Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 08. november 2019

Sist oppdatert 25. november 2019

Kategori

Rå-data

Jens Larsen Drægeli



Jens Larsen Drægeli (1814-1900) var ein gardbrukar frå Aurland som dreiv legeverksemd. Han var sjølv opplærd i behandling og handterte for det meste sår og beinbrot. Det er denne legeverksemda han er kjent for i dag.

Jens Drægeli sin gravstein.

Jens Drægeli sin gravstein.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Bakgrunn

Jens Larsen Drægeli vart fødd i 1814 i Dyrdal i Nærøyfjorden. I ung alder kjøpte han husmannsplassen Drægeli og gifta seg med Synneva Olsdotter Dyrdal (f. 1829). Han var ein nevenyttig og vel lest mann og godt likt i sitt lokalsamfunn. Når Drægeli tok til med legeverksemda er ikkje kjend, men frå barnebarna høyre me at det heile begynte når ei småjente hadde fått ei bordflis so djupt inn i låret at ingen andre torde trekkja den ut. Foreldra kom då til Drægeli for å søkja hjelp ettersom han var ein nevenyttig, smart og barmhjertig kar. Innan 1860-åra hadde hans verksemd blitt så omfattande at distriktslegen kommenterte på det og sjuke kom reisande frå fjernt og nært for å sjå Drægeli.

Legeverksamd

Drægeli si legeverksemd kom verkeleg i gang etter den tragiske døden til kona, ho vart stanga av eit kyr i 1873. Etter denne tragiske hendinga overlat Drægeli garden til eldste sonen og flytta til ei stove der han begynte med legeverksemd på fulltid. I sjukestova si, som nokon gonger blir omtalt som eit lite sjukehus, hadde Drægeli sengeplass til 10 sjuke. Det er i denne tida han hadde opp mot 40 pasientar for dagen. I folketeljing frå 1891 finner vi ut at ein tidlegare pasient Inger Jørgensdtr Frotle har blitt Drægeli sin hjelpar, ho står oppført som «tjenestepige og husholderske»

Drægeli tok seg ikkje betalt for tenesta sine som lege, han tok berre imot pengar om det vart tilbudd frivillig.

Drægeli sin kunnskap

Legeverksemda til Drægeli var ikkje ein overtruisk ein. Den var basert på vitskapeleg plantemedisin og bøkjer skriven av leger for leikfolk. Plantar til medisin samla han sjølv. Sjølv om han hovudsakleg arbeida med sår og beinbrot var han dugande når det kom til andre plagar, også psykiske. Då han behandlar psykisk sjuke handla det ofte om folk som har mista livslysten, ein kan tenke seg depresjon. Kjeldene fortel at han behandlar desse pasientane ved å vise omsorg for dem og la de slappe av i sjukestova hans.

Stor tillit hos folket

Tilliten folk hadde til Drægeli kjem tydelig fram da så mange folk kom frå fjern og nær. Han hadde også en plass i sunnheitskommisjonen i Aurland frå 1872-1875. I kommisjonens verksemd vart Drægeli presentert som kollega av Distriktslegen, endå eit døme på Drægeli sin status som god lekjar.

Rettssak mot Drægeli

Sjølv om folk flest hadde tillit til Drægeli, var det ikkje alltid slik frå distriktslegen sin side. Dette ser vi i fleire brev frå distriktslegen der han kallar han kvakksalver. Og det vert oppretta sak på Drægeli. Det vart to avhøyr av Drægeli, men ingen straff vart gitt då alle vitnar snakka godt om han og hans verksemd.

Alderdom

I fylkestingforhandlingene frå 1893 kan vi lese at Drægeli no har blitt for gammal til å drive arbeid, han sender derfor inn sak om å få tildelt eit honnør for  mange årsarbeid. Han seier sjølv at han har drive med legeverksamd i ca. 50 år. Dette blir ikkje godkjend av amtet, men de som var til stades på møte la vekt på at Drægeli var ein god mann som har gjort mykje godt for folk og avslaget skjer på eit økonomisk grunnlag. I 1897 blir det godkjend ein eingongs betaling til Drægeli på 100kr som takk for alt sitt arbeid.

Fire år seinare, i 1900 døydde Drægeli 86 år gammal.

Minnet etter Drægeli

Minnet etter Drægeli har overlevd sjølv til i dag. På gravsteinen hans, som er praktfull og står flott sjølv i dag på kyrkjegarden i Bakka i Nærøyfjorden, står det Saarlæge.

I Nekrologen 24.mars 1900 til Sogns tidene står det:

Gamle Drægelien er død. Hvem i Sogn kjendte ikke Drægelien ialfald af Navn. Mange Syge søgte ham, navnlig for Saarsygdomme, men ogsaa for andre Sygdomme henvendte man sig til ham. Og ikke faa skal have ham at takke for helbredelse.

Alle andre omtaler om Drægeli i minne snakkar om han på denne måten. 

Drægeli sin verksemd blir omtalt i fylkesmann Hans Seip si bok om Sogn og Fjordane sin historie, som vart skriven under andre verdens-krig, Sida Drægeli blir omtalt på framstiller han som dei fleste andre kilder som ein snill og god mann som bare ville vere til nytte for folk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-88047 Skåsheim, Anders. Mappe O96. L2: Brevveksling mellom Skåsheim og barnebarnet til Drægeli.


Fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane: 1893, 1896 og 1897.


Masteroppgåve av Mari Sofie Johanne Sandvik,


Hermund Kleppa ,Gravminnet på grava til sårlege Jens Drægelid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR