Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skredene på Tue



Garden Tue ligg kring 3 km vest for Balestrand sentrum. Det gamle hovudtunet låg på sletta nedom riksvegen der husa på bruk nr. 7 ligg i dag. Ei lita grov renn like ved tunet, og Tusselva renn i fjorden kring 150 meter aust for gardstunet. Begge stader har det gått store skreder.

Biletet syner bruk nr. 7 frå nedsida av riksvegen med utsyn til Tussdalen. Til høgre i biletet ser me så vidt Tusselva. Haugen til venstre for elvefaret heiter Tråhaugen. Dei frykta at skreda ville gå over denne og koma ned bakkane rett mot husa. Det skjedde ikkje, men dei såg snøspruten over tretoppane i dette området.

Biletet syner bruk nr. 7 frå nedsida av riksvegen med utsyn til Tussdalen. Til høgre i biletet ser me så vidt Tusselva. Haugen til venstre for elvefaret heiter Tråhaugen. Dei frykta at skreda ville gå over denne og koma ned bakkane rett mot husa. Det skjedde ikkje, men dei såg snøspruten over tretoppane i dette området.

Eigar: Gunnvor Thue Urtegård.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Skredfårleg stad

I ei skylddelingsak på Tue frå 1780 møter me stadnamna ytste og inste Skredteigen. Den dyrka marka like vest for elva, vart kalla Skreda i eldre tid. Dette vitnar om at skreder har vore vanleg på denne garden. Me har ikkje mange opplysningar om konkrete hendingar frå eldre tid, men me veit det gjekk ei stein- eller jordskrede på garden i 1860-åra. Truleg gjekk det òg ei snøskrede i det store skredåret 1868. Denne skreda gjorde skade på brua over elva. I mai 1868 valde heradsstyret folk til å byggja opp att brua på Tue. Det vart då gjort merknad om at brua over Tusselva var utsett for snøskred. Heradsstyret meinte difor at det burde byggjast ei lett og billeg bru. Dette må me tolka slik at snøskreder i Tusselva var nokså vanlege på denne tida.

Skreda frå Utbresten

Like ved tunet renn det ei grov som startar i eit lite gjel ovanfor heimestølen Leitehaug. I ein bratt hammar over Leitehaug heiter det Utbresten. Staden fekk namnet då store steinblokker losna her og starta ei jord- og steinskrede. Me veit ikkje årstalet for denne skreda. Skreda velta store steinar utover bøane og nokre av dei la seg like inn til fjøsveggen på gamlefjøset. Dette låg om lag der hovudhuset ligg i dag. Då dei skulle byggja nytt fjøs i 1909, vart storparten av desse steinane kløyvde og nytta til ny fjøsmur. Eit par av steinane vart òg nytta til feste for løypestrengen som gjekk frå heimestølen Løyningane og ned til flate bøen like ved huset. Strengen og steinane vart fjerna i 1950-åra då høgspentlina skulle byggjast.

8. februar 1928

Den 8. februar 1928 hadde eigaren av bruk nr. 7, Knut Thue, vore i Holmen. Han hadde tala med eldre folk som var urolege på grunn av alt regnet som hadde kome i attfrosne elvefar. Kl. 4 om ettermiddagen kom han heim og sette seg til kaffibordet saman med huslyden. Brått tok det til å knasa og knesta i huset og rutene byrja å klirra. Dei som sat kring bordet, såg med undring på kvarandre. Brått sa Knut: "Å, no ser eg kva det er - lufttrykket."
I elvefaret ved bøgarden gjekk svarte spruten jamhøgt med tretoppane. Voldsame krefter var i sving i Tusselva. I 6-tida kom eit nytt og endå større ras. Om kvelden sat huslyden og las Davidsalme 91 som fortel at den som lit på Gud er fullkomen trygg i alle farar.

Eit fælsleg syn

Om natta gjekk rasa i eitt, og ingen i huset blunda. Då morgonen kom, såg dei eit fælsleg syn. Gjørma låg like bort til tunet. Bøen mellom fjøset og elva var fylt opp av stein, gjørme og svære haugar med oppriven skog. På Tussvika flaut det tett med avbrotne trestammer. Kvernhuset i elva var borte, og det vart aldri sett opp att. Det hadde gått streng frå kvernkallen og bort til gluggen i løa slik at dei fekk kraft til treskjemaskinen. Rekkverket på brua var skadd, men brua stod. Like ved elva, eit stykke opp i dalen ligg ein svært stor stein dei kallar Dalasteinen. Den tok skreda med seg på den ville ferda nedover dalen. Dette var ein dramatisk start på Knut og Helga Thue si tid som brukarpar på bruk nr. 7 på Tue.

Snøras i skoggrensa

Då alt hadde roa seg, fekk dei sjå kva som hadde skjedd. Det hadde gått ras nedover frå dei bratte bakkane som heiter Tungene like i skoggrensa. Eit anna ras hadde gått på tvers av dalen frå staden Hovden. Dette hadde stengt elva slik at vatnet etter det tunge regnvêret hadde samla seg opp. Då demninga til slutt brotna, fekk dei voldsame kreftene fritt spelerom nedover dalen. Raset sopte bort all skog i ei brei gate nedover dalen. I åra etter voks det opp tett oreskog i skredfaret. Eit slikt tett skogholt fekk namnet Orerusti. Her stod det grov oreskog like fram til skogsvegen vart bygd i 1980-åra.

Arbeidet etterpå.

Raset gjorde stor skade på innmarka. Stein, grus, ris og trestammer låg over alt. På ettervinteren og våren arbeidde Knut Thue og drengen på garden med å sletta spora etter denne hendinga. Steinen køyrde dei ned i fjøra. Skogen som skreda hadde rive med seg, hogg dei opp til ved. Då dei var ferdige, kunne dei telja 40 mål ved på tunet. Etter skreda i 1928 planta Knut Thue granskog på båe sider av Tusselva nedom bøgarden. Langs grova i Grovgjelet hadde dei planta lerk i tida etter steinraset. Denne står enno. Etter 1828 har det ikkje gått skreder på Tue som har nådd ned til gardstunet. Det har losna skreder i Tungene slik som i 1928, men alle har stansa eit stykke nede i dalen. No er beitedyra borte, skoggrensa har flytt seg oppover og skogen vert ikkje nytta slik som før. Tettare skog bind snømassane og vernar betre mot nye skreder.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand II Gards- og ættesoge. Balestrand, 1991.Intervju med eldre folk som opplevde skreda i 1928.
Balestrand kommune. Møtebok for formannskapet/heradsstyret, 1868.

PERMANENT IDENTIFIKATOR