Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Den gamle kyrkjestaden på Reed



Breim kyrkje på Reed vart innvigd 9. juli 1886. Den gamle kyrkja stod kring 500 meter lenger nord, heilt nede ved Breimsvatnet. Ho vart riven i 1887. No står kyrkjegardsmurane att. Ei steinhelle fortel at her stod kyrkjene i Breim fram til 1886.

Breimskyrkja på den gamle kyrkjestaden sett mot vest. Den nye kyrkja stod ferdig i 1886, og den gamle vart riven året etter. Biletet er truleg teke fyrst på 1880-talet.

Breimskyrkja på den gamle kyrkjestaden sett mot vest. Den nye kyrkja stod ferdig i 1886, og den gamle vart riven året etter. Biletet er truleg teke fyrst på 1880-talet.

Eigar: Universitetet i Bergen.

Datering: 1880-1885.

Fotograf: Knud Knudsen.

Den gamle kyrkjestaden år 2000

Den gamle kyrkjestaden ligg på garden Hetle, i Hetlestranda, ved enden av ein køyreveg ned til ei naustrekkje ved Breimsvatnet. Ein låg mur syner storleik og utstrekning. Lengda er ca 80 meter, medan breidda varierer. Kortsida mot vest er ca 15 meter, men i austenden er breidda ca 20 meter.
 

I det sørvestre hjørnet er det laga opning i muren og sett ein inngangsportal eit stykke innpå kyrkjegarden. Ved den eine portstolpen står eit gamalt gravminne (år 2000). Den austre halvparten er rydda for trevokstrar og grasgrodd, medan den vestre delen er meir eller mindre tilgrodd. Ein kan sjå spor etter sjølve kyrkjetufta.
 

Midt på kyrkjestaden, ved enden av den grasgrodde delen, står ei minnehelle med orda Her stod kyrkjene i Breim til 1886.

Gravminne

Det er få gravminne att på den gamle kyrkjegarden. Det står ein heimelaga gravstein attmed den eine portstolpen der det er rita inn bokstavar og tal. Innskrifta er initialane eller "namnet" på den døde og dødsåret, 1860. Dei to fyrste bokstavane er ikkje heilt tydelege, AA(?), dei to siste er ein omvendt S og I eller J, som indikerer -son (som ending i patronymikon. t.d. Arneson) og etternamn på I eller J (Joranger?). Ved å jamføra med ei liste over gravlagde i 1860, kan det la seg gjera å identifisera den gravlagde.

Kyrkje nemnd i 1308

Det fyrste skriftlege vitnemålet om kyrkje i Breim er frå 1308. Kyrkja vert då omtala som "apud ecclesiam de Re" og "Res Kirkia a Breidefne". Ingen veit sikkert kvar denne kyrkja stod. I lange tider vart namna Reed-kyrkja og Breims-kyrkja brukt om kvarandre til nemninga Breimskyrkja vart einerådane. I kyrkjestol (kyrkjerekneskap) for Gloppen påbyrja 1631 er namnet skrive Reedtz Kiercke Paa Breumb.

Ny stavkyrkje frå 1339

I eit bispebrev skrive i 1339 går det fram at kyrkja har vorte sterkt skadd av eld eller uvær. Truleg var skadane så store at det måtte byggjast ny, og venteleg vart det då reist ei stavkyrkje. Ein veit heller ikkje med visse kvar denne kyrkja stod, men det kan ha vore i Hetlestranda.

Kyrkja frå 1620

Kyrkja frå 1339 vart erstatta med einy i 1620, og no flyt dei kyrkjehistoriske kjeldene mykje rikare. Det var ei nokså stor korskyrkje med tårn og våpenhus i vest, kor i aust og eit særs høgt sutak av hogne bord. Bygningen var tjørebreidd utvendes og trekvit innvendes. Men, det må ha vore eit skrøpeleg byggverk dei sette opp i 1620. Dei neste ti-åra måtte dei fleire gonger til med reparasjonar, og i 1663 var kyrkja så "brøstfeldig" at det var uråd å setja henne i stand. Dei måtte byggja ny.

Kyrkja frå kring 1670

Dei bygde litt mindre kyrkje denne gongen, ei som likna mykje på den noverande gamlekyrkja på Gimmestad frå 1692. Den nye Breimskyrkja var ferdig i 1670. Ved synfaring i 1722 vart ho karakterisert som ein god tømmerbygning. Ho var bordkledd og måla innvendig. Denne kyrkja vart ståande i 200 år.
 

Malene Reed (1879-1980) fortalde i 1979: "Eg kjem i hug at eg ein gong var med mor i gamlekyrkja. Eg kunne vel vere kring 6-årsalderen. Taket var blåmåla og det var stjerner, sol og måne. På veggane var der måla blomar, og der var figurar av englar og apostlar. Og så var der nokre fæle dyr med lange tunger. Dei skulle vel vere dei vonde maktene, men englane og apostlane var dei sterkaste. Eg tykte det var vakkert."

kjelder:

Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Kyrkjer og kyrkjeliv i Breim. Breim sokneråd, 1986.
Informasjon frå:
Styrkår Almenning, Gloppen.