I 1857 løyvde fylket pengar til Gaular kommune for å bruka krut til å sprengja veg i Matbjørhammaren ved Viksdalsvatnet.
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med…
«Kommandøren», «Lærdal» og 40 motorbåtar dagen etter. Det var eitt av krava Sogn og Fjordane sin representant fekk på bordet hjå den tyske generalen Engelbrecht i Lærdal, onsdag 1. mai 1940. Dei norske styrkane i Valdres hadde innstilt kampane dagen før, og 1. mai, kl. 05.00 var ordren at forsvar…
På ei avkøyrsle mellom Midthjell og Lefdal står ein steinkross som skil seg ut frå liknande krossar i fylket. Han er ser ikkje heilt ferdig ut, og det er ein kopi oppsett i 1994. Originalen stod tidleg på 1800-talet langt uti sjøen, men vart i 1831 sendt til Historisk Museum i Bergen. Ei segn…
Då Fylkesbaatane vart skipa i 1858, kom det faste båtruter langs kysten og inn i fjordane. Postrutene vart mange stader flytta frå land til sjø, slik at dei landvegs postrutene vart kortare. Frå 1868 kom posten med dampskip til Vadheim og postvegen vart lagt mellom Vadheim og Førde. Postvegen i…
Jens Larsen Drægeli (1814-1900) var ein gardbrukar frå Aurland som dreiv legeverksemd. Han var sjølv opplærd i behandling og handterte for det meste sår og beinbrot. Det er denne legeverksemda han er kjent for i dag.
Måndag 8. april 1940 hadde avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) ei notis om Fylkesbaatane sine avgangar frå Bergen til Sogn i tida 8. til 14. april. «Kommandøren» skulle gå frå byen måndag, klokka 21.30, og tysdag 9. april var det «Alden» sin tur. Slik vart det ikkje. «Kommandøren» gjekk frå Bergen…
FÆDRELANDSSANGE er tittelen på eit lite songhefte Kyrkje- og undervisningsdepartementet gav ut hausten 1906, og i ny utgåve 1914. Heftet inneheld 11 songar. Siktemålet var at skuleborna skulle læra eit utval «fædrelandssange» utanåt og til same tone. Skulestyret i Vik hadde Fædrelandssange på…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.
Ingeborg Brekke (1909-1999) frå Gulen var ei kvinnesakskvinne, ukonvensjonell gründer og samfunnsdebattant.
Fylkesbaatane byrja ruteferdsle Sogn og Fjordane-Bergen 2. desember 1858. I fleire år før hadde ei rekkje skip prøvd seg i rutefart mellom Sogn og Bergen (og Stavanger) utan heilt å lukkast. Eitt av dei var hjuldamparen "Bjørgvin". Hausten 1855 gjekk skipet på eit skjer nær Skjergjehamn.
Alt i mai 1940 kom tyskarane til Rutledal og bygde eit anlegg for utskyting av torpedoar. Seinare starta bygginga av eit kystfort, og infanterisoldatar kom også til Rutledal.
Leikanger kyrkje er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250. Kyrkja, som har 260 sitjeplassar, vart vigsla 14. november 1872 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland etter ei omfattande ombygging. Ombygginga skjedde etter teikningar av arkitekt Christian Brodtkorp Christie. Leikanger kyrkje er,…
På ei lita flate knapt 10 meter frå vegen inne i Henjadalen, står det ein uvanleg minnestein. Det var Norsk Arbeidstjeneste (AT) som reiste han i 1944, til minne om sitt eige arbeid med å byggja den om lag 5 km lange vegen opp til stølen Flyane.
Ålfoten kyrkje er ei langkyrkje i lafta tømmer som står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 100 sitjeplassar, vart bygd på 1600-talet. Årstalet 1678 var lenge rekna som byggeåret, men ho er truleg bygd kring 1610. Ålfoten kyrkje er soknekyrkje for Ålfoten sokn i Davik…
Fram til i 1920-åra hadde Allmenningen og Eldevika felles seter i Skogadalen i dåverande Davik kommune. I 1920-åra bygde brukarane i Eldevik eigne sel lenger nede i nærleiken av Sætrevatnet. Allmenningen hadde vår - og hauststøl på Branden. Der var det ikkje sel, og folka måtte gå heim att om…
Garden Tue ligg kring 3 km vest for Balestrand sentrum. Det gamle hovudtunet låg på sletta nedom riksvegen der husa på bruk nr. 7 ligg i dag. Ei lita grov renn like ved tunet, og Tusselva renn i fjorden kring 150 meter aust for gardstunet. Begge stader har det gått store skreder.
Fjellgrunnen i Solund oppmoda ikkje til å rite inn bergkunst. Men her var mange hellerar og framspring eigna til buplass for dei tidlege fangstfolka, og kort veg til matfatet.
Seglar ein inn Sognefjorden og rundar Bekkaneset kjem ein - om ein held seg på nordsida av fjorden - etter ei stund til Verholmen i Lavik. Her var det landhandel og gjestgiveri i tida då sjøen var hovudferdselsåra og sogningane reiste til og frå Bergen med varer.
I 1904 skjedde ei stygg arbeidsulukke i Fresvik. Anna Thorkildsen fekk ei tung grasrodde (ein rund høyball) over seg som kosta henne livet. Ei tid etter vart det sett opp ein stein på ulukkesstaden ssom mange år seinare ramla over ende. I 2001 gjenoppdaga skuleelevar minnesteinen.