Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gravrøysene på Botnane



På fastlandssida av Bremanger, ned mot Flora kommune, ligg Botnane med gardane Øvrebotnen, Sørbotnen og Nordbotnen. I dag finn ein åtte gravrøyser på Botnane, fleire av dei ligg lett synlege attmed vegen. Ein reknar med at alle vart bygd i eldre bronsealder - kring 1800-1000 f.Kr.

Søre røysa, Nordbotnen. Røysa er bygd opp av enorme mengder stein, og det må ha kravd mykje tid og mange folk i arbeid.

Søre røysa, Nordbotnen. Røysa er bygd opp av enorme mengder stein, og det må ha kravd mykje tid og mange folk i arbeid.

Eigar: Gunnar Skjølberg.

Datering: 1984.

Fotograf: Gunnar Skjølberg.

Grav med steinrøys over

Det som i dag er ei vanleg grend var for kring 3000 år sidan åstad for mektige gravferder. Den avdøde, kanskje ein mektig hovding, vart lagd i ei tillaga kiste av steinheller saman med våpen og utstyr. Deretter tok ein til på det tidkrevjande arbeidet med å dekka over grava med tonn på tonn av stein. Ein sa seg først ferdig med grava når ho låg som ei markert røys i landskapet.

Statussymbol og hierarki

Gravrøysene er enno etter nokre tusen år i ganske god forfatning. Rett nok har gravene vorte flata noko ut med tida, men framleis er dimensjonane imponerande. Den største er på heile 36 meter i tverrmål, mens den minste har eit tverrmål på 14 meter. Med andre ord skulle det ein dryg arbeidsinnsats til for å bygge desse gravene, noko som syner at dei vart bygde i ei tid med eit klart hierarki. Gravrøysene er såleis gode symbol på kultur- og samfunnsutviklinga i bronsealderen.

Bilete av den søre røysa.

Bilete av den nordre røysa.

Meir jordbruk, men lite bronse i bronsealderen

I siste del av yngre steinalder (4000 - 1800 f.Kr.) og fram mot bronsealderen går samfunnet meir i retning av eit jordbrukssamfunn. Ikkje slik å forstå at jordbruket erstatta jakt og fiske, men i den forstand at folk vart meir knytte til jorda, samstundes som utnyttinga av husdyr og åker vart betre. I den første jordbrukstida vart berre kjøtet og skinnet på dyra nyttiggjort, men fram mot bronsealderen vart ein etter kvart merksam på viktige biprodukt som mjølk, blod og ull. Seinare vart storfe også brukt som trekkraft. For folk flest var denne endringa av langt større vekt enn oppdaginga av sjølve bronsen, eit metall dei færraste hadde råd til å skaffe seg.
Bronsen symboliserer derimot at nye sosiale skilje voks fram, kanskje dels som ei følgje av det framveksande jordbrukssamfunnet. For mens jaktlukka kunne variere sterkt frå år til år, sørgde kontrollen med jord og land til eit meir stabilt innkomme. Det er likevel grunn til å understreka at ein veit lite om jordbruket på denne tida, og at alt tyder på at jakt og fiske framleis var av stor vekt.

Bilete av røya mellom bruk 1 og bruk 2.

Kontinentale impulsar

Gravrøysene på Botnane er også eit døme på at ein i bronsealderen var mottakeleg for impulsar frå kontinentet, anten det gjaldt teknologien på denne tida eller religiøse førestillingar. No er ein usikker på kva tru som låg til grunn for bygginga av gravrøysene, men det som i alle høve er sikkert, er at skikken var eit allment europeisk fenomen. Til liks med mange tidlegare og seinare kulturelle impulsar komt gravrøysskikken til Noreg frå Jylland.

I og med at gravrøysene på Botnane er opna, ser ein òg at dei er oppbygde etter same leisten som på kontinentet. Det nedste laget i grava er eit lag av små rullesteinar. Deretter har ein bygd ei kiste av heller for liket. Forma på kista i Nordre røysa har blitt tolka slik at den gravlagde låg med hovudet mot sør. Bortsett frå nokre potteskår og nokre beinbitar har ein ikkje funne restar av verken den døde, eller det vedkommande fekk med seg i grava. Frå andre graver veit ein derimot at det var vanleg at menn fekk med seg våpen som øks, sverd eller dolk, mens kvinner vart gravlagde med pyntegjenstandar som beltespenner og smykke.

Bilete av ei "kiste" i Nordre røysa.

Kystrøysa, eit landemerke

Gravrøysene i Botnane er likevel ikkje heilt lik den jyske varianten. For mens ein der hadde eit tjukt lag jord over steinmassen, var det vanleg langs kysten i Noreg å nøye seg med ei naken steinrøys. Denne særskilte gravforma blir kalla for kystrøyser.
Sidan steinen ikkje er dekt til med jordmasse, har dei heller ikkje grodd att, men er enno, kring 3000 år seinare, godt synlege for den som fer forbi. Det at dei er godt synlege, er neppe tilfeldig. Det er nemleg tydeleg at gravrøysene hadde ein funksjon også ut over å vere staselege graver. For mens nokre av røysene er samansøkte i dag, var dei i samtida ruvande i landskapet. Det at fleire av dei er lagt oppe på berg eller høgder tyder på at dette var tilsikta. På den måten var dei lett synleg frå skipsleia, slik at dei som fór forbi vart gjort merksam på at her var det samla både folk og makt.

Bilete av elevar på klassetur.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fett, Per: Førhistorisk minne i Fjordane. Bergen 1957.
Magnus, Bente og Myhre, Bjørn: Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingesamfunn.
Mykland, Knut (red.): Norges Historie. Cappelen. Band 1. Bærum 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR