Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 14. mai 2020

Sist oppdatert 15. mai 2020

Kategori

Rå-data

Songheftet Fædrelandssange 1906



FÆDRELANDSSANGE er tittelen på eit lite songhefte Kyrkje- og undervisningsdepartementet gav ut hausten 1906, og i ny utgåve 1914. Heftet inneheld 11 songar. Siktemålet var at skuleborna skulle læra eit utval «fædrelandssange» utanåt og til same tone. Skulestyret i Vik hadde Fædrelandssange på saklista i eit møte våren 1907, og lærar Olav Linde, Vik, såg nærare på songheftet i foredrag på årsmøtet til Sogns lærarlag i 1908.

Songheftet Fædrelandssange 1906. Utsnitt av framsida på heftet.

Songheftet Fædrelandssange 1906. Utsnitt av framsida på heftet.

Dei 11 songane – innhaldsliste

Av føreordet går det fram at utvalet er gjort etter samråd med «erfarne skolemænd». Alle 11 songane er, pr. 1906, rekna som songar med unntak av ein, Gud signe vårt dyre fedreland, som er rekna som salme. Dei fleste songane har med alle versa i høve til originalversjonen, frå 2 vers til 8 vers. Melodiane står bak i heftet. Sju av songane er på bokmål, fire på nynorsk (landsmål). Nedanfor er songane opprekna etter innhaldslista i heftet, med tekstforfattar og komponist.

1 Ja, vi elsker dette landet
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson. Melodi: Rikard Nordraak.

2 Blandt alle lande
Tekst: Ole Vig. Melodi: Hams Matthison-Hansen.

3 Jeg vil værge mit land
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson. Melodi: Gabriel Tischendorf.

4 Gud signe Norigs land
Tekst: Arne Garborg. Melodi: Henry Carey.

5 Millom bakkar og berg
Tekst: Ivar Aasen. Melodi: Ludvig M. Lindeman.

6 Gud signe vaart dyre fedraland
Tekst: Elias Blix. Melodi: Christoph E.F. Weyse.

7 Mens Nordhavet bruser
Tekst: Conrad Nicolai Schwach. Melodi: Lars Møller Ibsen.

8 Norges høytidsstund er kommen
Tekst: Henrik Wergeland. Melodi: Joseph Haydn.

9 Dei vil alltid klaga og kyta
Tekst: Ivar Aasen. Norsk folkemelodi.

10 Det ligger et land mot den evige sne
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson. Melodi: Rikard Nordraak.

11 Gud sign vor konge god
Tekst: Nikolai Fogtmann. Melodi: Henry Carey.

Føreord, august 1906

Føreordet til FÆDRELANDSSANGE er datert 15. august 1906. Det fortel at heftet har vorte til «efter udtalelser i et av vore skoleblade» og at utvalet er gjort i samråd med «erfarne skolemænd». Siktemålet er at skuleborna skal læra songane «udenad», og då alle versa, med unntak av songane med flest vers, 5 – 8. Til songar som har fleire melodiar, har ein valt melodien ein reknar som mest vanleg brukt.

Rundskriv, desember 1906

Kyrkje- og undervisningsdepartementet ga ut songheftet hjå J.J. Stenersen Forlag, Kristiania. I desember 1906 (17.12) gjekk departementet ut med tung marknadsføring; rundskriv til m.a. kvar kommune med 1 eks. av Fædrelandssange som vedlegg. Det går fram at departementet ser føre seg at «samtlige elever ved landets skoler anskaffer heftet.» Prisen var 10 øre, med tilbod om mengderabatt.

Sak i skulestyret i Vik våren 1907

I Vik kommune, Sogn, hadde skulestyret rundskriv og songhefte føre på møte i mars 1907. Alt tyder på at fedrelandssongar i skulen blei sett på som ei svært viktig sak. Lærarane i kommunen var tilstades. Men sjølv om departements-tiltaket hausta lovord, var det «ymist aa seia om utvalet», og ein meinte det var for få songar på nynorsk. Skulestyret sette ned ei ad hoc-nemnd til sjå nærare på saka. (Det endelege utfallet er førebels ikkje leita fram.)

Takka vere - «et af vore skoleblade»

I føreordet krediterer Kyrkje- og undervisningsdepartemententet «et av vore skoleblade» for at songheftet i det heile hadde blitt til. Dette skulebladet var Norsk skoletidende, som kom ut på Hamar. I åra 1904-1905 hadde tidsskriftet ei rekkje innlegg om saka. Våren 1904 var «Vore fædelandssange» tittel på foredrag av «pastor P. Hognestad» i Kristiania Lærerforening. Hognestad viste til «den store betydning fædrelandssangene havde for et hvert folk», og nemnde fleire døme frå andre land, t.d. Finlands «Vårt land, vårt land». Pastor Hognestad sette så søkelys på vårt eige land; Norge «sine fædrelandssange», med innhald av natur, historie, fedrelandskjærleik, kristendom. - - Lærarane må ha likt det dei høyrde. «Det smukke foredrag (…) moddtoges med sterkt bifald.»

Seinare same året, den 8. oktober, hadde Norsk skoletidende eit redaksjonelt stykke med overskrifta «Alle synger med!» Stykket er langt på veg eit opprop om tiltak for å styrkja songen i landet. Song er eit gode i samfunnet, men det står dårleg til. Og det må først og fremst satsast hjå ungdommen, i skulen. Det blir vist til gode døme i nabolanda. Kanskje noko tilsvarande kan gjerast hjå oss, spør Norsk skoletidende. - «Vi anbefaler sagen til overveielse og diskussion».

Naar folk kommer sammen til større møder, til nationale fester, o.l., vil man gjerne synge. Og naar en vakker sang, friskt og godt sunget, toner fra forsamlingen, bidrager det i høi grad til at binde sammen og bringe god aand og stemning over forsamlingen. Men det slemme er, at de fleste kan saa faa sange. Og om de kan nogen, saa har ikke alle lært de samme sange; en kan den, en anden den, og sjælden mere end første vers. Der gives neppe en sang, som alle kan, maaske med undtagelse av 1ste og sidste vers af «Ja, vi elsker».

«Sagen» fall i god jord. Fleire innlegg følgde, med synspunkt på omfang, utval og fordeling bokmål/nynorsk. Hausten 1904 hadde Lars Søraas (1862-1925), lærar, songpedagog, komponist og kordirigent frå Fana, innlegg der han gjev si fulle støtte og m.a føreslår 10 songar. Han viser til ei nyleg «avgiven innstilling til sangundervisningens fremme", og uttrykkjer at nettopp dette burde ha kome med i innstillinga, eit utval fedrelandssongar utgjevne og «omdelte til alle landets skoler.» - Folk i Kyrkje- og undervisningsdepartementet må ha lese Norsk Skoletidende. Mykje truleg hjelpte året 1905 og på med å få gjort noko, dessutan at Anton Ræder, skulemann og historikar, på denne tida var ekspedisjonssjef i departementet. Sommaren 1906 førelåg resultatet, heftet FÆDRELANDSSANGE.

Sogns lærarlag 1907

Hausten 1907 heldt Sogns lærarlag årsmøte i Lærdal. På saklista stod song i skulen og utval av songar. Lærar Olav Linde frå Vik heldt innleiingsforedrag («fyreorda»). Han viste til Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt songhefte frå året før. Lærarane fekk høyra om handsaminga i Vik skulestyre 1907, at skulestyret hadde nedsett ei eiga nemnd, og at denne nemnda hadde meint at «dette spursmaalet» burde koma fram på eit årsmøte i Sogns Lærarlag.

Lærar Linde gav ros til Kyrkje- og undervisningsdepartementet for tiltaket med heftet Fædrelandssange, men han ynskte seg meir, fleire songar, og framfor alt fleire på nynorsk. Han hadde «hug til» at ein «her i Sogn» kunne samla seg om songboka til Dahl på Sogndal folkehøgskule.

Det skjedde likevel ikkje. Lærarane i Sogn tok skeia i eiga hand. År 1910 gav Sogns lærarlag ut si eiga songbok: Utval av norske salmar og songar til skulebruk. - Det går ein tråd frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt hefte Fædrelandssange 1906 til Sogns Lærarlag sitt hefte Utval av norske salmar og songar til skulebruk 1910.

 

kjelder:

Kirke- og Undervisningsdepartementet: Fædrelandssange. 1906.


Norsk Skoletidende, fleire nummer 1904-1906.


Om P. Hognestad, foredrag i Kristiania lærerforening, 18.03.1904


Redaksjonelt: «Alle synger med!»


Sogns Tidende 10.09.1908.

PERMANENT IDENTIFIKATOR