Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fornminne i myr og stein



Fjellgrunnen i Solund oppmoda ikkje til å rite inn bergkunst. Men her var mange hellerar og framspring eigna til buplass for dei tidlege fangstfolka, og kort veg til matfatet.

Gravrøys frå Stokkevågmarka. Røysa ligg i kupert terreng, er nærare 3 meter lang og har vidt utsyn til sjøen. No er ho heilt låg. Før dei visste at dette var eit kulturminne, har folk plukka litt stein herfrå til ymse bruk bruk.

Gravrøys frå Stokkevågmarka. Røysa ligg i kupert terreng, er nærare 3 meter lang og har vidt utsyn til sjøen. No er ho heilt låg. Før dei visste at dette var eit kulturminne, har folk plukka litt stein herfrå til ymse bruk bruk.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Freda hellerar og gravrøyser

Med grunnlag i tidlegare registreringar av Per Fett vart det i 1979 på nytt føreteke registreringar av faste kulturminne i Solund. I ein viss mon vart det leita etter nye lokalitetar. Arbeidet var leia av Arthur Fasteland. 23 einskildlokalitetar vart registrerte. Lause kulturminne som økser og pimpsteinar o.l. kjem utanom.
Alle faste kulturminne er automatisk freda ved lov, også uregistrerte ein måtte komme over. Utanom steinalderbuplassen Grønehellaren dreier dei faste fornminna seg helst om hellerar, holer og gravrøyser, og på Utvær kyrkjetuft og brynesteinar. Ingen andre enn Grønehellaren er nærare undersøkte.

Skjel, flint og kolbitar

Naturen i Solund byr på mange steinhellerar og framspring i fjellet. Desse gav naturfolka bra vern mot væte og vind, og dei kunne slå seg ned for kortare eller lengre tid. Når det i tillegg var rikeleg av vilt og fisk, kunne ein slik buplass verte brukt i tusenvis av år. Prøvestikk fleire plassar syner spor etter tidleg busetnad, kanskje etter dei første menneska som streifa langs isranda.
Under eigedommen Furevik er registrert ein slik heller. Han ligg 10-15 m o.h. og like ved ei lita fiskerik elv. Prøvestikk viste bein, skjel, flint og kolbitar. Jorda var mørk og kolhaldig.

Midt i matfatet

I det fortetta øyriket Ospa finst ikkje mindre enn tre hellerar som må ha tent som buplassar. I alle tre vart registrert kolhaldig jordlag, skjel, beinrestar og flintavslag. Her skulle det iallfall ikkje vere lang veg til eit rikhaldig mattilskot frå sjøen. To av desse hellerane er meir kjende: I Ospekirkja budde norske radiooperatørar ei tid under siste krigen, og i Værøystaua fann og berga dei ein forkommen ungdom som hadde krabba opp dit etter skipsforlis.
På Hersvik ligg helleren som vert kalla Griseparken. Der fann dei bl. a. eit 25 cm tjukt lag med bein og skjel.

Steinalderlokalitet på Setrevågen

Konservator Egil Bakka frå Universitetet i Bergen registrerte fornminne i Solund 1952. Han hadde særs godt auga for korleis slike område måtte ha sett ut den gongen havet stod høgare. Han tok prøvestikk og påviste spor etter buplassar i Grønehellaren, Venehellaren, på Hersvik, Lendig og nokre andre stader. Under garden Kolgrov og på Håsvågen er også hellerar med spor etter tidleg busetting. Steinalderlokaliteten på Setrevågen vart oppdaga av Tore Bjørgo i 1973 under synfaring langs veganlegget Ytrøygrend - Hjønnevåg, og på Lundøy og Hardbakke kom flintavslag for dagen under planlegging av industriområde og veg.

Overgrodde av mose

Gravrøyser finst under gardane Kolgrov, Indrøy, Steinsund og Stokkevåg, 9 i alt. Sjølve gravene vart opphavleg dekte med stein. Dei fleste er no lett overgrodde med mose og lyng. Storleiken varierer, på jamnen kan dei vere 2-3 x 1 meter.
På Indrøy er tre røyser som ligg fleire hundre meter frå kvarandre. I Bjørnefjorden, Steinsund ligg ein gravflokk på tre, dvs. med berre få meters avstand. Her er også 4-5 tvilsame røyser.
Av andre kulturminne kan nemnast pimpsteinar på Tungodden (med sliperenner) og Hågøy, og ei tverrøks av stein funnen i Steindalen.

kjelder:

Fornminne i Sogn og Fjordane, Solund. Hefte 4, Historisk Museum, Bergen 1983.
Fett, Per: Førhistoriske minne i Sogn, Solund Prestegjeld. Historiske Museum, Bergen 1954.
Røsholdt, Ole:Steinalderen.Gyldendal Forlag, Oslo 1995.

Nettstad:
Per Fett-katalogane:
http://www.dokpro.uio.no/arkeologi/fett/fett_ramme.html

PERMANENT IDENTIFIKATOR