Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gravrøysene på Horne



Lengst vest i Naustdal kommune, på grensa til Flora, ligg garden Horne. Her ligg tre gravrøyser frå bronsealderen. Sommaren 1990 vart to av dei rydda og stelt i stand. Ei av røysene vart også delvis restaurert.

To av dei tre gravrøysene på Horne vart stelt i stand i 1990. Røysene er tidfesta til bronsealderen og ligg like ved fjorden. Dei var bygde slik at dei skulle synast godt for dei som kom forbi med båt.

To av dei tre gravrøysene på Horne vart stelt i stand i 1990. Røysene er tidfesta til bronsealderen og ligg like ved fjorden. Dei var bygde slik at dei skulle synast godt for dei som kom forbi med båt.

Eigar: I Sogeskrift for Naustdal 1992.

Datering: 1990.

Fotograf: Arne Johan Nærøy.

Tre gravrøyser

Røysfeltet på Horne ligg ut mot Horneneset ved Førdefjorden. Karakteristisk for området er aust-vest orienterte knausar med flatare parti omkring. Mellom tunet på garden og røysene er det ein vid, flat og oppdyrka terrasse. Gravrøysene ligg ned mot stranda. To av dei på avlange, aust-vest orienterte svaberg, og den tredje på flat mark tett attmed den største. Den tredje røysa er tilnærma rund med ein diameter på 6-7 meter. Ho er sett saman av eit lag stor og noko ujamn strandstein. Dei to røysene på svaberga er 11 x 6 m og 19 x 5 m store og er lagt opp med fleire lag stor stein. Det har skjedd ein del utrasing i begge desse røysene.

Frå bronsealderen

Gravrøysene på Horneneset ligg ned mot fjorden og vendt mot sjøen og sjøleia. Røyser av denne typen vert til vanleg tidfeste til bronsealderen. Bronsealderen vert her i Norge tidfesta frå 1800 til 500 f.Kr. På kysten av Sogn og Fjordane finn ein svært mange slike gravrøyser. Ikkje langt frå Horne finn ein fleire av same typen. På gardane Svortevik og Standal i Flora og på Hegreneset, på sørsida av Førdefjorden.
Røysene ligg langs den dåverande hovudferdselsåra, noko som syner at samferdsla då som no var viktig for samfunnet. Dei var vende mot sjøen og har hatt ei meining i høve til dette.

Symbol på status

I tillegg til den nære samanhengen mellom røysene og skipsleia, har dei òg vore symbol for den avlidne og slekta til denne. Dei har synt kva posisjon den avlidne har hatt i samfunnet. Gravrøysene ligg ikkje langt frå tunet og markene på Horne. Dei har truleg hatt tilknyting til gardsbruket som må ha lege ein eller annan stad i nærleiken. Nokre hundre meter aust for røysene vart det funne flintreiskapar som er tidfesta til yngre steinalder eller tidleg bronsealder.
Røysene er gravminne bygt etter tradisjonane i si tid. Dei er bygde for å minnast dei døde, men har samstundes fungert som symbol for staden der folka kom frå og kva sosial stand dei høyrde til. I mange høve er fleire personar gravlagde i same røysa, men på ulike tidspunkt. Slik kan ei røys ha vore gravstaden til ei slekt. Gravrøysene på Horne er ikkje gravne ut, så ein veit ikkje kva dei inneheld av gravgåver og liknande. Av storleiken på den største må ein likevel tru at slekta som har nytta denne har hatt ein høg posisjon i samfunnet.

Den største røysa

Den største av gravrøysene på Horne er bygt på ein slik måte at ho ser større ut den ho verkeleg er. Dei har prøvd å skape eit inntrykk av å ha høgare sosial rang enn dei verkeleg hadde. Røysa er bygt på eit avlangt svaberg som er 2-3 meter høgt og om lag 20 meter langt. Slik steinane ligg kan det tyda på at svaberget har vore dekka av eit lag stein på sida som vender mot sjøen. Gravrøysa har vore eit imponerande syn for dei som siglde forbi på fjorden, sjølv om det ikkje er lagt ned eit så stort arbeid i bygginga som ein kan få inntrykk av.

Vernetiltak

Ved årsskiftet 1989/90 overtok Fylkeskultursjefen i Sogn og Fjordane ansvaret for vedlikehaldet av og vernetiltaka for dei førhistoriske kulturminna i fylket. Til førhistoriske kulturminne vert rekna alle kulturminne eldre enn reformasjonen i 1537. Dei er automatisk freda ved lov om kulturminne av 1978.
Naustdal har få freda kulturminne att og Fylkeskultursjefen meinte difor at ein burde gjere ein del arbeid med bevaringa av desse. Røysene på Horne trengde å ryddast for all vegetasjon for å hindre vidare naturleg øydelegging. Arbeidet vart utført i mai 1990 av Jan Auestad og Arne Johan Nærøy frå Historisk Museum i Bergen, med hjelp av grunneigar Leiv Horne.
Arbeidet vart konsentrert om røys nr. 2 og 3, mens den vestlegaste framleis ligg urørt. Mest arbeid gjekk det med til å rydde røys nr. 2. Denne vart meir og meir imponerande etter kvart som ho kom fram frå vegetasjonen. Om lag halvdelen av røysa var rasa ut og delar av det som såg ut som eit gravkammer kom fram i dagen. Her låg fem store, rektangulære steinar i ei rad, med ei grop i berget innanfor steinane. Andre fordjupningar ein fann i steinane oppe på røysa var truleg spor etter forsøk på gravplyndring. Det kom ikkje fram funn i samband med gravkammeret som vart avdekka, men mykje av dette var truleg alt øydelagt på grunn av dei utrasa steinane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nærøy, Arne Johan: Gravrøysene på Horne. I Sogeskrift for Naustdal 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR