Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Bronsealderrøysa på Kvitenes



Garden Kvitenes ligg på neset der Gloppefjorden og Hyefjorden møtest, og vert rekna i gruppa av yngre gardar i Gloppen. Eigedommen har fått namnet sitt etter det kvite berget på staden. Her var neppe busett folk før ut på 1500-talet. Skriftlege prov for busetnad finn vi først frå 1606.

Kviteneset, slik ein møter det når ein kjem køyrande riksveg 615 mellom Rygg og Hestenesøyra. Som vi ser, er berget på neset kvitt. Dette har nok gjeve namn til staden. Huset til venstre i biletet er naustet på Kvitenes. Mellom svingen på vegen midt i biletet og pynten på neset skimtar vi taket på hytta, som ligg kloss inn til gravrøysa.

Kviteneset, slik ein møter det når ein kjem køyrande riksveg 615 mellom Rygg og Hestenesøyra. Som vi ser, er berget på neset kvitt. Dette har nok gjeve namn til staden. Huset til venstre i biletet er naustet på Kvitenes. Mellom svingen på vegen midt i biletet og pynten på neset skimtar vi taket på hytta, som ligg kloss inn til gravrøysa.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2002.

Fotograf: Arne Eikenes.

Kva gravrøyser kan fortelje oss

Tidleg i bronsealderen - mellom 1800 og 500 før Kristus - vart det vanleg å reise ein haug eller ei røys over grava til storfolk. På sørvestlandet vart det bygt kjempehaugar av fin matjord over eit gravrom av stein. Elles i landet bar ein stein til store røyser på godt synlege, framspringande punkt i terrenget. Særleg vart dette gjort langs leia og i tilknyting til ferdslevegar inne i landet. Desse vert kalla kystrøyser eller åserøyser, alt etter kvar vi finn dei.

Funn i Gloppen

I Gloppen finn vi slike bronserøyser på gardane Hjelmeset, Andenes og Kvitenes. Felles for desse er at dei ligg lengst ute i fjorden, ved Lotsfjorden, der tre fjordarmar møtest. No er det ikkje utan vidare sikkert at alle slike kyst- eller åserøyser er frå bronsealderen, dei kan også vere bygde i jarnalderen. Men det er gjort funn frå bronsealderen i røysene, og dessutan ligg dei ikkje i tilknyting til gardstun eller veglinjer mellom gardane, slik røyser frå jarnalderen ofte gjer. Røysene har difor vorte tolka som avgrensingar av stammeområdet.

Kvitenesrøysa

Sjølv om det ikkje har budd folk i så mange århundre på Kvitenes, provar gravrøysa at det har vore menneskeleg aktivitet der lenge før nokon busette seg fast. Bronsealderøysa ligg ca. 20 meter frå sjølve pynten av Kviteneset. Røysa er bygd av rund kampestein og er dekt med mose og kratt. Ho er ca. 15 meter i diameter og om lag ein meter høg. Det er eit lite hol i midten av røysa.
Tidlegare stod det ei uteløe innåt røysa. Ho vart riven av grunneigaren rundt 1970, og det vart i staden sett opp ei hytte som i dag står i kanten på røysa.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band I, side 126 - 129. Sandane 1978.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band IV, side 12 - 17. Sandane 1992.
Fett, Per: Førhistoriske minne i Fjordane.