Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Ytre Moa - livet i og mellom husa



Det er funne eit rikt utval av gjenstandar på Ytre Moa - både pryd og nyttegjenstandar. Gjenstandane fortel om daglegliv og verke på garden; om korleis jorda vart drifta, kva for husdyr dei hadde og om korleis dei kledde seg. Fleire av gjenstandane vitnar om at gardsdrifta på Ytre Moa har gjeve eit visst overskot - iallfall nok til å få kjøpt eller bytt til seg vakre smykke og glas. Fleire av gjenstandane er også viktige i dateringssamanheng - særleg gjeld dette fleire av smykka. Dei viser at garden var busett i alle fall i perioden mellom 700 og 900 e.Kr. Det er få funn som kan daterast til etter 900-talet, og det er rimeleg å tru at garden ikkje har vore i bruk etter dette.

Slik lagar ein mat i kokegrop. Fyrst vert det grave eit hol i jorda, der ein legg steinar, som vert varma opp. Kjøtet vert så lagt oppå steinane, og det vert deretter fylt på med varme steinar og jord. Etter nokre timar er kjøtet ferdig og klart for servering. (ill: Arkikon)

Slik lagar ein mat i kokegrop. Fyrst vert det grave eit hol i jorda, der ein legg steinar, som vert varma opp. Kjøtet vert så lagt oppå steinane, og det vert deretter fylt på med varme steinar og jord. Etter nokre timar er kjøtet ferdig og klart for servering. (ill: Arkikon)

Innreiing og husgeråd

I dei tre bustadhusa har det vore heller enkel innreiing etter vår målestokk. Berre i hus A er det funne restar etter ein pall langs den eine langveggen, men truleg har det vore slike låge, breie sove- og liggjeplassar i alle dei tre bustadhusa.

Eldstad

Alle dei tre husa har hatt eldstad, plassert i den indre delen av huset. Eldstaden var bygt opp ca 25 cm over golvet av flate steinar, og har vore om lag 1, 5 meter lang og 50-60 cm brei. Eldstaden har gitt både lys og varme, og har truleg og vore nytta til matlaging. Kan henda har dei hengt gryta i ei jarnskjerding over åra? Gryta har truleg vore av jarn eller kleberstein. Det er berre funne eit fragment av kleberkar på Ytre Moa. Fragmentet hadde eit drilla hol, truleg til å feste hanken i. Forutan dette karfragmentet, er det funne eit fragment av ei steikjepanne i ei av tuftene.

Laga mat i kokegroper

Til matlaging nytta dei også kokegroper, som ein t.d har funne i to av husa, plassert framfor åra, inn mot midten av husa. I hus A fann ein også deler av ein handkvernstein, som fortel at dei malte kornet inne i huset. Det er ikkje funne restar etter krustøy, koppar og kar - bortsett frå eit lite fragment av eit grønt beger av glas. Fragmentet var for lite til at vi kan seie noko om kva type beger det er eller når det vart produsert. Det er også uråd å seie noko om form, storleik eller funksjon - om det har vore nytta til kvardag eller fest.

Kister og skrin

Forutan gryter, høyrde elles kister og skrin til innbuet i husa. I ei av gravene vart det funne skrinhaspar, mens det i ei av tuftene vart funne eit fragment av tetningskitt. Tetningskittet - som kan vere av kvae- vart brukt til å tette tretiner eller øskjer. I same tufta vart det også funne eit keramikkfragment - rett nok datert til 4-600-talet. Kanskje viser det at det har vore busetnad på staden før vikingtida? Knivar, bryner, eldstål og eldflint har vore viktige gjenstandar i det daglege livet. På Ytre Moa finn vi mange knivar, både små og store, som har vore brukte både i matlaging, til skinn-, tre- og tekstilarbeid og anna arbeid på garden.

Smykke og personleg utstyr

I fleire av tuftene og i nokre av gravrøysene vart det funne smykke av bronse, mellom anna eit lite fragment av eit fint dekorert, treflika spenne av bronse og eit forgylt hengjesmykke i bronse med gripedyrsmotiv. Motivet på hengjesmykket tilhøyrer den såkall Borrestilen, og kan daterast til omkring år 900, medan den treflika spenna som er dekorert med spiralornamentikk kan daterast til siste halvdel av 800-talet. Det vart og funne ei draktnål i bronse og fleire glasperler, samt to rakeknivar av jarn.

Pynta seg med luksusvarer

Samla sett er ikkje smykkematerialet spesielt rikt, men det fortel at dei som budde på Ytre Moa pynta seg med luksusvarer som dei handla til seg frå andre stader i Norge, eller i utlandet. Kan hende tilverka dei også prydsaker sjølve? Hengjesmykket som vart funne i tuft B har tydelege spor etter filing på baksida. Dette kan tyde på dei ikkje var heilt ferdige med tilverkinga før det vart tapt, mista eller gløymt. I same tufta der dei fann dette smykket, vart det også funne reiskapar som som truleg har med metallarbeid å gjere - fil, meisel og kanskje drill. Dette styrkjer teorien om at smykket kan ha vore produsert på Ytre Moa.

Handverk

Av andre gjenstandar som er funne på Ytre Moa, er m.a. reiskap nytta til tekstiltilverking (saks, vevlodd, spinnehjul), jarnarbeid (smieslagg og hammar, meisel, fil, bor) og reiskap knytt til både bygningsarbeid og tilverking av tre. Dette er vanlege reiskap som ein kunne forvente å finne på ein vikingtidsgard, der sjølvberging og allsidig verksemd har vore vanleg og naudsynt.

kjelder:

Bakka, E. 1965. Ytre Moa - et gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.): Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Bjørgo, T., Kristoffersen, S., Prescott, C. 1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk museum, Bergen.
Dommasnes, L.H. 1987. Male/female roles and ranks in late Iron Age Norway. AmS- Varia 17, Stavanger.
Helland, A. 1901. Topografisk- statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Kristiania.
Hofseth. E. H. 1980. Fjellressursenes betydning i yngre jernalders økonomi. AmS-skrifter 5. Stavanger
Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen. Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Myhre, B. 2000. The early Viking age in Norway. Acta Archaelogica vol 71.
Olsen, A.B. 2005. Et vikingtids tunanlegg på Hjelle i Stryn -x en konservativ institusjon i et konservativt samfunn.
I K.A. Bergsvik og A. Engevik Jr (red.): 'Fra funn til samfunn. Jernalderstudier tilegnet Bergljot Solberg på 70-års dagen. 'Universitetet i Bergen Arkeologiske skrifter. Bergen
Skre, D. 1996. Rural settlements in medieval Norway. Conference paper, Ruralia 1. Conference Ruralia 1, Praha 1995. Institute of archaeology, Prague.
Solberg, B. 2000. Jernalderen i Norge. 500 før Kristus til 1030 etter Kristus. Cappelen Akademisk forlag, Oslo

PERMANENT IDENTIFIKATOR