Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 03. oktober 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vadheim til Førde - frå postveg til stamveg



Då Fylkesbaatane vart skipa i 1858, kom det faste båtruter langs kysten og inn i fjordane. Postrutene vart mange stader flytta frå land til sjø, slik at dei landvegs postrutene vart kortare. Frå 1868 kom posten med dampskip til Vadheim og postvegen vart lagt mellom Vadheim og Førde. Postvegen i Hyllestad og Fjaler vart nedlagt.

Her ser vi postvegen opp Ytredalen mot Økslandsvatnet. I 1856 uttalte fylkesvegnemnda at 'Veien gjennem Søndfjord og Nordfjord til Søndmøres grænse er Amtets vigtigste Veilinie, da den gaaer tvers igjennem samme, og Committeen antager, at man i den nærmeste Fremtid maa søge at bringe denne Linie i saa god Stand som muligt.'

Her ser vi postvegen opp Ytredalen mot Økslandsvatnet. I 1856 uttalte fylkesvegnemnda at 'Veien gjennem Søndfjord og Nordfjord til Søndmøres grænse er Amtets vigtigste Veilinie, da den gaaer tvers igjennem samme, og Committeen antager, at man i den nærmeste Fremtid maa søge at bringe denne Linie i saa god Stand som muligt.'

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen

Datering: 1888-1894

Fotograf: Knud Knudsen

Gammal ferdsleveg blir postveg

Det har nok gått eit vegfár frå Sunnfjord til Vadheim frå gammalt av. Vegen er nemnt på 1300-talet. I 1785 var vegen opparbeidd som rideveg i 4-5 alens breidde, og det vart vedteke å byggja bru over elva i Ytredalen. Vedtaket kan tyda på at det var planar om å få vegen oppteken som postveg. Men vegkommisjonen vedtok i 1785, at Den Trondhjemske postvei skulle gå landevegen frå Leirvik via Dale og vidare til Sveen og Langeland, der vegen møtte vegen frå Vadheim.

Ein mykje traffikert veg

Samstundes med opparbeidinga av Den Trondhjemske postvei vart ruta Vadheim-Langeland bygd som kjerreveg i åra 1800-06. Vegen vart klassifisert som hovudveg i 1837, og det vart slege fast i 1851, at den var "en af Amtets mest befarne Veie". Etter at Fylkesbaatane kom i fart frå 1858, vart det faste ruter, og Vadheim fekk dampskipsstoppestad. I 1868 vart vegen Vadheim-Langeland offisiell postveg. Samstundes bestemte departementet at posten skulle sendast med dampbåt frå Bergen til Bryggja og vidare med dampbåt frå Åheim til Ålesund. Likevel skulle det sendast hovudpost mellom Vadheim og Utvik, - og frå Utvik med båt til Ytre Nordfjord.

Enkelt vedlikehald

Sjølv om Den Trondhjemske postvei var klassifisert som hovudveg var standarden varierande. I 1842 kom det krav til amtstinget om å løyva 24 spesidalar til å skaffa 15 steinslegger der sju av desse skulle nyttast på hovudvegane i Sunnfjord for å slå sund steinar i vegane. Dei andre åtte skulle nyttast på ulike bygdevegar i fylket.

Ein svimlande tur

Frå 1842 og fram til 1880 vart det gjort store utbetringar fleire stader. I 1853 løyvde amtet 3000 spesidalar til omlegging av vegen frå Vadheim til Grytås, som sto ferdig i 1858. Kostnadene vart det doble. Andre omleggingar var i 1861, då vegen gjennom Myrmelsdalen vart omlagt frå nordsida til sørsida. I 1868 la dei vegen mellom Lunde og Langeland frå nordsida av Skilbreidvatnet til sørsida. Trass i utbetringane var nok ein del strekningar så bratte at turistane kjende seg usikre. Då engelske Olivia Stone drog frå Langeland til Sande i 1881, uttalte ho at nokre av bakkane ned til Sande var så bratte, at hadde dei vore i England ville ingen ha våga seg ned i meir enn skrittgang. "Våre spreke, små, norske hestar, derimot, galopperte heile vegen, frå toppen til botnen", fortel ho.

Omlegging av Halbrendslia

Halbrendsbakkane ned til Førde var kjende for å vera svært bratte. Artilleriløytnant Hans Hagerup Krag, seinare vegdirektør, vurderte i 1859 vegen Vadheim-Jølster og sa: "Halbræns Bakkernes store Længde og Steilhed hvilken sidste bevirker, at Veien er meget vanskelig at vedligeholde, da det paaførte Veimaterial sjeldant forbliver liggende, men bortføres ved Regnskyld, synes disse Bakker også at maatte komme i Betragtning til Omlægging." Forfattaren Kristian M. Elster, som voks opp i Førde, seier dette om Halbrendslia: "I de dager stupte Halbrendslien ende rett ned fjellet og midt i de bratteste brekkene åpnet det sig for synet, og bygden lå stille og fredelig under en." Først i 1894-99 vart bakkane omlagde med slakare slyngar.

Auka ferdsel med nye krav

Den aukande trafikken, særleg turistferdsla, pressa fram betre vegar. I 1880 vart det vedteke å bygga ny veg frå Vadheim til Førde. Frå den gamle saga på Ørberg til Langhaugane vart han lagd nærare tuna, og den gamle vegen frå Løfall til Steia vart nedlagd. Frå Sandagjære til Myrmel vart vegen lagd vestanfor Sandeåsen. Frå Lunde til Skilbrei vart han flytt tilbake til nordsida av vatnet og til sørsida av Langelandsvatnet. Den nye vegen vart bygd i samsvar med dei krava som tida sette til hovudvegane, med slakare stigningar. Likevel var standarden så dårleg at det var vanskeleg å nytta vegen for biltrafikk. Då den første søknaden om rutekøyring mellom Vadheim og Sandane kom i 1908, vart han avslegen med den dårlege vegstandarden som grunngiving.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kommunalsoga for Førde Herad 1837-1937, Førde 1937.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Hestebeit, Rognald: Gaularsoga. bd III, Gaular sogenemnd 1968.
Førsund, Finn Borgen: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s. Verbum Grafiske 1995.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular, bd II og III, A.s. Verbum Grafiske 1992-95.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim, Det Norske Samlaget 1996.
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR