Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kvinnegraver på Skaim - busetnad i halvtanna tusen år



Våren 1964 var det dyrkingsarbeid på Skaim. Dei var i ferd med å køyra bort ei stor rydningsrøys, då bulldozaren kom til å riva opp nokre stor heller i røysbotnen. Lars Vikesland d.e. skjøna det kunne vera ei gamal grav, stogga arbeidet og melde frå til lensmannen som varsla Historisk museum i Bergen. Museet sende fagfolk som kunne slå fast at dette var eit førhistorisk gravfunn. Utgraving vart sett i gang, og garden fekk eit nytt blad lagt til den eldste soga si.

Utsyn nedover (nordvestover) mot garden Skaim (i øvre venstre kvadrant). Skaim ligg halvveges mellom Vangen og Vassbygdivatnet.

Utsyn nedover (nordvestover) mot garden Skaim (i øvre venstre kvadrant). Skaim ligg halvveges mellom Vangen og Vassbygdivatnet.

Eigar: Aurland kommune

Datering: Kring 1970.

Fotograf: Leif Johnsen

To kvinnegraver i same gravrøys

Det synte seg at det var to graver i røysa. Øvst, i dei omrota massane, låg eit stykke av ein bronsenykkel, ein hank av eit skrin, ei mengd jernnaglar og 25 perler, dei fleste av farga glas, men også nokre av sølv. Funna synte at dette var ei kvinnegrav frå vikingtida, truleg frå 800-talet, der den døde hadde lege i ei trekiste.

Steinhellene høyrde til ei anna grav, som låg djupare og som var 3-400 år eldre. Også her var ei kvinne gravlagd. Ho hadde fått med seg eit leirkar, som det truleg hadde vore mat i, fire draktspenne, ein del perler, ein kniv, fleire snellehjul til handtein og ymse andre ting som det berre var restar att av, mellom anna minst eitt treskrin. Denne grava, som er frå 400-talet, var plyndra og omskipla alt på den tid då vikingkvinna vart lagd i den same røysa.

Endå ei kvinnegrav

Også i 1933 fann Lars Vikesland ei grav på garden. Ved pløying i åkeren kom plogskjæret bort i ei helle. Då dei tok opp hella, såg dei eit leirkar og restar av menneskebein. Museet vart varsla, og konservator Johs. Bøe kom og grov ut grava. Det var ei hellekiste, godt og vel 2,5 meter lang. Den døde var ei kvinne som forutan leirkaret, hadde fått med seg fire draktspenne av bronse, to sett hektemaljer av sølv, ein beltering, ein kniv, eit snellehjul, eit trekar som det berre var att tetningskitt av og nokre andre småsaker. Av kvinna sjølv vart funne store delar av skjelettet. Ho låg krumbøygd i grava, på venstre side, med hovudet mot sør. Også denne grava er frå 400-talet. Dei to kvinnene har truleg levd på same tid og må ha kjent kvarandre. Kanskje var dei også i slekt?

Andre funn på Skaim

I 1910 fann Peder Skahjem, som den tid eigde garden, ein pilespiss i åkeren. Han leverte funnet til museet saman med nokre andre saker han hadde funne i ei røys - ein pilespiss, ein kniv, eit stykke av ein sigd og ein bit av eit ljåblad. Midt på 1800-talet skal det vera funne ein spydspiss i ein liten haug i ein åker på Skaim. Ei våpenøks frå vikingtida, som vart innlevert til museet i 1985 og hadde lege på garden i lang tid, skulle visstnok også vera komen frå ein haug eller ei røys, men neppe den same. Alle desse funna kjem nokså visst frå bortrudde mannsgraver frå vikingtida.

Haug og røys var ikkje for alle

Sjølv om funna er etter måten mange, er dei likevel få om me ser dei i høve til kor mange menneske som må ha butt på Skaim i førhistorisk tid. Frå 400-talet og fram til kring år 1050, då kristendomen sette forbod mot heiden gravskikk, har bortimot 25 generasjonar halde til på garden. Om berre mann og kona i kvar generasjon vart lagde i haug eller røys, skulle det ha vore fleire titals gravminne av dette slaget på Skaim.

Få gardar i fylket har så mange, og der det finst større gravfelt, høyrer dei neppe til einskilde gardar, men til heile bygdelag. Store, synlege gravminne var såleis ikkje det vanlege for folk flest i førhistorisk tid. Dei aller fleste fekk nøya seg med mindre, og dei finn me sjeldan spor etter. Kvifor nokre få vart påkosta haug og røys og lagde i grav i sin beste bunad, med smykke og våpen, mat og drikke, er uvisst.

1500 års busetnad

Gravfunna frå Skaim fortel at garden var busett på 400-talet og i vikingtida og er slik sett typiske for mange gamle gardar i fylket. Frå dei fyrste hundreåra av vår tidsrekning er gravene få, sjeldan meir enn ei eller to på kvar gard, om dei i det heile finst. Dei eldste høyrer gjerne til på 300- eller 400-talet e.Kr. Mot slutten av 500-talet minkar det på funna, og dei kjem sjeldan att før fram mot vikingtida, kring år 800.

På Skaim høyrer dei to eldste gravene til folkevandringstida (400-550 e.Kr.) og dei fire-fem andre til vikingtida (800-1050), men frå dei 8-10 generasjonane som levde sist på 500-talet, på 600-talet og 700-talet vantar gravene heilt. Me trur funnmangelen har med gravskikken å gjera. Mindre truleg er det at gardane var avfolka og låg brakk i desse hundreåra. Skrivne kjelder syner at Skaim også var busett i mellomalderen. Det er difor grunn til å tru at det har vore samanhangande busetnad på garden i meir enn halvtanna tusen år.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fett, Eva 1962: Arkeologi. I Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok. Utgjeven av Aurland Sogelag.
Fett, Per 1954: Førhistoriske minne i Sogn. Aurland prestegjeld.
Tilvekstkatalog i Bergens Museums Aarbok 1911. nr. 8. (Funn nr. B6476 og B6477).
Tilvekstkatalog i Bergens Museums Årbok 1934. Historisk-antikvarisk rekke. Nr. 2. (Funn nr. B8552).
Tilvekstfortegnelse 1962-1966 for Historisk Museum, Arkeologisk avdeling. Universitetet i Bergen. Bergen 1971. (Funn nr. B11694).
Bergen Museum, De kulturhistoriske samlinger: Topografisk arkiv.

PERMANENT IDENTIFIKATOR