Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Spor etter menneske i fleire tusen år



På flata der Sogn psykiatrisenter ligg på Rutlin i Sogndal, har det vore busetjing tilbake til bronsealderen (1800 - 500 f. Kr.) og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder (4000 - 1800 f. Kr.). I 1998 vart dette spanande materialet grave fram i dagen.

Oversikt over utgravingsområdet på Rutlin.

Oversikt over utgravingsområdet på Rutlin.

Eigar: Bergen Museum.

Datering: 1998.

Fotograf: Søren Diinhoff.

Planprosessen

Då planen om eit psykiatrisenter på Rutlin låg føre tidleg på 1990-talet, vart planen i samsvar med Kulturminnelova sendt til kulturavdelinga i fylkeskommunen. Det vart vedteke at området måtte registrerast arkeologisk. Denne undersøkinga viste omfattande spor etter busetjing i førhistorisk tid. Dette var bakgrunnen for at arkeologar frå Bergen Museum sommaren 1998 utførte eit stort feltarbeid på Rutlin.

Tidleg åkerbruk

På den nordlege delen av Rutlin-terrassen var det tjukke dyrkingslag. Allereie for meir enn 4000 år sidan byrja menneska å dyrka jorda her. Pollenanalysar viser at dei felte skogen for å bruka området til beitemark og korndyrking. I den fyrste tida var husdyrhaldet viktigast, men pollenanalysane viser at kornslaget bygg vart dyrka. Åkrane låg spreidde på flata og i skråningane. For om lag 2200 år sidan, i midten av bronsealderen, byrja menneska med meir intensiv utnytting av jorda. Åkrane vart meir permanente, dei vart gjødsla og rydda for stein. Pollenprøver tyder på at ein har gått over til eit vekselbruk der periodar med åkerdrift har veksla med brakklegging og beitemark. Slik har tilhøva truleg også vore i førromersk jarnalder (500 f.Kr. - 0).

Puslespel med mange brikker

Det vart registrert meir enn 1100 strukturar ved utgravinga. Dette er spor i undergrunnen i form av stolpehol, eldstader og kokegroper. Ut frå dette les arkeologane historia til Rutlin. Enkelte stadar låg det opp til tre strukturar per kvadratmeter. Dette gjer det veldig vanskeleg å tolka resultata. Det er for mange moglegheiter.

Den eldste fasen med busetjing

På Rutlin er det sikre spor etter sju bygningar. Den eldste daterer seg til den mellomste bronsealderen, om lag 1100 f. Kr. Denne bygningen har truleg vore rundt 10 m lang. Den har hatt vegg-grøft og eit par takberande indre stolpar sett på syll (stein eller stokk som heva stolpane frå marka). Dette er ein noko uvanleg hustype. Bygningen har truleg vore brukt som uthus. Om lag 300 år seinare, 800 f. Kr., har det vore eit langhus på om lag 6 x 25 m. I tillegg er fleire stolpar daterte til sein bronsealder. Det tyder på at det har lege fleire bygningar her samstundes.

Jarnaldergarden

I dei siste århundra før Kristus stod eit treskipa langhus på om lag 6,5 x 18/19 m på Rutlin. Den neste bygningen som er identifisert, var i bruk i den midtre delen av jarnalderen (om lag 300-500 e. Kr.). Denne var mellom 14 og 16 m lang, og har husa både menneske og dyr. Frå sein romersk jarnalder/folkevandringstid (om lag 350 e.Kr) er det dokumentert eit stort langhus. Det var orientert aust-vest på flata og var om lag 50 m langt og 6,5 m breitt. Denne bygningen hadde djupe steinskodde stolpehol med diameter på over 40 cm. Stolpane i store bygningar vart ofte skodde med steinar for at dei skulle stå betre. Funn av leirklining viser at veggene har hatt leirklint flettverk. Bjørkenever tyder at taket har vore torvlagt. I denne bygningen vart det gjort funn av potteskår, vevlodd, bryne og jernknivar.

Bruk i mellomalderen

På den sørlege delen av Rutlin-terrassen låg ein bygning frå høgmellomalderen (1200 e. Kr.), 32 x 6,5 m stor. Ut frå funn av keramikk, veit ein at den var i bruk på midten av 1100-talet. Denne bygningen er stolpesett. Her er to rekkjer med takberande stolpar som er trekte ut i ytterveggen. Tre stolpar inne i bygningen har berre hatt støttande funksjon. Det er få kjende stolpesette bygningar frå mellomalderen, og arkeologar har difor meint at laft var den vanlege bygningsmetoden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Diinhoff, Søren: Arkæologiske undersøgelser af forhistorisk bosætning ved Rutlin i Sogndal. I Lokalhistorisk Årshefte, årgang 4, s. 64-67, Sogndal Sogelag, Fjærland Sogelag, 2003.
Sogn Avis 23.06, 15.07, 29.07.1998.
Bergens Tidende 01.07.1998.
Auestad, Jan G.: Sogndal kommune, reguleringsplan for Rutlin, gnr. 22 bnr. 4 - rapport frå forundersøking. Upublisert rapport frå forundersøking ved Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Førde 1993
Diinhoff, Søren: Den tapte middelalder? Middelalderens tapte landbebyggelse. Symposium ved Universitetets kulturhistoriske museer i Oslo 11.-12. marts 2004.
Diinhoff, Søren: Udgravningsrapport. Rutlin bnr. 22/4, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane. Upublisert utgravningsrapport ved Bergen museum 2003. Bergen 2003.
Bakka, Egil: Ytre Moa. Eit gardsanlegg frå vikingtida i Sogn. I Viking XXIX, s. 121-146. Oslo 1965. Myhre, Bjørn og Øye, Ingvild: Noregs landbrukshistorie I. 4000 f. Kr. - 1350 e. Kr. Jorda blir levevei. Oslo 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR