaste skriftlege dokumentasjon om tingsete på sjølve Ting Holm frå 1532. Holmen må ha vore ein trekkfull stad for eit lagting og det kan tenkjast at delegatane møttest ein annan stad når vêret var for gale, kan henda i kyrkja [St. Magnus kyrkja, no Tingwall Kirk like ved]. På byrjinga på 1600-talet heldt lagtinget sete i det nye slottet til jarlen Patrick Stewart i Scalloway.

Kort tid etter jarl Patrick si tid (..) opphøyrde lagtinget. Kva slags vedlikehald der enn hadde vore opp gjennom tidene, kom Ting Holm i forfall og på 1700-talet rydda landeigarar stein for å få betre sauebeite.

I fylgje den lokale folketradisjonen kunne det henda at kriminelle prøvde å koma unna straff ved å springa gjennom hopen av tilskodarar og røra den nærliggjande St. Magnus kyrkja.

Lagtinget samla mange delegatar som kunne koma langvegs frå i båt, til fots eller til hest. Menn til hest let hestane sine beite på dei nærliggjande gardane Griesta og Asta. Hestane var så stor bør/plikt for grunneigarane på Griesta og Asta at dei fekk kompensasjon frå The Crown [Kongen]. (Så langt frå informasjonen på parkeringsplassen.)

Stadnamn

Shetland vart folkesett i yngre steinalder (neolittisk tid). Seinare kom piktane, eit folkeslag med sentralområde i Skottland, og etter dei keltarar. Den norrøne innvandringa tok til i siste halvpart av 700-talet og heldt seg gjennom vikingtida. Etter kvart vart Shetlandsøyane dominert av innvandra nordmenn, noko stadnamna på Shetland er eit talande vitnemål om. For det første finst det få stadnamn med rot i tida før den norrøne innvandringa, og for det andre har ein svært stor del av stadnamna norrønt opphav. Filologen dr. Jakob Jakobsen frå Færøyane registrerte i åra 1893-1895 over 50 000 namn.

Det finst fleire "levande" stadnamn med tilknytning til den norrøne rettsordninga enn dei som alt er nemnde. På vegskilt treffer ein på Aithsting, Delting, Lunnasting, Nesting og Sandsting.

 

kjelder:

Ordnance Survey: Shetland North Mainland. 3. Kart.
Turistinformasjon ved Ting Holm.