Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Helleristningane på Staveneset



På det vêrharde Staveneset, eitt av Noregs vestlegaste fastlandspunkt, finst eldgamle spor etter menneske.

Helleristningane på Staveneset er mest skip og båtar, men òg ei vogn dregen av hestar i tospann - styrd av ein kusk. Motiva elles er menneske, dyr, våpen vogner og ringar.

Helleristningane på Staveneset er mest skip og båtar, men òg ei vogn dregen av hestar i tospann - styrd av ein kusk. Motiva elles er menneske, dyr, våpen vogner og ringar.

Eigar: Forlaget Skald AS.

Datering: 1999.

Fotograf: Leif Grane.

Båttrafikk i tusenvis av år

Forbi Staveneset ved Stongfjorden har båtar og skip passert i uminnelege tider. Her finst spor som syner at denne trafikken må gå minst 3000 år tilbake i tid. På gardane Mjåset og Unneset finst til saman elleve felt med helleristningar frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 år før Kristus), og det er båtmotiv som dominerer. Dei fleste er konsentrerte nær sjøen ytst på neset, mens to mindre felt ligg lengre inne i fjorden.

Kultstad eller busetnad?

Forutan båtmotiva finst her elles ei figurgruppe som skil seg ut blant helleristningar på Vestlandet - bilete av to hestar som er spent føre ei tohjula vogn med kusk. Her finst også meir utbreidde motiv som menneske, dyr, våpen, vogner og ringar.

Ei vanleg tolking av desse figurane er at det har dreia seg om heilage stader der det vart utført religiøse festar og andre høgtidlege handlingar. Så kan ein spørje seg om det har vore forbipasserande eller dei næraste fastbuande som hadde sine ritar her. Det finst få funn frå bronsealderen i Askvoll og Sunnfjord elles. Ein teori tolkar dette til at nomadiske stammar har trekt utover frå meir funnrike område i Sogn til kysten til visse årstider.

Nyleg funne, men lett tilgjengelege

Dei første helleristningane her vart registrerte så seint som i 1943, og nye funn vart gjort heilt fram til 1980-talet. Det vart då sett opp skilt og orienteringstavler for ålmenta, som lett kan finne fram. Felta ligg nær fylkesvegen i lett terreng.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Mandt, Gro: Helleristningene i Askvoll. Brosjyre.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR