Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinkrossen mellom Midthjell og Lefdal



På ei avkøyrsle mellom Midthjell og Lefdal står ein steinkross som skil seg ut frå liknande krossar i fylket. Han er ser ikkje heilt ferdig ut, og det er ein kopi oppsett i 1994. Originalen stod tidleg på 1800-talet langt uti sjøen, men vart i 1831 sendt til Historisk Museum i Bergen. Ei segn forklarer den merkelege plasseringa.

Kopien av den originale Midthjell-krossen står på ei avkøyrsle ved riksveg 15 mellom Midthjell og Lefdal. Han vart reist i 1994. Informasjonstavla kom på plass året etter.

Kopien av den originale Midthjell-krossen står på ei avkøyrsle ved riksveg 15 mellom Midthjell og Lefdal. Han vart reist i 1994. Informasjonstavla kom på plass året etter.

Eigar: Fylkesarkivet/Fjordabladet.

Datering: 2000.

Fotograf: Anne-Mari Aalberg.

Berre synleg ved fjøre sjø

Den originale steinkrossen på Midthjell stod tidleg på 1800-talet så å seia uti sjøen. Biskop Neumann skreiv i 1826 at krossen stod heilt under vatn ved flo sjø, " - et stykke fra Strandbredden ude i Søen saaledes stillet at det i Flotiden var aldeles skjult, og kun i Ebbetiden synligt men heller ikke da kjendeligt, fordi det var aldeles overgroet med tang." Biskopen sytte for at steinkrossen vart teken opp og sendt til Historisk Museum i 1831.

Ei segn forklarer den merkelege plasseringa

Etter ei segn stod krossen høgare oppe, på ein stad han hadde stått i uminnelege tider. Men så fann ein fut i Davik på at han ville ha steinkrossen over fjorden og heim til seg. Midthjell-folket og grannane ikring var lite huga på dette, men futen fekk det som han ville. Krossen vart teken opp, ført over fjorden og sett opp på futegarden. Men futen fekk lita glede av påfunnet sitt. Alt fyrste natta høyrde folk hundegøying, ulvehyl og andre underlege lydar. Dette tok seg opp att natt etter natt og vart berre verre og verre. Det var ikkje ro å få, og til slutt såg ikkje futen anna råd enn å frakta krossen attende til Midthjell. Men fraktekarane brydde seg ikkje med å baksa den tunge steinkrossen opp bakkane til den opphavelege staden. Dei sette han rett og slett opp nedi sjøkanten.

Steinsmeden gjorde seg ikkje ferdig
Det finst eit titals steinkrossar i eller frå Sogn og Fjordane frå tida 950-1050. Dei vart oppsette i kristningstida og ein trur dei fungerte som markering av kristne samlingsstader i påvente av det skulle byggjast kyrkjer. Det gamle ordtaket "han går verken til kors eller kyrkje" kan tyda på det.
Midthjell-krossen har eit heilt særeige kjenneteikn. Det står att ikkje-uthogge materiale i nedste hjørne mellom kroppen og høgre armen. Steinsmeden må ha slutta av arbeidet sitt før han var ferdig. Såleis gjev Midthjell-krossen kunnskap om korleis slike steinar vart laga.

Bygdefolket reiste ein kopi

Kring 1990 prøvde folk på Midthjell og i Lefdalsbygda å få attende steinkrossen "sin" frå Historisk Museum, men då det ikkje lukkast, gjekk dei i gong med å få laga ein kopi. Eikner Naturstein A/S i Bergen fekk oppdraget med å laga ein stein nøyaktig lik originalen, og i august 1994 vart den nye Midthjell-steinkrossen sett opp på ei ny avkøyrsle på det utbetra stykket av riksveg 15 mellom Midthjell og Lefdal.

Informasjonstavle

Sommaren 1995 kom det på plass ei informasjonstavle der folk på fleire språk kan få kunnskap om historia til Midthjell-krossen. Fylkesordførar Sjur Hopperstad "avduka" informasjonstavla og ynskte både bygdefolk og Eid kommune til lukke med kopien av krossen. "Eg vonar", sa Hopperstad, " (at) dette vitnet om den gamle kulturarven vår vil vere til både inspirasjon og beriking for dei vegfarande."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årbok for Nordfjord. 1951.
Fjordabladet. 11.08.1994. Nordfjordeid.
Sagen, Martin: Steinkrossen i Korssund. I Jul i Sunnfjord. 1965.
Vegstubben Bedriftsblad for Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR