Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vingen helleristningsfelt



Vingenfeltet er i dag det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Likevel var det helst eit slumpetreff som førte til at staden vart kjent for omverda i 1912.

Motivtilfanget i Vingenfeltet er dominert av ulike hjortefigurar. I følgje nyare tolkingar kan hjorten ha vore eit fruktbarheitssymbol, eller ha vore knytt til førestillingar om liv, død og gjenføding.

Motivtilfanget i Vingenfeltet er dominert av ulike hjortefigurar. I følgje nyare tolkingar kan hjorten ha vore eit fruktbarheitssymbol, eller ha vore knytt til førestillingar om liv, død og gjenføding.

Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Oppdaginga

Det er godt mogleg at folka i Vingen lenge hadde kjent til helleristingane utan at dei gjorde noko stort nummer ut av det. Det skjedde først etter at overettssakførar Kristian Bing i 1910 fekk høyre frå Abraham Honnskår om "nogen dyr aftegnet i et berg". Bing var nemleg ein aktiv fjellmann, og Honnskår fjellføraren hans opp Hornelen. Bing tok deretter kontakt med eigar og brukar i Vingen, Thue Gullaksen, som kunne syne fram fleire figurar. Kort tid etter vart fotograf O. Espevoll henta til gards og 60 av helleristingane var registrert og dokumentert.

I 1912 fekk Bing publisert funna sine, og dermed var Vingen opna for arkeologien. Eit omfattande registreringsarbeid tok til og fleire og fleire figurar har etter kvart vorte avdekka. Av dei vel 2000 figurane som i dag er registrert i Vingen helleristingsfelt, er kring 1500 funne i sjølve Vingen, mens resten ligg i Vingelven, i Fura og på Hennøya.

Skjult av torv

Naturleg nok hadde ein del av helleristningane grodd att opp gjennom tida. Eit døme på dette er den såkalla Kålrabisteinen. Som namnet fortel, vart denne steinen brukt til kålrabidyrking, for med mykje folk og lite jord måtte ein nytte det ein kunne. Lenge etter at den siste kålrabi var teken opp, vart det derimot oppdaga figurar også her, men då merka av fleirfaldige spadestikk. Kålrabisteinen er såleis merka av både steinalderkunst og nyare jordbrukskultur. Ein reknar med at det framleis er mange uoppdaga helleristningar i områder, både under torva og andre stader.

Helleristning i 2000 år

Parallelt med at omfanget har vorte kjent, har ein også prøvd å skape eit bilete av det samfunnet som skapte dei. Det rike tilfanget av motiv gjer også Vingen til eit nøkkelområde i norsk og skandinavisk bergkunstforsking. Forskinga konkluderer med at dei kan ha vorte til over eit tidsrom på kring 2000 år, frå kring 3-4000 år f.Kr. Motivtilfanget er dominert av ulike hjortefigurar, men ein finn også ristingar som kan førestille slangar og hundar, samt ein del menneskefigurar av begge kjønn. I tillegg finn ein òg ei mindre gruppe med abstrakte framstillingar der nokre ser ut som våpen eller verktøy, mens andre ikkje lar seg plassere. Det er særleg dei yngste helleristingane som har ei abstrakt form.

Kva førestiller helleristningane?

Kva var meininga bak helleristingane i Vingen? Kan dei fortelje oss noko om samtida dei vart til i? Sidan hjortemotiva er dei mest dominerande har desse vore i sentrum av tolkingane. Den eldste tolkinga er at dei representerer ein jaktmagi der ein trudde avbildingar ville gje eit betre jaktutbytte. Denne tolkinga er delvis basert på at steinaldersamfunnet var eit jegersamfunn der hjorten var eit viktig bytte. Den nære historia til Vingen understøttar også ein slik tankegang ved at det så seint som på siste halvdel av 1800-talet skal ha vore styrtjakt på hjort i Vingen.

Nyare tolkingar legg derimot mindre vekt på jaktmagi, men er meir opptekne av Vingen som eit sermonielt senter. Her ser ein til dømes for seg at plassen vart brukt til å markere overgangen frå barn til vaksen, eller i samband med andre typar seremoniar som ettertida ikkje kjenner til. Det har også vorte hevda at hjorten representerte noko meir for steinalderfolket enn berre mat. I følgje desse tolkingane kan hjorten ha vore eit fruktbarheitssymbol, eller ha vore knytt til førestillingar om liv, død og gjenføding. Tanken om ein fruktbarheitskultus vert også underbygd av mengda med kvinnefigurar og ulike ristingar som kan tolkast som kvinnelege kjønnsorgan.

Samlingstad og kultstad

Kunstnarane sjølve har ikkje etterlete seg nokon guide til ettertida, og fleire tolkingar vil nok komme. Alle tolkingane har i alle høve det til felles at dei ser for seg Vingen som ein større samlingsstad. Tek ein utgangspunkt i styrtjakta på hjort, veit ein at dette var ei jaktform som kravde ei storstilt organisering. Ein måtte ha med mange folk over eit stort område på fjellet til jaging og møting, samstundes som andre stod klar til å ta i mot hjorten når den kom ramlande ned fjellsida. Sjølv om dette var ei jaktform som verkar noko brutal sett med dagens auge, var det samstundes ein effektiv måte å skaffe seg kjøttmat. Noko som sikkert kom godt med i ei tid då kosthaldet var heller einsidig basert på fisk. Med ei slik samling av folk på ein stad, er det rimeleg å tenke seg at dette førte med seg festing etter dei verdslege og religiøse normer på den tida, samt kopling av gifteklar ungdom.

Vingen i dag

I 1980 vart Vingen Landskapsvernområde oppretta. Området er på 5000 dekar og omfattar i tillegg til heile Vingen, delar av nabogarden Vingelven. Ulike sikringstiltak har blitt sett i verk for å verne helleristningane mot natur- og menneskeskapt påverknad. Frå 1996 har området blitt integrert i Riksantikvarens nasjonale bergkunstprosjekt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fett, Per: Førhistorisk minne i Fjordane. Bergen 1957.
Eidsvik, Torgeir og Strand, Marit: Helleristninger i Vingenfeltet.
Bremanger Pedagogiske tenstesenter 1975.
Mandt, Gro: Tilbakeblikk på Vingen - Forskning -Forvaltning - Næring. I Gustavsen, A og Karlsson. (red.) Glyfer och arkeologiska rum - en vänbok til Jarl Nordbladh. 1999.
Mandt, Gro: Vingen Revisited. A Gendered Perspective on Hunters Rock Art. Seminarrapport frå KVHAA konferanse, Stockholm 1998.
Moe, Steinar og Østmo Einar: Norske helleristninger. 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR