Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Handelsstaden Verholmen



Seglar ein inn Sognefjorden og rundar Bekkaneset kjem ein - om ein held seg på nordsida av fjorden - etter ei stund til Verholmen i Lavik. Her var det landhandel og gjestgiveri i tida då sjøen var hovudferdselsåra og sogningane reiste til og frå Bergen med varer.

Verholmen er ei gamal hamn med landhandel og gjestgiveri. Det gamle huset brann ned i 1951.

Verholmen er ei gamal hamn med landhandel og gjestgiveri. Det gamle huset brann ned i 1951.

Eigar: I Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik III.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Frå husmannsplass til handelsstad

I gamal tid var Verholmen i Lavik den største og mest sentrale handelsstaden i ytre Sogn. Handelsstaden var av dei eldste i området. Verholmen ligg om lag 2,5 km vest-sørvest for kyrkjestaden i Lavik. Staden var ikkje berre handelsstad for Lavik, men også distriktet rundt, både på nord- og sørsida av fjorden. Framfor alt låg staden uvanleg godt til for båtferdsla på Sognefjorden både utetter og innetter. Verholmen var kjent for å ha ei framifrå hamn for jekter og småbåtar.
Opphavleg var Verholmen husmannsplass under garden Stranden, men etter at det vart handelsstad, vart han frådelt og vart eigen matrikkelgard. Garden i seg sjølv var for liten til å livnære seg av og gardsbruket spela aldri nokon stor rolle her. Det var handelen og gjestgiveriet som var hovudnæringa. Staden vart etter kvart også tingstad for Lavik skipreide.

Dei fyrste kjende handelsmennene

Me veit ikkje sikkert kor tid Verholmen vart handelsstad, men i og med at det skal vera av dei eldste i ytre Sogn, må det har vore på midten av 1600-talet. Av dei andre handelsstadene i ytre Sogn kan me nemna at Husøy vart handelsstad før 1650, Børholmen om lag 1653 og Skjerjehamn om lag 1668.
Frå manntalet i 1701 finn me desse mennene buande på Verholmen: Jørgen Joensen, Endre Jørgensen, Erich Halversen og Maties Clemesen Werholm. Noko meir om kven dei var og kva dei levde av kan me ikkje lesa ut av dette manntalet.
Den fyrste me sikkert veit var handelsmann og gjestgjevar i Verholmen er Gregorius Leisner. Han overtok handelsstaden 9. september 1758. Me veit lite om han, heller ikkje kor han kom i frå. Ettermannen hans var Jens Frants Grung (1736 - 1785), truleg frå Bergen. Han var gift med Pernille (1750 - 1820) og hadde tre born: Frants, Didrik og Maren. Grung fekk driva forretninga her mot ei årleg avgift til Kongen på 2 riksdalar. Handelsløyvet hans var avgrensa slik at han ikkje hadde rett til å brenna brennevin. Han hadde plikt til å ha tilstrekkeleg med mat og drikkevarer for reisande til ein rimeleg pris.

Fleire eigarar på kort tid

I folketeljinga frå 1801 finn me at Pernille Grung var 62 år gammal, enkja, "Huusmoder der lever af Giestgiverie og Gaard Brug". Dotter hennar, Maren Kierumgaard Grung, var 26 år gammal og gift med Sjur Erikssen. Frå 1802 var det Maren og Sjur som overtok Verholmen og dreiv staden fram til 1821.
Sersjant Mons Johannessen Aas var frå Bøfjorden, no i Hyllestad, den gongen ein del av Lavik prestegjeld. Han hadde vore husmann under garden Hellebø like utanfor Verholmen. I 1821 kjøpte han handelsstaden og fekk kongeleg skøyte i 1836. Aas var ei tid lensmann. Han kan ikkje ha vore lenge på staden, for i 1844 selde Ivar Hauge Verholmen til skipsførar Jacob Blaauw frå Bergen.

Postopneri og rutebåtstoppestad

Ladevig postaabneri vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 5. mai 1836. Dei fyrste åra låg postopneriet på Lavik prestegard, men kyrkjesongar Christopher Parelius (1801 - 1879) som overtok som postopnar i 1838, flytte det i 1839 til Verholmen. Her vart det verande heile hans tid som postopnar, til 1877.
Då Fylkesbaatane sin fyrste rutebåt Framnæs vart sett inn i rutetrafikk på Sognefjorden i 1858, var det naturleg at Verholmen skulle vera med som rutebåtstoppestad. Båten måtte bakka opp for bording utanfor hamna her. Fram til 1900 var Verholmen fast stoppestad, men då hadde den siste handelsmannen lagt ned og staden vart berre såkalla stjernestopp (anløp berre om det var last eller passasjerar) i ei av sognerutene. Både stoppestaden og tingstaden vart flytte til Lavik.

Bilete av Verholmen i Sognefjorden.

Slutt som handelsstad

Jacob Blaauw dreiv som handelsmann og gjestgjevar i Verholmen til 1868. I folketeljinga frå 1865 finn me han og kona, Katrine Wilhelmine f. Bolle, ei husjomfru og tre tenestefolk her.
Fram til kring 1880 var Verholmen den einaste handelsstaden i Lavik kommune, då vart det starta handel på garden Lavik. Seinare kom det butikk på garden Kvammen, like ved kyrkjestaden i Lavik.
Anders Johnsen Steine frå Gulen kjøpte handelsstaden hjå Blaauw, men var ikkje lenge i Verholmen. I 1883 selde Carl Baardsen staden til Christian Hansen frå Vadheim. Hansen dreiv fram til 1898, då han flytte til Vadheim og heldt fram som handelsmann og gjestgjevar der.
Då Hansen la ned handelen, var det slutt på Verholmen som handels- og gjestgjevarstad. Etter hans tid vart staden driven som eit vanleg gardsbruk.

Bygningane

Den 17. juni 1868 vart det halde branntakstforretning hjå landhandlar Blaauw på Verholmen. Den gamle hovudbygningen var oppført i tømmer med teglstein på taket og var i to høgder. Bygningen var 26 alen lang og 16 alen brei. Han hadde daglegstove, bondestove, bryggjarhus, bakeri og krambu i fyrste høgda. I andre høgda var det ein stor sal med fire vindauge og kakkelomn. I denne høgda låg også tingstova. Samla branntakst for alle husa var 5210 spesidalar.
Sidan handelen og gjestgiveriet vart nedlagt har staden skifta utsjånad. Den gamle hovudbygningen stod slik han hadde vore då det var full drift her fram til han brann ned i 1951. Den gamle store sjøbua er riven, eitt av dei andre husa vart òg rive og flytta til Gulen. Seinare har Verholmen vore lækjarbustad. Fylkeslækjar Ludvik Trædal budde i mange år på staden. Før han vart offentleg tilsett, dreiv han som privatpraktiserande lækjar her.

Nye eigarar

Det var norsk-amerikanaren Ingebrigt Markus Trædal som kjøpte Verholmen etter at Hansen flytte til Vadheim. Sidan har staden vore seld vidare fleire gonger. I 1948 overtok Øystein Norevik som eigar og det er familien hans som framleis eig staden. I dag er det sonen hans, Arne Jens Norevik, som eig Verholmen. Han arbeider som maskinkøyrar, er gift med Alvhild Mølmesdal og har to born.

Bilete av ein rutetabell.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III. Bygdesoge. Utgjeve av Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Bergen 1978.
Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Utgjeve av Bygdesogenemnda for Kyrkjebø. Bergen 1983.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Utgjeve på Selja Forlag. Førde 1998.

Nettestader:
Poststeder - en historisk oversikt
http://museet.posten.no/detail.php?ID=6191

PERMANENT IDENTIFIKATOR