Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. april 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Aurland prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Aurland prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.

Vangen kyrkje, «Hoved-Kirke», var vallokale  i 1814.

Vangen kyrkje, «Hoved-Kirke», var vallokale i 1814.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

«svolt og naud»

Ole Aabel var prest i Jostedal i åra 1792 – 1800. Sommaren 1800 kom han til Aurland. Han kom ikkje til noka lett arbeidsmark, skriv Bygdebokforfattar Anders Ohnstad:

«Då Ole Aabel vart utnemnd til sokneprest i Aurland (…), kom han ikkje til noko lett arbeidsmark. Han måtte bruka båt til Nærøy, UndredaL og Flåm, og skulle han til Vassbygdi vart det båt over vatnet der òg, om han då ikkje gjekk Laoisstrondi, ein ikkje ufarleg veg. Om vintrane kunne is og meinis skapa vanskar. Dessutan kom han midt oppi naudsåri, krigsår med borkebrød og uår. Det var som alle vanskar hopa seg opp. (…) Nauds- og ufredsåri 1807-1814 og dei vanskelege åri etterpå vart ein 20-årsbolk med svolt og naud, i alle høve for husmenn, strandsitjarar og småbønder.» Ohnstad fortel og om strandsitjaren Knut Hansen som illustrerande døme.» (meir om Knut Hansen heilt til slutt)

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 av «Menighedens Agtverdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Aurland prestegjeld 1814

Aurland prestegjeld 1814 omfatta hovudsoknet Vangen og annekssokna Undredal og Flåm (Nærøy sokn vart oppretta 1859). Skrivemåten var Urland. Prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Hovudpostruta mellom Bergen og Christiania gjekk gjennom Aurland, frå fylkesgrensa gjennom Nærøydalen til Gudvangen, ut fjorden til Bakka og Styvi; frå Styvi med båt til Lærdalsøyri. Frønningen hadde postopneri. Frønningen høyrde til Leikanger prestegjeld.

«Wangen Hoved-Kirke»

Vangen kyrkje var vallokale i første runde av val til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Vangskyrkja er ei langkyrkje i stein bygd på i siste halvdelen av 1200-talet. Boka På kyrkjeferd (2000) har denne skildringa:

«Vangskyrkja i Aurland er det næraste vi kjem ein katedral i Sogn og Fjordane. Høgreist og vakker står ho midt på Vangen mellom mektige fjell. Det er med god grunn at Vangskyrkja går under namnet Sognedomen.»

Soknepresten i Aurland 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i 1814. I Aurland var Ole Aabel sokneprest i grunnlovsåret. Han kom som alt nemnt til Aurland i år 1800, og var Aurland sin sokneprest i 39 år. Ole Aabel døydde i Aurland år 1852. Grava hans er teken vare på. Anders Ohnstad har denne omtalen:

[Ole Aabel] (…) var fødd i 1757 på garden Aabel i Tveit, nær Kristiansand. Teologisk kandidat frå 1789. I 1792 kom han til Jostedal og 30/5 1800 til Aurland. Han døydde i 1852. I 1795 vart han gift med Christine Margrethe Pavels. Ho døydde i1863. Dei hadde 9 born. (…) Aabel hadde i 1834 femtiårsjubileum som embetsmann, og sat som sokneprest her til han var 82 år gamal. På sine gamle dagar budde han på Vangen,visstnok på den gamle prestebustaden. (…). Ole Aabel er oldefar til skodesepalaren Hauk Aabel».

Bededagen 18. mars 1814 i Aurland

På den særskilt tillyste bededagen, fredag 18. mars, samlast folk frå heile prestegjeldet i hovudkyrkja på Vangen. I kyrkjeboka for Aurland (ministerialbok) 1801-1821 står innført:

«Freddagen den: 18de Martii. Blev ifølge Norges Prints Regent Hans Høyhed Prints Christian Frederiks … holdet en almindelig Bededag i Wangens Hoved – Kirke og Prædikket over den befalede Text. Præstegieldets mødende Almue tillige ifølge … aller høieste Befaling .. Eed at ville hævde Norges Selvstændighed med Liv og Blod.»

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Aurland prestegjeld har denne ordlyden:

Til Norges Regent! Christian Frederik, Prinds til Danmark, Hertug til Slesvig, Holsten, Stormarn, Ditmarsken og Oldenborg.

Efter høieste Bestemmelse, samt efter udstedt Indkaldelse til Urlands Præstegjelds Indvaanere, have disse i dag i Wangens Hovedkirke under Følelsen af den inderligste Taknemmelighed til Deres Høihed, som nu er Norges Stats i værende slibrige stilling faderligen paatog Dem, at være vor Regent, og at verne om Statens Sikkerhed, Frihed og Rolighed, høitidelig med Fædrenelands-Sind, og med oprakte Fingre aflagt Eed paa: «at hevde Norges Sælvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland.»

Hvorefter fornævnte Urlands Præstegjelds Menighed eendrægtigen valgte Sognepræsten Ole Aabel og Gaardmand Jon Tollevsen Høidahl til paa dens Vegne at indfinde sig paa det af Amtmanden bestemte Sted Wiigøhren den 30de Marti førstkommende, for der paa alle vores Vegne, tillige med de øvrige Menigheders afsendte Befuldmægtige, at vælge 3 af Amtets mest oplyste Mænd, at møde i Eidsvold næstkommende 10de April, og da saaledes som Deres Høiheds Aabne Brev af 19de Februar fastsætter, paa Nationens Vegne at antage og bestemme Kongeriget Norge Regjæringsform, samt denne vor underdanigste Adresse, at overlevere i Deres Høiheds egen Haand, som fuldmagt for Valget og til Bevaring i Rigets Archiv.

Den algode Gud, give saavel den elskede Regent, som det ganske Folk Held og Lykke til denne aflagde Eeds Fuldbyrdelse.

Wangen den 18de Marti 1814
Ole Aabel, [-] Sogne-Præst.
J. Ohnstad, [-] Stædets Lendsmand.
Ole Ohnstad.
Andreas Bech.
Peder Torchelsen Lie.
Lars Thomassen Otternes.
Tollev Johnsen Thye.
Rognald Knudsen Bielde.
Bottel Tørrisen Qvang.
Elling Larsen Winjum.
Bottel Olsen Holum.
Peder Bottelsen Dyrdahl.
Jon Tollevsen Høidahl.
Alle med paaholden Pen.

Dei to valmennene frå Aurland

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Aurland valde ein embetsmann (soknepresten) og ein bonde. Dei to valmennene var:

1. «Sognepræsten Ole Aabel» (sjå omtale ovanfor)
2. «Gaardmand Jon Tollevsen Høidahl»
Jon Tolleivsen Høydal (1783-1838) var son til Tolleiv Jonsen, fødd på Ohnstad, og Gjertrud Ellingsdotter Ty. Den 12. juli 1802 vart Jon ektevigd ed Anna Rognaldsdotter Ohnstad. I 1814 var han bonde på garden Høydal, utskilt frå Ty nokre år etter 1800.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta frå Aurland er underskriven av 13 personar; ein embetsmann (prest), ein lensmann (som var bonde) og 11 utan yrkestittel/ombod. Det kan sjå ut til at 12 er bønder. Det tilsvarar ca 92 % som er over amtet under eitt, ca 75 %. Begge valmennene skreiv under. Underskriftslista inneheld namn frå heile prestegjeldet.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

« [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow»

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

    Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Nils J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Takke- og Bede-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde Norges Regent, prins Christian Frederik, til konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»
Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. På andre søndag etter «Trinitatis» (19. juni 1814) står det notert i kyrkjeboka:

«3die Sønd p: T: [3. søndag etter trinitatis (treeinigheit)] 26de Juni, blev ifølge Kongelig allernaadisgste Befaling afholdet en Takke- og Bede-Fest i Wang: H: K:, [Vangen hovudkyrkje] i Anledning af Hans Høyhed Prints Christian Frederichs Udnævnelse til Norges Konge.»

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.


Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvolls-mennene vart valde til omframstortinget.
Dei valde vart:

1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Luster, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814. Krigen enda med våpenstillstand og traktaten kjent som Konvensjonen på Moss, datert 14. august, som Stortinget godkjende i oktober.

Strandsitjar Knut Hansen

I innleiinga høyrde vi at mange i Aurland leid vondt i naud- og ufredsåra 1807-1814 og i ein 20-års bolk etterpå. I året 1817 vart strandsitjar Knut Hansen hardt straffa for at han i si yttarste naud hadde vore ute på ein åker og teke nokre kornaks. Anders Ohnstad fortel:

«Ein strandsitjar. Knut Hansen, hadde i sin store fattigdom i året 1817 vore ute på ein åker og klipt eller stribla av kornaks. Han vart meld for dette og i retten opplyste han at han og kona, Randi Sjursdotter hadde 5 born. «Det var Nøden som tvang ham til dette Tyveri, thi da han forgjeves hadde søgt efter Fødemidler for sin talrige Børneflokk som hungrede, blev han tvunget af Nød til at begaae dette Tyveri som han hjertrelig fortryder.» Han vart dømd til å betala 11 spdl. I bot og fekk dessutan 2 månader på tukthus.»

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i riksforsamlinga på Eidsvoll. Dessutan står det ein sjømilitær minnestein ved Korskirken i Bergen med to namnet på to soldatar frå Sogn. Aurland prestegjeld 1814 har ingen 1814-minnesmerke.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914.
Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok fram til om lag 1920. 1962

Statsarkivet i Bergen:
Soknepresten i Aurland, ministerialbok 1801-1821 (også digitalarkivet)

PERMANENT IDENTIFIKATOR