Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Leikanger kyrkje



Leikanger kyrkje er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250. Kyrkja, som har 260 sitjeplassar, vart vigsla 14. november 1872 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland etter ei omfattande ombygging. Ombygginga skjedde etter teikningar av arkitekt Christian Brodtkorp Christie. Leikanger kyrkje er, etter 1999, den einaste kyrkja i Leikanger prestegjeld.

Den 750 år gamle steinkyrkja på Leikanger er i grove trekk slik ein reknar med at ho framstod på 1600-talet. Midt inne i eit vakkert fjordlandskap, med frodige frukttre som ramme, står steinkyrkja på Leikanger. Kyrkjestaden, på neset mellom Nybø og Husabø, var tidlegare kultstad og sentrum for fest og leik. Den gamle leikvangen gav sidan namn både til staden, kyrkja og soknet.

Den 750 år gamle steinkyrkja på Leikanger er i grove trekk slik ein reknar med at ho framstod på 1600-talet. Midt inne i eit vakkert fjordlandskap, med frodige frukttre som ramme, står steinkyrkja på Leikanger. Kyrkjestaden, på neset mellom Nybø og Husabø, var tidlegare kultstad og sentrum for fest og leik. Den gamle leikvangen gav sidan namn både til staden, kyrkja og soknet.

Eigar: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons.

Datering: 2016.

Fotograf: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons.

Kyrkja nede ved fjorden

Det må ha teke mange år å reise Leikanger kyrkje, og dei som stod for bygginga har hatt store ambisjonar. Kan hende var det ein storbonde på Systrond med nære band til kongsmakta som stod føre arbeidet? Og ein kan gjerne undrast på om det var for å demonstrere velstand og makt at kyrkjebyggjaren sette i gang eit slikt svært prosjekt, eller om det verkeleg var trong for endå eit gudshus på Systrond, der det alt var tre kyrkjer frå før. Men sjølv om Leikanger på byggjetidspunktet alt hadde kyrkjer på Henjum, Njøs og Hamre, var tilkomsten mellom dei ulike grendene vanskeleg. Difor var dei også skilde ut med eigen prest, kyrkje og kyrkjegard. Den delen som vart lagd til Leikanger kyrkje, var Husabø, Frækaland og Ytre Halland. Dei andre sokna dekka områda frå Fatlaberget i aust til Fjærlandsfjorden i vest.

Frå fyrst av var nok Leikanger kyrkje eit heller enkelt gudshus samanlikna med dei samtidige steinkyrkjene i Aurland og Luster. Men ingen skal likevel vere i tvil om at det var svært arbeidskrevjande å reise byggverket. Truleg har det teke mange år å sprengje ut steinen og frakte han til kyrkjestaden. Ingen har påvist kvar steinen til kyrkja er henta frå, men ein sannsynleg stad er Helleberget i utmarka til prestegarden. Transporten må ha gått føre seg på vinterstid med hest og slede nedover bakkane til kyrkjestaden.
Ikkje berre tok det tid å få fram byggjematerialen, men det har nok også vore ein lang prosess å mure opp bygningen. Kyrkja nede ved fjorden stilte i ein klasse for seg, samanlikna med dei andre kyrkjene i bygda. I samtida må ho ha vore eit storhende, og ho fekk tidleg posisjon som hovudkyrkja for midtre Sogn.

Bilete av Leikanger kyrkje om kvelden.

Reparasjonar på 1600-talet

Det eldste kyrkjebygget er skildra av kyrkjegranskar Bendixen som ein rundboga steinbygning med form som ein avlang firkant, men likefullt ikkje gjennomført rundboga. Inngangen til det gamle koret var derimot enkelt spissboga. Den fremste delen av skipet var kordel heilt fram til 1872. Bendixen nemner at kyrkja i 1661 fekk loft, samstundes vart det utført reparasjonar på muren. Kyrkjetårnet, som truleg vart bygt i 1660, romma våpenhuset nedst og hadde ein mindre, firkanta tårnhals med eit bratt og bordkledd spir. Dette arbeidet var starten på ein periode med ombyggingsarbeid og fornying. I 1668 vart tårnet pynta med små forgylte spir i kvart hjørne. Om lag 10 år seinare følgde ein periode med stadige reparasjonar, m.a. fekk kyrkja ny font som vart staffert. Mest truleg er det sjølve døypefonten som er omtala, men nokre gonger høyrer vi også at det innebygde rommet bakerst i kyrkjene er omtala som font eller fontehus. I dette innebygde rommet vart borna døypte før dei fekk komme inn i sjølve kyrkjerommet, og framleis står desse romma i fleire av kyrkjene våre.

Ei grundig synfaring i 1686 gjev opplysningar om kva reparasjonar som måtte utførast, og dessutan er dei nøyaktige måla på gudshuset oppgjevne. Skipet og koret var nesten 20,5 m langt og vel 13 m breitt. Kyrkja hadde to våpenhus, eitt ved presteinngangen utanfor den tidlegare sørportalen ned mot fjorden og eit ved hovudinngangen på vestsida, med dør mot fjorden. Måla på begge våpenhusa var om lag 4,4 m x 5 m. Kyrkja hadde raude takpanner. Hovudinntrykket er at gudshuset vart godt ivareteke, noko som nok står i samanheng med inntektene til kyrkja. Leikanger kyrkje hadde samla seg opp mykje jordegods gjennom hundreåra. Då kyrkja vart ståande att åleine på 1600-talet, var ho ei velståande hovudkyrkje. Frå slutten av 1600-talet og framover på 1700-talet skjedde der ein del mindre endringar og reparasjonar. Ein ny skriftestol med krone over kom på plass i koret like før 1700. I 1720 måtte det lagast ein ny, og denne gongen vart han pryda med himmel over. Kyrkja hadde ikkje vindauge på nord og vestsida, men derimot på sørsida i skipet og i koret. Der var også to galleri, eitt på nordveggen og eitt på vestveggen.

Bilete av nattverdsutsyr i sølv.

Restaurert i 1870-åra

På 1870-talet skjedde den verkeleg store og dramatiske endringa i historia til Leikanger kyrkje. I 1872 stod eit nytt kortilbygg i mur ferdig. Det gamle koret vart ein del av skipet, og det vart betre plass til kyrkjelyden. Dette hadde vore eit problem i lengre tid, utan at dei private kyrkjeeigarane hadde gått med på å gjere endringar. Byggjearbeidet kom ikkje i gang før etter at kyrkja vart offentleg eige. Tidlegare var der to rundboga vindauge på austveggen i koret som gav lys til prest og kyrkjelyd. Det skal også ha vore ei døropning i veggen. Under ombygginga i 1872 vart veggen riven og erstatta med den høge bogen som seinare har vore skiljet mellom skip og kor. Den nye korveggen fekk eit rundboga vindauge. Galleriet på nordveggen vart riven og ikkje erstatta. Galleriet i vestenden derimot, vart rive og bygt opp att. Det gamle tårnet med spir i hjørna vart erstatta med eit stort og kvitt tårn framfor vestveggen, som hadde sidegavlar øvst på tårnhalsen og eit skiferdekt spir over dette. Det vart bygt sakristi inntil koret på nordsida, og gjennom det fekk presten inngang til det nye koret. Våpenhuset på sørsida vart rive og døra murt att. Fire store vindauge vart sette inn i sørveggen på kyrkja. Vindauge kom også på plass på kvar side av inngangen i vestveggen og i sjølve tårnbygget.

Tilbakeføring til 1600-talsstilen

Prosessen med å tilbakeføre Leikanger kyrkje til utsjånaden frå 1600-talet, starta rundt 1925. Sokneprest Sverre Daae fekk soknerådet og bygdefolket med på å restaurere kyrkja berre vel 50 år etter den store endringa i 1870-åra. Då kyrkja vart endra, vart samstundes 1600-tals interiøret i all hovudsak fjerna. I 1935 var storparten av det gamle interiøret tilbake på plass. Den gamle altertavla, som arkitekt Johan Lindstrøm hadde rekna med måtte kopierast, vart restaurert og tilbakeført i nesten original stand. Nye kyrkjebenker var også eit resultat av arbeidet på 1930-talet.
Fyrste delen av restaureringsarbeidet vart gjennomført takka vere den store offerviljen og pengestøtta frå kyrkjelyden. Arbeidet med kyrkja stansa heilt opp då andre verdskrigen braut ut. I 1952 sette sokneprest Daae i gang att med vidareføringa av restaureringsarbeidet.
Det kvite, store tårnet stod fram til hausten 1955. Då vart det erstatta ned dagens tårn, bygt etter ei teikning av gamlekyrkja. Her er sjølve inngangen bygd inntil vestveggen, men tårnet er reist over kyrkjetaket. Dette tårnet er mindre, og mykje meir høveleg til bygget enn det som vart bygt i 1872. Dette arbeidet tok kommunen på seg å koste, men det stod att mykje anna arbeid på gudshuset, som kravde ein ny, stor innsats frå bygdefolket i form av pengebidrag. Heile det gamle steinskipet vart restaurert på innsida, omnane vart fjerna og erstatta med elektrisk oppvarming. I 1960 kom vindauga på plass som står i sørveggen i dag. Desse er ein god del mindre enn vindauga som var der før, men noko større enn dei opphavlege vindauga frå mellomalderen.

Bilete av innsida av Leikanger kyrkje.

Bilete av tidlegare sokneprest, Kjell Magnar Sæter, fremfør Kristusbilete.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje - frå mellomalderen til i dag. Skald Forlag. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR