Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. april 2015

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940



«Kommandøren», «Lærdal» og 40 motorbåtar dagen etter. Det var eitt av krava Sogn og Fjordane sin representant fekk på bordet hjå den tyske generalen Engelbrecht i Lærdal, onsdag 1. mai 1940. Dei norske styrkane i Valdres hadde innstilt kampane dagen før, og 1. mai, kl. 05.00 var ordren at forsvar av Sogn og Fjordane var nytteslaust. Einar Svartefoss fortel om kapitulasjonen i boka «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45». Hovudkjelda hans er ein rapport av politimeister Finn Dahlin.

<p>Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940. Lindstr&oslash;m Hotell p&aring; L&aelig;rdals&oslash;yri, hovudbygningen til h&oslash;gre. Her tok den tyske generalen Engelbrecht inn onsdag 1. mai 1940. Politimeister Finn Dahlin m&oslash;tte generalen om kvelden om kapitulasjonsvilk&aring;ra for &laquo;dette distrikt&raquo;, Sogn og Fjordane fylke.</p>

Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940. Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri, hovudbygningen til høgre. Her tok den tyske generalen Engelbrecht inn onsdag 1. mai 1940. Politimeister Finn Dahlin møtte generalen om kvelden om kapitulasjonsvilkåra for «dette distrikt», Sogn og Fjordane fylke.

Eigar: Ove Grøndal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1945-1950

Fotograf: Postkort Normann

Om kapitulasjonen i Sogn og Fjordane fylke

Einar Svartefoss (1910-1999) frå Guddal i Fjaler, var busett i Leikanger. I 1936 vart han journalist i avisa «Sogn og Fjordane» på Hermansverk, og seinare deleigar i avisa saman med redaktør Ivar Tveit. Svartefoss tok over som redaktør i 1949 og styrde avisa til 1987.

I 1994 var Svartefoss ferdig med boka «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45». Dei første kapitla handlar om krigsutbrotet, om mobiliseringa frå 9. april og om krigshendingar i aprildagane 1940. Kapitlet «Kapitulasjonen» fortel i røynda om kapitulasjonen i Sogn og Fjordane fylke og om «fredsforhandlingane» i Lærdal, 1. mai 1940, med general Engelbrecht på den eine sida og politimeister Finn Dahlin på den andre. Kapitlet er fylkeshistorie og nasjonal okkupasjonshistorie.

Finn Dahlin sin rapport hovudkjelde

Svartefoss si hovudkjelde til dette kapitlet er ein rapport skriven av politimeister Finn Dahlin «etter krigen.» I slutten av kapitlet skriv Svartefoss: «Eg har brukt rapporten om lag slik som Dahlin skreiv han, men har nokre stader utfylt han med slikt eg sjølv opplevde, andre har fortalt og noko frå krigshistoriske bøker.»

Tyskarane over Hemsedalsfjellet til Borgund 30. april

Første avsnittet i kapitlet «Kapitulasjonen» fortel noko om då tyskarane den 30. april kom over Hemsedalsfjellet og ned til Borlaug. Same dagen hadde den norske vaktstyrken på Borlaug sprengt Borlaug bru og trekt seg tilbake nedover til Lærdal for vidare retrett til nordsida av Sognefjorden. Utan å vita dette, kom ein lastebil med soldatar frå 4. Brigade i Valdres køyrande på vegen frå Filefjell. To tyske mitraljøser opna eld. Fire av soldatane vart drepne og fleire såra. Dagen etter, onsdag 1. mai, kom tyskarane til Lærdalsøyri.
I det følgjande er teke med ordrett frå Svartefoss. Mellomtitlar og merknader er sette inn her. Nokre uteletne avsnitt er nemnde i parantes.

General Engelbrecht på Lindstrøm Hotell 1. mai

«Sjefen for dei tyske styrkane var general Engelbrecht, og han tok inn på Lindstrøm Hotell med staben sin. Den 1. mai prøvde han å få tak i den norske sjefen, oberst Blom, på Røneid i Gaupne over telefonen. Men han var reist utover til Leikanger, og generalen prøvde å få tak i obersten her, men han var då reist vidare til Grinde og nordover.»

Ordre om å melda seg kl. 20

«Der openbert at generalen då prøvde å få tak i den høgste sivile styresmakta i Sogn og hadde fått oppgjeve at det var fylkesmannen. Dette hadde generalen misforstått og trudd det var lensmannen, for om ettermiddagen 1. mai fekk lensmann M.K. Torvund i Leikanger ordre om at han skulle melda seg for general Engelbrecht i Lærdal kl. 20.00. Lensmannen ringde til politimeisteren og fortalde kva han hadde fått ordre om, og etter konferanse med med fylkesmann Hans Seip, vart det frå politikammeret ringt til general Engelbrecht og forklart at den høgste sivilie styresmakta var fylkesmannen [ikkje lensmannen].

Ei stund seinare kom det ny ordre frå Lærdal om at lensmannen skulle melda seg for generalen. Det vart på ny telefonert til Lærdal og sagt frå at politimeister F. Dahlin skulle koma, men han kunne ikkje nå fram før kl. 21.00.»

Fretheim i Instevik gjekk til Lærdal

«Ein liten motorbåt som Fretheim i Instevik hadde var einaste fartyet som var til rådvelde. Han hadde hatt hardt køyr og hadde sove lite på fleire døgn, men var villeg til å ta turen.»

Tyske vilkår

«I Lærdal møtte han ein tysk underoffiser med eit par mann på kaia og fylgde Dahlin til Lindstrøm Hotell. Generalen kravde straks opplysningar om den sivile administrasjonen og dei båtane som fanst i Sogn, og etter ei stund sette han fram nokre vilkår for å innstilla kampane.

Det viktigaste av desse vilkåra var at det skulle avståast frå alle kamphandlingar frå norsk side og at innan neste morgon kl. 07.00 skulle desse båtane vera komne til Lærdal: «Kommandøren, «Lærdal» [sjå merknad] og 40 motorbåtar. Det skulle straks sendast ein ingeniør som skulle gå i gang med å setja i stand dei sprengde stadene på vegane.

Generalen streka under at han ville venta til om morgonen med å ta endeleg avgjerd når han hadde fått sjå at båtane var komne. Han la til at dersom ikkje vilkåra han hadde sett vart oppfylte, hadde han midlar til å tvinga dei gjennom og nemnde at han i så fall ville rekvirera fly. Det var såleis ikkje tvil om at det ville verta bombing.

Merknad: I følgje rapporten var det tyske kravet å få ferja «Lærdal» til disposisjon. Etter alt å døma var det MS «Sandøy» som saman med DS «Kommandøren» kom under tysk kommando 2. mai 1940. «Lærdal» var i Florø «då krigen var slutt», «Sandøy» var i Sogn. I følgje Fylkesbaatane si årsmelding 1940 var «Kommandøren» og «Sandøy» rekvirerte av den tysk vernemakta, høvesvis i tida «3. mai til 11. juni» og «3. mai til 15. mai». «Lærdal» vart rekvirert frå 5. juni.

To store båtar og 10 små

«Politimeisteren sa at han ikkje visste kvar dei to store båtane var nett då, men han lova å gjera sitt beste. Motorbåtane var spreidde langs heile Sognefjorden, så det ville neppe late seg gjera å få så mange som 40 til Lærdal til kl, 07.00 den 2. mai.

Generalen forandra då tida til 08.00 og reduserte talet på motorbåtar til 10. Han presiserte og at dersom «Kommmandøren» var komen til avtala tid, såg han det som eit teikn på at det var god vilje til å oppfylla krava som var sette.»

Om tyske krigsfangar frå Årdalstangen

"Konferansen vart heile tida avbroten av meir eller mindre dramatiske hendingar. Det braut ut brann i huset ved sida av hotellet, og kurerar kom og gav meldingar. Det vart oppstuss hjå alle då ein tysk løytnant i flyvåpenet kom og melde seg. Han fortalde at han saman med 10 andre hadde vore teken til fange på Voss, men vart så sende til Årdalstangen, og der hadde dei vorte frigjevne 1. mai.

General Engelbrecht var i godt humør, då løytnanten fortalde, og han sa at dette var korrekt handsaming av krigsfangar. Det gjorde sikkert til at han lempa krava han hadde kome med tidlegare, og han gav adjutanten sin ordre om å skaffa politimeisteren mat.»

Hadde berga seg i land frå «Blücher»

«Over ein kopp te og eit par smørbrød i eit siderom byrja adjutanten brått å snakka godt norsk. Han presenterte seg som løytnant Burkhardt og fortalde at han var dotterson til Marie Michelet, og at han hadde difor som gut budd eit års tid i Oslo. Saman med general Engelbrecht hadde han gått ned med den tyske kryssaren «Blücher» i Oslofjorden 9. april, men dei hadde berga seg i land i Drøbak. Løytnanten sa at han såg på Noreg som sitt andre fedreland og var fortvila over å måtte gå til krig mot det, men som tysk offiser måtte han lyda ordre.» (Vidare fortel Svartefoss om Marie Michelet.)

«Kommandøren» og «Sandøy» under tysk kommando 2. mai

«Med god hjelp av telegrafinspektør M. Paulsen i Lærdal og lensmann Johs. Brodwall fekk politimeisteren heime hjå lensmannen ha samband med fylkesmannen resten av natta. Fylkesmannen lova å ordna med «Lærdal» [«Sandøy»] og motorbåtane, og han sat heile natta og telefonerte.

Dahlin skulle ta seg av «Kommandøren», og denne fann han på Amlabukta [?]. Det var overmåte viktig å få båten til Lærdal i tide, men det melde seg mange vanskar til å byrja med. Det lukkast å få tak i kaptein Erling Borge, og han sa at han skulle ro ut til skipet. Det låg med bakka fyr, og det ville ta fleire timar å få dampen opp. Dessutan var det berre maskinisten og ein mann til om bord. Borge lova å gjera alt han kunne, og om morgonen 2. mai i åttetida seig «Kommandøren» inn til bryggja i Lærdal. Samstundes kom det nokre mortorbåtar, og ei tid seinare kom «Lærdal» [«Sandøy»]. (Vidare fortel Svartefoss om Dahlin reiste til Leikanger om morgonen, 2. mai.)

Inspeksjon på Leikanger 3. mai

«Den 3. mai gjekk «Lærdal» [«Sandøy»] til Slinde, og hadde då fått montert fire luftskyts om bord. Vidare hadde båten med fire pansra bilar. Sjefen var oberstløytnant Zimmermann, og han hadde med seg fire offiserar og 40 soldatar. Dei køyrde til Leikanger, der soldatane yrte ut og sette postar rundt heile Tinghuset. Ein løytnant bles i ei fløyte og skreik «Besetzt!» (Vidare fortel Svartefoss om opphaldet på Leikanger.)

«Tyskarane reiste så attende til Lærdal. Det heile var ein insepksjonstur frå deira side for å sjå korleis tilhøva var, mellom anna om det var teikn til noko fiendtleg. Politimeisteren hadde i Lærdal fått varsel om at det ville verta ein slik inspeksjon, og i kunngjeringa fylkesmannen sende ut, var det teke med at folket måtte halda seg i roleg og ikkje finna på noko. Men inspeksjonen kom fleire dagar før det var sagt, så kunngjeringa frå fylkesmannen hadde neppe nådd fram til alle, så det var eit under det gjekk som det gjorde. Hovudinvasjonen av tyskarar kom 8. mai.»

Første kunngjeringa

«Den første kunngjeringa fylkesmannen sende ut etter samtalen med oberstløytnant Zimmermann lydde slik:

KUNNGJØRING

Etter overenskomst er kampen opphørt i dette distrikt. All motstand mot fremmede tropper må derfor opphøre. Det må ikke skytes, i det tilfelle risikeres strenge represalier. Der må ikke skje ødeleggelse av veier, brygger eller telefonledninger eller gjøres skade på annen måte. Enhver bør gjøre sitt vanlige arbeid og medvirke til at alt går normalt. Etterkommes disse regler, vil det herske ro og fred i distriktet.

Sogn og Fjordane fylke, den 3. mai 1940. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.»
 

 

kjelder:

Svartefoss, Einar: 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45.» Systrond Sogelag 1994.

Berge, Kjell-Ragnar, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.

Haugen, Helge: Generalen og hans divisjon – et 75-års minne. Eige forlag 2015.

Årsmelding for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1940. I
Fylkestingsforhandlingar 1941, Sogn og Fjordane fylke, 1941.
 

Munnleg informasjon frå Jon Lidal, Slinde.