Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Modvo - ein jernaldergard i Hafslo



Garden Modvo i Hafslo vart bureist og brukt i perioden 300 - 500 e.Kr. Deretter vart han liggjande øyde og aldri seinare teken opp att. Difor kunne arkeologane i 1960-åra avdekka eit gardsanlegg her, som er det einaste kjende frå denne tida i Sogn og Fjordane.

Slik tenkjer arkeologane seg jernalder-garden Modvo i Hafslo som vart bureist og brukt i perioden 400-600 e.Kr. Dei vaksne held på med ymse slag arbeid og borna leikar seg med våpen. Bak huset leier ei geil (ei fegate) ut frå huset til beiteområda.

Slik tenkjer arkeologane seg jernalder-garden Modvo i Hafslo som vart bureist og brukt i perioden 400-600 e.Kr. Dei vaksne held på med ymse slag arbeid og borna leikar seg med våpen. Bak huset leier ei geil (ei fegate) ut frå huset til beiteområda.

Eigar: I Modvo.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Illustrasjon: Sæther/Olsen.

Einaste i sitt slag i fylket

Gardsanlegget på Modvo vart oppdaga og grave ut av arkeologen Egil Bakka ved Historisk Museum i Bergen i 1960-1962.
Folkevanderingstida, 400 - 600 e.Kr., var ein ekspansiv periode. Likevel er Modvo det einaste kjende gardsanlegget frå denne tida i Sogn og Fjordane. Årsaka er at garden ikkje vart teken opp att etter at folket flytta bort, og spora dermed ikkje sletta av ny bureising.

Gode vilkår for enkel gardsdrift

Modvo ligg på ein svært god plass med tanke på det enkle jordbruket i jernalderen. Det kuperte landskapet har ikkje vore til hinder for ei bra utkome.
Jorda var rik og lettdrenert. Her har vore greitt å stikke spaden i jorda og pløye med ard. Sigden var ein god reiskap som passa til å skjere korn og gras på den steinfulle innmarka. Gamle åkerreiner og åkerlappar viser framleis.
Heile beiteområdet ein ser rundt seg i dag, har vore utmarka på Modvo. I fjellet ovanfor garden var det gode sommarbeite og rikt jaktterreng. Nedanfor garden kunne jernalderfolka drive fiske i Hafslovatnet og i Sognefjorden.

Eitt hus for folk og husdyr

Huset låg på ei stor, planert flate, bygd opp i det skrånande terrenget. Det var truleg om lag 30 meter langt og 10 meter breitt, og bygd av tre. Taket var tekt med never og torv og vart bore oppe av stolpar.
Huset romma både folk og fe. Bustaddelen vende ut mot dalen og frå døropningen gjekk folk ut på ein steinsett veg.
Gjennom ein opning på baksida av huset gjekk dyra ut i ei kve. Frå denne førte ei geil (fegate) til og frå beitet.
Langs midten av golvet i huset var det fleire årar. Røyken sveiv ut gjennom ljorar i taket. Eldstader fanst òg utanfor huset.
Elden gav lys og varme og var viktig for matlaginga. Dei samla seg rundt elden for å arbeide og underhalde kvarandre.
Under utgravinga fann arkeologane fleire spor etter handverk. Mest alt det gardsfolka trengde vart laga på staden.

Dei døde

Dei døde vart gravlagde nær husa. Den eldste grava ligg i gravhaugen tett inntil husa og vitnar om eit nært forhold mellom den første kvinna og dei neste generasjonane. Truleg er det stammora til slekta som kviler i denne haugen. Ho var mellom 25 og 35 år gamal då ho vart brend og gravlagd.
Den andre gravhaugen ligg om lag 50 meter frå huset. Her trur arkeologane det var mannen til stammora, rydningsmannen sjølv, som vart gravlagd i ei steinkiste nokre år seinare. Med seg i grava fekk han m.a. våpen og skjold. Han vart ikkje brend. I same haugen vart neste generasjon også gravlagd, men då i ei felles kiste.

Øydegard

Namnet Modvo er svært gamalt og går truleg attende til jernalderen. Det kan tyda "huset på engene."
Huset har brunne ned to gonger. Etter den fyrste øydelegginga vart huset bygd opp att, men då huset brann andre gongen, reiste folket frå garden og kom aldri att. Dette er merkeleg sidan det var ein svært god gard. At det sat folk av ei gjev ætt på Modvo, vitnar fleire funn med opphav på kontinentet. Dei har handla eller bytta til seg statusgjenstandar som glasbeger, romerske myntar og glasperler, noko som ikkje kvarmann kunne gjera. Mykje av gravgodset elles vitnar og om høg status.
At garden vart lagd øyde, kan skuldast politiske tilhøve, fiendskap eller at det blei ledig jord i meir sentrale bygder. Det kan og tenkjast at åkrane vart utarma etter 200 år med sterk utnytting.
Dei neste spora etter hus på Modvo er ei tuft etter eit lite tømra hus frå mellomalderen fleire hundre år etter. Modvo har i alltid seinare vore utmark til andre gardar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Modvo. Kulturseksjonen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Luster kommune. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR