Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ytre Moa - viktig busettingshistorie



Ytre Moa er rekna som eit særleg interessant anlegg i norsk kulturhistorie - av fleire årsaker. Dette er eit av få hittil kjende busetnadsfunn frå vikingtid/yngre jarnalder som ikkje har langhus. Byggjeskikken på Ytre Moa står i ei mellomstilling mellom langhusa fra folkevandringstid og vikingtid og laftehus og klyngjetun frå mellomalderen.

ss

ss

 

Band til mellomalderen

På Ytre Moa finst trekk frå langhustradisjonen, som dei store vollane av stein og jord på utsida av husa, og med innvendige treveggar. Byggjeskikken på Ytre Moa viser også klår samanheng med byggjeskikk og tunskipnad i mellomalderen - der det var vanleg å ha mange hus på ein gard, hus med ulike funksjonar innenfor gardsdrifta, slik vi t.d kjenner det frå klyngjetun som Aga i Hardanger og Otternes i Aurland.

Byggjeskikk og busetnad i vikingtid

Byggjeskikken i vikingtid har variert. Sjølv om langhuset har vore dominerande, er det også fleire eksempel på andre byggjemåter og måter å organisere busetnaden på. Ein spesiell hustype frå vikingtida er grophuset, som m.a er funne på Stedje i Sogndal. Slike grophus vart ofte nytta til tekstilarbeid. På Hjerkinn ved Dovre er det funne og undersøkt små, lafta bustadhus. Lafteteknikken har vore kjent i landet vikingtida, t.d er gravkammeret i Gokstadgrava lafta. Likevel viser dei fleste arkeologiske undersøkingane at det er stavkonstruksjonen som har vore vanlegast - slik som på Ytre Moa.

Liknande tufter på fjellet

På høgfjellet finst tufter som liknar husa frå Ytre Moa. Det er mellom anna funne tufter ved Nyset-Steggje, i Gudmedalen i Aurland og i Friksdalen i Leikanger som liknar husa på Ytre Moa, både i storleik og utforming. Også ved kysten av Hordaland er det funne tufter fra yngre jarnalder/mellomalder som har likande utforming, som ved Lurekalven i Lindås.

Ringforma tunanlegg

Ein spesiell byggjemåte som også må nemnast, og som har nokre fellestrekk med Ytre Moa-husa, er dei såkalla ringforma tunanlegga. Det er funne slike m.a på Gjærland i Førde og på Hjelle i Stryn. Tuftene på Hjelle var riktignok treskipa langhus utan veggvollar, men dei hadde alle inngong frå gavlen. Forskarane meiner at slike ringforma tunanlegg ikkje har vore gardsbruk, men at dei kan ha vore knytta til tingfunksjonar. Ytre Moa skil seg likevel klårt ut frå dei andre buplassane fra vikingtid som er undersøkte her i landet - både i utforming, men også i organiseringa av busetnaden.

Ytre Moa i ei særstilling?

Dei fleste vikingtidshusa som er arkeologisk undersøkte her i landet, er langhus. Det som kjenneteiknar langhuset er at fleire av funksjonane på ein gard, som bustad og fjøs/løe, er samla under felles ås. Langhuset var delt i en bustad-del og ein fjøs-del, og ofte kunne her vere fleire rom. Tradisjonen med å byggje langhus går tilbake til yngre steinalder/eldre bronsealder (ca 1800 f.Kr). Langhusa frå yngre jarnalder og vikingtid er vanlegvis mellom 20-30 meter lang og 8-10 meter brei, men det finst og eksempel på hus som har vore mykje lenger. På Borg i Lofoten er det funne eit langhus, truleg høvdingesete, som har vore over 80 meter langt.

Funksjonsdelte bygningar

På sør- og vestlandet er langhusa vanlegvis bygde med ein steinmur utanpå - ikkje ulikt konstuksjonen av husa på Ytre Moa. Likevel er det fleire trekk som skil husa på Ytre Moa frå langhustradisjonen: storleiken (både lengda og breidda), dei funksjonsdelte bygningane (smie, bustadhus og fjøs), og plasseringa av inngongen i gavlen. I langhusa er inngongen vanlegvis plassert på ei av langsidene.

Slutt med samanbygde langhus

Fra vikingtida ser vi at tradisjonen med det samanbygde langhuset vert brote - først ved at fjøsen vert skild frå bustad-delen. Seinare, og utover i mellomalderen, vert det vanleg å ha mange, spesialiserte hus på kvar gård. Ytre Moa kan vere eit tidleg eksempel på denne måten å organisere garden på. I andre deler av landet, til dømes på Sør-Vestlandet, har langhustradisjonen levd vidare - opp til våre dagar.

kjelder:

Litteratur/Kjelder: Bakka, E. 1965. Ytre Moa - eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.) : Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Bjørgo, T., Kristoffersen, S., Prescott, C. 1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk museum, Bergen.
Bjørgo, T. 2005. Iron Age house remains from mountain areas in inner Sogn, Western Norway. I I K.A.
Bergsvik og A. Engevik Jr (red.): 'Fra funn til samfunn. Jernalderstudier tilegnet Bergljot Solberg på 70-års dagen. 'Universitetet i Bergen Arkeologiske skrifter. Bergen
Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Myhre, B. 1982. Bolighusets utvikling fra jernalder til middelalder i Sørvest-Norge. Vestnordisk byggeskikk gjennom to tusen år. AmS-Skrifter 7, 195-217. Stavanger
Myhre, B. 2000. The early Viking age in Norway. Acta Achaeologica vol 71, 2000, pp. 35-47
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Olsen, A.B. 2005. Et vikingtids tunanlegg på Hjelle i Stryn - en konservativ institusjon i et konservativt samfunn.
I K.A. Bergsvik og A. Engevik Jr (red.): 'Fra funn til samfunn. Jernalderstudier tilegnet Bergljot Solberg på 70-års dagen. 'Universitetet i Bergen Arkeologiske skrifter. Bergen
Skre, D. 1996. Rural settlements in medieval Norway. Conference paper, Ruralia 1. Conference Ruralia 1, Praha 1995. Institute of archaeology, Prague.

PERMANENT IDENTIFIKATOR