Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinalderbuplass i Engjabøvika



Garden Engjabøen ligg på nordsida av Førdefjorden like innanfor garden Vevring. Her er dei eldste spora etter menneske i heile Naustdal kommune funne. I 1990-1992 vart det grave ut ein buplass frå slutten av eldre steinalder - ca. 4000 år f.Kr. Aust for denne fann dei ein annan buplass tidfesta til yngre steinalder - perioden 4000-1500 f.Kr.

Garden Engjabøen ved Førdefjorden. I søkket like bak naustet lengst til venstre vart buplassen frå eldre steinalder graven ut. Like til høgre for steingarden ute på neset vart det på 1990-talet bygt kai for utskiping av eklogitt.

Garden Engjabøen ved Førdefjorden. I søkket like bak naustet lengst til venstre vart buplassen frå eldre steinalder graven ut. Like til høgre for steingarden ute på neset vart det på 1990-talet bygt kai for utskiping av eklogitt.

Eigar: Jakob S. Engebø.

Datering: Ca. 1960.

Fotograf: Telemark Flyselskap AS.

Utskipingskai

Garden Engjabøen ligg mellom gardane Vevring og Gryta på nordsida av Førdefjorden. I samband med ein privat reguleringsplan i området vart det føreteke utgravingar i perioden 1990-92. Planen var å nytta dette området til lagerplass og utskipingskai for eklogittbrotet på Engjabøfjellet. Arkeologen ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune registrerte området fyrste gongen i januar 1990 og det vart påvist funn som gjorde at staden vart freda. Tiltakshavaren søkte om å få frigjeve området, noko som kravde arkeologiske utgravingar for å dokumentera spora som var etter busetjing i førhistorisk tid.

Buplass frå eldre steinalder

Registreringane frå vinteren 1990 synte at ein stod overfor spor etter busetjing frå slutten av steinalderen eller byrjinga av bronsealderen. Jordlaga i området var svært tjukke då det hadde vore drive jordbruk her både i gammal og nyare tid. Det vart påvist aktivitet frå fire ulike periodar i førhistorisk tid fordelt på to lokalitetar.
Dei eldste spora var restar av ein buplass frå slutten av eldre steinalder, ca. 4000 år f.Kr. Desse spora fann ein i bakken vest for lokalitet 1. Staden ligg i dag om lag 15 m o.h., men då buplassen var i bruk låg han rett i sjøkanten. Truleg er dette ein avfallsplass frå sjølve buflata som nok har lege lenger oppe på bakkekammen. Her fann ein ulike steinreiskapar og avfall etter produksjonen av slike. Det som særmerker denne perioden er små fiskesøkke av kleber med innrissa fure til feste for snøre eller nett.

Mikroflekker vart det funne ein del av. Dette er små avlange reiskapar av flint som har vore innsette i gjenstandar av tre, horn eller bein for å laga ein skarp egg. Det vart også funne økseemne som stammar fra steinbrotet på Stakaldeneset i Flora kommune. Øksene fekk truleg finpussen sin her på Engjabøen.
Folka som budde på Engjabøen i eldre steinalder levde av jakt, fangst og fiske. Det skal ikkje ha vore drive jordbruk i Vest-Norge på denne tida. Det er mogleg at dei har reist frå ein buplass til ein annan ettersom kva vilt eller fisk dei til ei kvar tid på året var på jakt etter.

Buplass frå yngre steinalder

Lokalitet 1 var området som vart høgast prioritert under undersøkinga. Det var den austlegaste av buplassane. Her vart det også funne spor etter steinalderbusetnad, men av noko yngre karakter.
Ein funnrik buplass frå yngre steinalder vart funnen i eit tjukt, svart og trekòlblanda jordlag som låg under spora etter ein bronsealderbusetnad. Trekòlet synte seg å vera frå om lag 2400 år f.Kr. Frå denne fasen stammar nokre av dei finaste gjenstandsfunna på Engjabøen. Funna inneheld slanke og velslipte pilespissar av skifer saman med økser av eit noko anna slag enn frå den eldre buplassen.
Jakt, fangst og fiske var framleis dei viktigaste levevegane, men åkerbruk og husdyrhald kan ha spela ei viss rolle.

Bronsealderfunn

Dei mest interessante funna vart gjort i den nest yngste fasen i lokalitet 1. Under førundersøkinga vart det funne stolpehol og eldstader. Stolpehola avteiknar seg som tilnærma runde og ofte steinfôra markeringar av mørk matjord i lysare sand. Nokre av dei hadde sjikt med leire langs kanten, truleg for at stolpane ikkje skulle rotne. Jordbotnforholda på Engjabøen gjorde det etter måten lett å få auge på dei. Ein fann fleire stolpehol, men klarte ikkje å få noko system på dei. Truleg har det stått fleire rektangulære hus etter kvarandre med to parallelle rekkjer med takberande jordgravne stolpar.
Fleire eldstader og groper som var fylte med trekòl og brent stein vart avdekka. Slike kokegroper er vanlege på buplassar frå bronsealderen. Dreneringsgrøfter, som anten var laga i samband med hus eller åker, vart påvist. Desse er truleg frå siste byggjefase i eldre bronsealder.
Av gjenstandar frå denne perioden vart det funne nokre pilespissar, nokre skraparar og avfall etter reiskapsproduksjon. Desse var laga av flint og kvartsitt.

Botanisk undersøking

I tillegg til arkeologiske utgravingar vart det føreteke botaniske undersøkingar under feltarbeidet. Dette vart gjort for å få vite meir om den førhistoriske vegetasjonen i Engjabøvika. Det vart teke ut ein serie med prøvar frå ein av jordprofilane på lokalitet 1 for å påvisa pollen frå tre, gras og urter. Endringar frå fase til fase fortel om måten staden vart brukt på. I laget som er frå eldre bronsealder var pollen frå treslag som or, eik, bjørk, hassel, alm og ask dominerande med innslag av bygg. I laget frå yngre bronsealder er det vesentleg mindre pollen frå treslag og meir frå gras, urter og bygg. Tolkinga her er at det som er registrert i botnen av laget frå eldre bronsealder er frå rydningsfasen for åkerbruket på staden. Medan det eldste laget frå yngre bronsealder syner at det er engvegetasjon på staden, men ingen korndyrking. I dei øvre delar av laget finn ein òg spor av bygg, men havre er ein like viktig kornsort. Frå prøvar frå eldstadene fann ein forkòla frø av bringebær.

Kvifor busetnad på Engjabøen

I eldre steinalder var det mest truleg at tilgangen til vilt og fisk var bestemmande for val av buplass. Laksefisket skal ha vore godt ved Engjabøen i kjend historisk tid og garden ligg i eit av dei beste hjorteområda i landet. Hamneforholda her er gode. I bronsealderen var forholda for korndyrking nokså gunstige og har også vore det seinare.
Utgravingane har gjeve verdifull kunnskap om førhistorisk tid i Vest-Norge. Her er gode forhold for spor etter hus, eldstader og åker. Dei botaniske undersøkingane fortel om kva som har vore dyrka og kva tid åkerbruk og husdyrhald vart innført.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Johnson, Trine: Engebøvika - buplass for folk gjennom 5000 år. I Sogeskrift for Naustdal 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR