Einar Bakkane vaks opp i Solheimsdalen som då høyrde til Naustdal kommune, og fekk si første opplæring på fele i 8-9-årsalderen. Han fekk lære slåttar av Valton Torvik, og var ein flink og etterspurd spelemann.
Den vesle grenda Bakka femner om gardane Bakka og Tufto. På vei inn Nærøyfjorden vil dette vere dei siste gardane båten passerar, før den når enden av fjorden i Gudvangen. Grenda er truleg mest kjend for den kvite kyrkja, som er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, som òg stod for store…
Bakka kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i grenda Bakka ved Nærøyfjorden. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, vart vigsla 11. mai 1859. Då vart Nærøy eit eige sokn i Aurland prestegjeld, skilt ut frå Underdal sokn. Nærøy sokn er det minste…
Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden…
Gardane Bakka og Tufto ligg på vestsida av Nærøyfjorden kring seks km nord for tettstaden Gudvangen. I fjellområdet vest for gardane ligg stølane Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Frå gardane går vegen til desse stølane bratt oppover fjellsida, like opp til 1300 moh. Deretter går han jamnt…
Inst inne i Nærøyfjorden, eit kort stykke frå sjøen rett over fjorden frå Bakka, står Bleiklindi. Eit merkeleg tre som i 1910 vart freda ved kongeleg resolusjon. Bleiklindi er eit godt døme på tre ein kan kalla kulturtre, tre som gjennom lang tid har fått eit særleg rom hjå fleire menneske.
I bakkane ovanfor butikken i Osen i Feios står det ei gamal stove som vert kalla Astridstova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.
Gardane Bergset og Sølvberg ligg høgt over fjorden. Men òg for slike gardar var fjorden viktig. Dei hadde naustveg nedover dei bratte bakkane mot fjorden der det låg naust, bryggjer og båtstøer, sagbruk, og fleire husmannsplassar. I det siste er det lagt ned mykje arbeid for å ta vare på dette…
Haukedalen var rekna som ei svært lovande jordbruksbygd med store område dyrkbar jord. Men dalen var nærmast avstengd frå omverda. Alt på 1800-talet kom kravet om ein god kjerreveg til Førde som var kortaste vegen til fjorden. Det var særleg dei bratte bakkane opp Rørvikfjellet som var ei…
Yrkestitlar på gravsteinar er ikkje uvanleg, helst då på eldre gravminne. Til dømes finn me på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje: bonde, sorenskriver, overrettssakfører, kirkesanger, lærar og toneskald, kaptein, fanejunker, og fleire. På kyrkjegarden på Bakka i Nærøyfjorden finst det ein…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Gjert Holsen frå Førde.
"Den gamle utslåttløa står i dag til nedfalls bort i marka, avleggs og bortgløymd av vår siviliserte tid, står der som ei falleferdig monument over kvardagsstrevet til forfedrene våre. Men ho står der og til noko meir: - eit talande symbol om den gamle tida." Uteløene eller restene etter dei,…
Den kring 12 km lange Eldedalen går sørvestover frå staden Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Om lag 10 km inne ligg stølen Tuftene på nokså nøyaktig 600 moh. Her var sommarstøl eller fjellstøl for tre gardar. Alle husa er borte, men enno syner rester etter fire.
Garden Eiki ligg på austsida, heilt nede ved sjøen i Vetlefjorden. Husa på to bruk ligg på kvar si side av store avsetningar etter skreder frå Eikjadalen i vest. Gardstunet vart delt og husa flytta etter store øydeleggingar og tap av menneskeliv i to enorme skreder i 1868 og 1877. Etter det siste…
Natt til 30. desember 1919 gjekk grunnstøytte D/S "Orm Jarl" vest av Alden. To bergingsbåtar kom fram til havaristen og det såg ei tid ut til at båten kunne bergast. Men storm og sjøgang påførte etter kvart båten så store skader at skroget brotna i to og gjekk til botnar. Noko av lasta og andre…
Etter at det vart bygd hovudveg mellom Reed og Sandane i 1888, var det mindre spørsmål om det gamle hovudsambandet mellom Sunnfjord og Nordfjord over Utvikfjellet. Den gamle Trondhjemske postvei låg stort sett slik den var bygd tidleg på 1800-talet.
I Marifjøra står eit av dei eldste bedehusa i fylket. I over hundre år gjekk folk på bedehuset her, - på møte, misjonskveldar, basarar, juletrefestar og søndagsskule. I 2006 står huset ubrukt.
Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar.
Garden Modvo i Hafslo vart bureist og brukt i perioden 300 - 500 e.Kr. Deretter vart han liggjande øyde og aldri seinare teken opp att. Difor kunne arkeologane i 1960-åra avdekka eit gardsanlegg her, som er det einaste kjende frå denne tida i Sogn og Fjordane.
Telegraflina mellom Lærdal og Fodnes vart bygd i 1895. Lina gjekk til dels i vanskeleg terreng utan vegsamband og med høgdeskilnad på 1000 meter. Dette vart ein viktig fjellovergang for telefontrafikken i indre Sogn.
Leikanger kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Leikanger på austsida av Stadtlandet i Selje kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart innvigd 28. oktober 1866. Ho vart sett opp av materialane etter den gamle Selje-kyrkja som vart riven same året. Arkitekt for ombygginga i 1895 var…
Garden Le er ein bratt høgdegard, 300 moh, som merkjer seg ut med eit svært rikt kulturlandskap. Her har gamle driftsmåtar vore nytta heilt til vår tid.
Skjergarden i Solund var brutal for seglskuter i sterkt pålandsvêr. Men også motorfarty tok feil, med tragisk utgang. Kring i øyriket ligg mange vrak, fleire er i dag lokkande dykkarmål.
Fitjestøylen (sommarstøl) ligg ca. 382 m o.h. Stølen ligg på ei flate i indre enden av Langedalsvatnet. Det var gnr. 5, Fitje indre, og gnr. 6, Fitje ytre, som bruka stølen. Det vart slutt med tradisjonell stølsdrift i 1949.
Stiftinga Karnilstunet vart skipa i 1994. Det skjedde etter at den siste eigaren av Karnilsbruket, Kornelius Hauge, døydde i 1988, og etter ønskje frå arvingane om at garden skulle testamenterast til kulturelle formål. Det meste av arealet på bruket vart frådelt og lagt som tilleggsjord til…