Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stølsdrift i Skogadalen



Fram til i 1920-åra hadde Allmenningen og Eldevika felles seter i Skogadalen i dåverande Davik kommune. I 1920-åra bygde brukarane i Eldevik eigne sel lenger nede i nærleiken av Sætrevatnet. Allmenningen hadde vår - og hauststøl på Branden. Der var det ikkje sel, og folka måtte gå heim att om kvelden. På Skogadalen overnatta dei i selet, men gjekk heim om dagen for å ta del i arbeidet på garden. Det tok frå ein til to timar frå garden til stølen.

Familien til Ola Almenning på setra i Skogadalen. Ola var heime på ferie to veker i året, og då nytta dei høvet til å ta seg ein tur på setra. Han arbeidde på aluminiumsfabrikken i Høyanger i 20 år. Midt på biletet ser me Ola-selet som høyrde til to av bruka på Allmenningen. Selet i bakgrunnen er Didrikselet.

Familien til Ola Almenning på setra i Skogadalen. Ola var heime på ferie to veker i året, og då nytta dei høvet til å ta seg ein tur på setra. Han arbeidde på aluminiumsfabrikken i Høyanger i 20 år. Midt på biletet ser me Ola-selet som høyrde til to av bruka på Allmenningen. Selet i bakgrunnen er Didrikselet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1935.

Fotograf: Ukjend.

Stølar på Branden og i Skogadalen

Skogadalen var like til 1920-åra felles seter for Allmenningen og Eldevika. I 1920-åra bygde folk frå Eldevika eigne sel lenger nede. Allmenningen hadde to stølar, ein vår- og hauststøl på nærfjellet ved Branden og ein sommarstøl på høgfjellet i Skogadalen. Like vest for den stupbratte Branden og Kupanakken gjekk vegen til vårstølen opp gjennom Branden. Fjøsa stod på Branden. Det var to fjøs og to grannar delte det eine. Det var ikkje sel her, og dei måtte gå dei bratte bakkane heim om kvelden og opp att neste morgon i 7-tida. Dei såg fram til at dei skulle koma til Skogadalen og overnatta i selet. Namnet tyder kanskje på at dette området har vore skogkledd i eldre tid.

Vegger og tak av naturstein

Frå først av var det ein stor heller som vart nytta til fjøs. Sela kom opp i 1860-åra. Dei var mura med naturstein heilt til mønet. Frå først av var også taket av steinheller, men seinare la dei nevertak på innselet. Heile taket var tekt med torv, og selet hadde ljore. I utselet var det spor etter ei gamal grue. Litt før 1900 hadde dei drive med ysting her. I markene kring Skogadalen var det gode geitebeite. Det var òg to andre liknande sel i Skogadalen, men desse hadde mindre utsel. Helleren, som vart nytta til fjøs, vart forbetra med ein steinmur mot regn og vind. I tillegg vart det lagt på eit halvtak av bølgjeblekk som tok av for ufsedropane.

Farlege område

Dei brukte gjerne kring halvannan til to timar på vegen fram til stølen i Skogadalen. Som oftast var dei framme ved halv sju-tida om kvelden. Då hende det ofte at dyra ikkje var komne og måtte hentast. Det tok gjerne over ein time før dei fann dei. Ofte tok det også lang tid å få dei heim til stølen. Stiane der dyra gjekk kunne vera svært vanskelege, og fleire stader rett og slett livsfarlege. Verste staden heitte Hella. Stien der låg heilt ute på ein 4-5 meter høg bergknaus. Her måtte dei ta ei og ei ku om gongen. Det var både vondt og farleg. Då stod ein person oppe og jaga kua, og ein annan stod nede og tok i mot. Ein stad som låg lenger oppe i fjellet, var det grønt gras heilt utpå stupbratte floget. Her hadde folk i eldre tid bygd fleire hundre meter med steingjerde som skulle hindra dyra frå å slå seg i hel. Farleggardar kalla dei desse, og dei syner den dag i dag.

Bilete av ungdommar ute på tur.

Tidleg opp om morgonen

Når kyrne var komne i hus og mjølka, sette dei mølka til kjøling i elva. Då samla folka på stølen seg i eitt sel og åt kveldsmat i lag. På stølen kunne det vera både gutar, jenter, karar og kvinnfolk så det var ikkje berre jamnaldringar som hadde ansvar der. I trygt og varmt vêr fekk dyra liggja ute om natta. Då måtte folka på stølen stå opp i fem - halv seks tida for at kyrne ikkje skulle dra bort før dei vart mjølka. Mjølkebørene var ikkje tunge. Kyrne var små og ofte var det lite mjølk om sommaren. Arbeidet kjendest ikkje så tungt. Det verste var det harde jaget om morgonen. Då måtte alt gå fort føre seg. Det var gjevt å kunna vera heimkomen med mjølkebøra før folka heime hadde reist seg frå frukostbordet. Geitene frå Sørpollen heldt seg ofte i Skogadalen. Dei likte å liggja på det torvtekte seltaket. Folk som var inne i selet kunne høyra dei trakka på den sinkkledde ljoren.
Ein søndag om sommaren var det vanleg at det var fjellstemne ved Synnevehornet. Då vart det gjerne servert lefser, vafler eller anna godt når folk hadde kaffipause i Skogadalen.

Området som gardane Allmenningen og Eldevika og stølsområdet Skogadalen ligg i, høyrde fram til 1. januar 1965 til Davik kommune. Ved reguleringa av komunegrensene vart dette området overført til den nyoppretta Vågsøy kommune.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Almenning, Styrkår: Stølsdrift i Skogadalen. Årbok for Nordfjord, 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR