Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vereidesletta - største gravfeltet på Vestlandet



Vereidesletta ligg på nordsida av Gloppefjorden. Eit frodig jordbrukslandskap pregar området. Her ligg det største gravfeltet frå førhistorisk tid på heile Vestlandet. Det har vore utgravingar fleire gonger, sist i samband med ny vegtrase mellom Sandane og Anda.

Vereidesletta sett frå Åsebø. På den andre sida av fjorden ser vi Sørstranda og Sørstrandsfjella.

Vereidesletta sett frå Åsebø. På den andre sida av fjorden ser vi Sørstranda og Sørstrandsfjella.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2000.

Fotograf: Helge Lyslo.

Utgravingar

Gloppen har vore kjend som eitt av dei rikaste fornminneområda på Vestlandet. I samband med bygging av ny veg mellom Hjelmeset og Sandane føretok Historisk Museum i Bergen i perioden 1990-1994 utgravingar. Også tidlegare, på 1950- og 1960-talet, vart det gjort utgravingar i samband med nydyrking på garden Bakketun og i alt 17 røyser vart undersøkte. Gravene viste seg då å vere yngre enn ein hadde venta. I 1990 vart det gjort utgravingar i samband med utbygging av Vereide skule. Utgravinga viste at skulen i røynda er bygd midt innpå eit fornminneområde. To røyser vart daterte til yngre jernalder.

Utgravingane 1990-1994

Arkeologane var klar over at dei hadde ei spennande oppgåve framfor seg då dei starta kartleggings- og utgravingsarbeidet i 1990. Det vart registrert 198 graver på området som ikkje alt er oppdyrka. 31 av desse gravene låg der den nye riksvegen ville koma, og vart difor gravne ut. To av gravene låg vest for beitemarka, i utkanten av jordet på Bakketun. Den eine av desse var etter måten stor, og det vart funne ei kiste, eit vakkert gullarmband, kle og anna som gjorde at grava kunne daterast til rundt år 200 etter Kristi fødsel.

Gravfelt brukt i fleire tusen år

Dei 30 andre gravene som vart undersøkte, merkjer seg ut med at det ikkje finst gravfunn i dei i det heile.

Det særmerkte for heile feltet er at det er svært homogent, med mange låge og små graver, utan spor etter smykke, våpen aller anna i mange av gravene. Daterings-metodane syner at nokre av gravene er om lag 3000 år gamle. Dei skriv seg frå 1200 til 1000 år før Kristi fødsel, medan t.d. grava frå utkanten av Bakketunjordet berre er 1800 år gamal, same alder som gravfunna på 1950-talet.

Ei logisk slutning etter dette er at vi står overfor eit gravfelt som har vore brukt i fleire tusen år. Gravfeltet ser ut til å ha vore nytta mest i tidleg bronsealder og yngre jarnalder. Det er i dag vanskeleg å vite kor stort gravfeltet på Vereidesletta har vore, men mykje tyder på at feltet er både det største og eldste på heile Vestlandet.

Ny lærdom

Dei eldste gravene viser oss at dei døde fekk lite med seg, og at dei vart brende. Oska vart truleg seinare gravlagd i ein rituell fellesseremoni. Ein kan tenkje seg at folk budde svært spreidd, og at klanen eller ættegruppa var samla visse tider på året til slike rituelle handlingar. Dei døde vart difor brende først, for seinare å bli lagde i haug. Gravhaugane frå denne tida signaliserer fellesskap og harmoni, og at mennesket er ein del av ein større heilskap. Dette i motsetnad til grava som vart opna ved Bakketunjordet, ei grav som gjev uttrykk for individualitet og sjølvhevding. Det var velståande menneska som kunne demonstrere rikdommen sin, også ved enden av livet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statens Vegvesen: Gravfeltet på Vereidesletta - største gravfeltet på Vestlandet.
Dommasnes, Liv Helga: Tradisjon og handling i førkristen, vestnorsk gravskikk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR