Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Gravhaugane på Ytre Moa



I tillegg til 6 hustufter, ligg der 20 gravhaugar og ein bautastein på Moaterrassen. Nokre av gravhaugane ligg mellom husa, men fleirtalet av dei er samla i ei rekkje, aust for tunområdet. Haugane er ulike både i storleik og form - her er både runde, ovale og avlange haugar. Berre eit fåtal av dei 20 gravhaugane på Ytre Moa er undersøkte. I tillegg er det undersøkt ei grav under flat mark, og ei båtforma steinsetting - som truleg er ei båtgrav. Alle gravene vart arkeologisk granska samtidig som hustuftene - sumarane i åra 1964-66.

Rekonstruksjon av vikinggarden på Ytre Moa.

Rekonstruksjon av vikinggarden på Ytre Moa.

Gravskikk i vikingtida

I vikingtida var det vanleg både med gravlegging i haug og under flat mark - med eller utan markering på overflata. Gravhaugane vart plassert slik at dei var godt synlege, og ofte vi finn vi dei i nærleiken av tunet, ved vegen til garden eller på stader der ein kan sjå inn mot tunet. Ofte finn vi dei samla i grupper, frå berre to til nærare 20 gravhaugar. Forma kan vere rund, oval eller avlang, og storleiken kan variere. Oseberghaugen skal ha vore over 40 meter i tverrmål og 4 meter høg, medan dei fleste gravhaugane på Ytre Moa har vore om lag 0,5 meter høge og mellom 5 og 10 meter i tverrmål.

Smykke, våpen og reiskap

Gravskikken i vikingtida har variert - vi finn både brente og ubrente gravleggingar. Kva for gjenstandar vi finn i gravene kan variere, både i mengd og utval. Smykke, våpen og reiskap knytt til ulike handverk som t.d snekkar, smed, tekstilhandverk eller jordbuk er blant dei vanlegaste. Kvinner og menn har fått ulikt utstyr med seg i grava, og tekstilreiskap og kjøkenutstyr er vanlege gjenstandar å finne i kvinnegraver, medan vi ofte finn våpen, jaktutstyr og snekkarreiskap i mannsgraver.

Grava under flat mark

I kanten av terrassen, fann ein ung gut eit ringbissel av jarn. Då arkeologane undersøkte funnstaden nærare, forsto dei at ringbisselet måtte stamme frå ei grav. Terrassekanten var no ein open rasskant, og det meste av grava har difor truleg rasa ut - utan at ein veit når dette kan ha skjedd.

Ei ubrend mannsgrav

Like ved funnstaden for bisselet, fann arkeologane fleire gjenstandar: ei holkøks av jarn med open fal, og nokre små jarnstifter. Det stakk også ut fleire flate steinar i terrassekanten der bisselet vart funne. Dette er truleg restane av eit steindekkje over grava. Diverre fann ein ikkje restane etter sjølve gravlegginga, men ut frå det ein kjenner til om gravskikk i vikingtida, kan vi rekne med at dette har vore ei ubrend mannsgrav. Bissel og øks er gjenstandar som er vanlege å finne i mannsgraver frå denne tida.

Gravhaugane

7 av dei 20 gravhaugane er undersøkte: haugane 3,4, 7, 10, 12, 16 og 19. Då arkeologane starta undersøkingane av haug 7, skjøna de raskt at dette likevel ikkje var ein gravhaug. Arkeologane fann ut at haugen var ein voll av stein, grus og jord, som "strakk seg ut frå " søndre langvegg på tuft B. Kanskje har det vore eit ledegjerde, eller ei inngjerding?

Haugar utan gravrestar

Dei andre haugane som blei undersøkte, var ein sikrare på var gravhaugar - både ut frå form, konstruksjonsmåte og plassering. Haugane 3, 4, 10 og 12 var alle relativt små; om lag 5-6 meter vide, og 0,5 meter høge, og runde/ovale i forma. Dei var bygt opp av stein med eit tynt jordlag over. Det vart ikkje funne rester etter graver eller gravlegging i dei. Med unntak av eit bryne frå eldre jernalder som vart funne ståande opprett på botnen av haug 4, fann arkeologane heller ikkje gjenstandar i nokre av desse haugane.

Største haugen på Ytre Moa

Derimot fann dei fleire gjenstandar i haug nr. 16: hestetenner, 2 bryne, ymse jarnfragment og ei brent grav. Haug 16 var den største haugen på Ytre Moa, om lag 10 meter i diameter og trekvart meter høg. Haugen var jamn og rund, men hadde eit søkk i midten - truleg etter tidlegare gravrøving.

Hest vanleg gravgåve

Hestetennene vart funne spreidd rundt i haugen. Både hest og hesteutstyr har vore vanlege gravgåver i vikingtida. Til dømes vart det i grava til Osebergdronninga funne skjelett av mellom 12 og 15 hestar. Utstyr til hest og ferdsle med hest er av dei mest talrike og rikhaldige gjenstandsgrupper frå vikingtida, og på landsbasis er det funne meir enn 1000 graver med slikt utstyr (Solberg 2005). Sjølve grava låg på bakkeplan, med kol og bein strødd utover et område på om lag 1,5 meter i tverrmål. Slike gravleggingar kallar arkeologane for brannflak, og er ein tradisjon som har vore vanleg i fra folkevandringstida (frå om lag 400 e.Kr) til slutten av vikingtida (om lag 1050 e.Kr).

kjelder:

Bakka, E. 1964. Gransking av gardsanlegg frå vikingtida på Ytre Moa, Årdal, Sogn og Fjordane. Bergen Museum, topografisk arkiv. Bergen Melding om den arkeologiske utgravinga på Ytre Moa, Årdal, Sogn og Fjordane. Sommaren 1965. Bergen Museum, topografisk arkiv. Bergen. Lillehammer, A. Haug 4, Ytre Moa, Årdal, Sogn og Fjordane. Utgravingsrapport. Bergen museum, topografisk arkiv. Bergen. Haug 16, Ytre Moa, Årdal, Sogn og Fjordane. Utgravingsrapport. Bergen Museum, topografisk arkiv. Bergen,
Bakka, E. 1965. Ytre Moa - eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.): Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Solberg, B. 2000. Jernalderen i Norge. 500 år før Kristus til 1030 etter Kristus Cappelen akademisk forlag. Oslo

PERMANENT IDENTIFIKATOR