Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. april 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fylkesbaatane - Rutetrafikk før 1858



Fylkesbaatane byrja ruteferdsle Sogn og Fjordane-Bergen 2. desember 1858. I fleire år før hadde ei rekkje skip prøvd seg i rutefart mellom Sogn og Bergen (og Stavanger) utan heilt å lukkast. Eitt av dei var hjuldamparen "Bjørgvin". Hausten 1855 gjekk skipet på eit skjer nær Skjergjehamn og sokk.

Det første dampskipet i Norge, <i>Constitutionen</i>, på frimerke. I 1827 sette staten inn to dampskip på strekninga Oslo-Kristiansand. Det andre hadde namnet <i>Prinds Carl.</i>

Det første dampskipet i Norge, Constitutionen, på frimerke. I 1827 sette staten inn to dampskip på strekninga Oslo-Kristiansand. Det andre hadde namnet Prinds Carl.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Statsdrivne skip i byrjinga

Det var staten som med eigne skip sette i gang dei første dampskiprutene i Noreg. Føremålet var først og fremst å betra postførsla. Våren 1827 byrja hjuldamparane Constitutionen og Prinds Carl å trafikkera strekninga Oslo - Kristiansand. Det tredje statseigde dampskipet, Prinds Gustav byrja å trafikkera strekninga Trondheim og Hammerfest i 1838.

Men Vestlandet vart hengjande etter. Det privateigde bergensskipet Oscar blei hausten 1827 sett i fart mellom Bergen og Kristiania, men måtte innstilla etter berre to år. Den einaste dampskipsfarten i åra 1829-1841 var at båtane i ruta Oslo-Kristiansand gjekk to turar på Bergen om somrane. I 1841 blei staten sitt skip Nordcap sett inn i fart mellom Kristiansand, Bergen og Trondheim.

Sak om dampskipsrute i Vik formannskap 1837

Hovudpostruta Oslo-Bergen gjekk om Lærdal. Det var difor naturleg at tanken om ei postførande dampskipsrute Lærdal-Bergen kom opp. I så måte er ei sak formannskapet i Vik hadde føre 24. februar 1838 svært interessant. Formannskapet hadde via "fogderiet" fått brev frå "Finants- Handels- og Told departementet" Brevet var datert 22. desember 1837 og handla om "Dampskipsfart mellem Lærdalsøren, Bergen og Stavanger." Av uttalen, som er innført i møteboka, går det indirekte fram at eit "interessentskab" hadde vore på tale, men ikkje blitt røyndom, og at det no var planar om ei statsdriven rute.

Denne dampskipssaka var den andre saka det nyoppretta formannskapet i Vik hadde føre. Av møtereferatet går det fram at dei folkevalde var udelt positive og meinte at ei dampskipsrute ikkje berre vil vera til gagn for postføringa men for kommunikasjonen i det heile.

Stortinget handsama saka i 1839, men så vart det statlege føretaket brått skrinlagt. Grunnen ser ut til å ha vore at eit privat bergenselskap hadde gått til innkjøp av ein dampbåt frå England som kom til Bergen i september same året. Båten fekk namnet Bjørgvin og byrja å trafikkera ruta Lærdal-Bergen-Stavanger. Selskapet fekk 110 spesidalar (spd) i statstilskot for kvar tur Bergen-Stavanger, men ikkje statstilskot for turane på strekninga Bergen-Lærdal. Og då tilskotet seinare vart redusert til 150 spd pr. år, måtte Bjørgvin gje opp. I 1843 kom staten sjølv inn på ruta med Constitutionen., men denne ordninga varde berre eit par år. I 1845 kom Bjørgvin på ny inn att i ruta Lærdal-Bergen, no under nye eigarar, Herman Bredal og Jørgen Brunchorst.

Om då Bjørgvin forliste i Gulen

Framstillinga så langt byggjer på opplysningar i to bøker: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år og Steamers of the fjords. Ingen av bøkene nemner den dramatiske sluttstreken for Bjørgvin seinhaustes 1855. Det gjer derimot avisa Sogns Tidende i 1930. I eit stykke med overskrifta Damskipsferdsla i Sogn for 75 aar sidan står det om då Bjørgvin forliste i farvatnet ved Skjergjehamn i Gulen. Avisa refererer eit samtidig stykke om hendinga i eit "hovudstadsblad". Nedanfor tek me med første delen av stykket omskrive i samsvar med rettskrivinga no, og andre delen slik stykket stod på trykk i 1855/1856.

Skipet gjekk til botnar - alle berga

Første delen av stykket:
Dampskipet Bjørgvin som i fleire år har frakta post mellom Bergen og Lærdalsøyri, og som på desse turane ofte har karambulert [kollidert] både med bergnakkar og skjer, har nå endeleg fått sitt banesår. Natta mellom 23. og 24. ds. [november eller desember 1855] gjekk det på eit skjer tett attmed land i nærleiken av Skjergjehamn. Til all lukke kom ikkje skipet seg av ved å bakka, elles ville det ha gått til botnar med mannskap og passasjerar, - mellom 60 og 70 personar, etter det som vert sagt.

Skroget blei opprive og tok snart inn mykje vatn, men det lukkast ved help av ein liten skipsbåt å få passasjerane i land, sameleis posten og ein god del av lasta, før skipet glei av og gjekk til botnar. Det var godt vêr då ulukka skjedde, men mørkt.

Refleksjonar

Andre delen av stykket:
"Mange Rejsende erindre vistnok med Gysen de rædselsfulde Timer som de i mørke og stormfulde Nætter have udholdt paa Bjørgvin, navnligen paa dens Fart gjennem Strømmen [trang strekning i leia] mellem Bergen og Sognefjorden.

Mangen Gang har Føreren i deslige Nætter været bønfaldet om at søge Havn, idetmindste for Natten, uden at lytte dertil, men kun affærdiget Vedkommende med det lidet trøstige Svar at Posten maa fram, ret ligesom Passagerernes liv, Fartøj og gods - ja Posten selv var for intet at regne mod det mulige Tilfælde - stolende paa Lykken - at kunde bringe Posten frem nogle timer tidligere, end ellers vilde været skeet, om en forsigtigere Fremgangsmaade havde været befulgt. Negtes kan det ikke, at deslige Anmodninger vistnok ofte fremsættes i Utide.

Længe kan det vel ikke være, inden Sognefjorden paa ny erholder regelmæssig Dampskibsfart; maatte da det indtrufne Uheld i Forening med de mange tidligere Faciliteter Bjørgvin har havt, lære vedkommende at det nok er en betydelig Nødvendighet at Føreren tilholdes at stoppe nogle timer om natten i de stormfulde Vintermaaneder - naar Strømmen paa den tid af Døgnet skulde passeres, en forholdsregel, som uden tvivl vil være i alle vedkommende velforstaaede interesse, og som formentlig ogsaa uten Ulempe befølges af Statens Postdampskibe, der gaa langs kysten." (Så langt stykket i Sogns Tidende).

Ny aktør - Michael Krohn

Bjørgvin og Constitutionen var ikkje dei einaste dampskipa i fart Sogn-Bergen før Fylkesbaatane byrja i 1858. Hausten 1848 stod det i to bergensaviser annonsert ei innbyding til å teikna aksjar i eit dampskipselskap som skulle trafikkera Lærdal-Bergen-Stavanger. Innbydinga var underteikna Michael Krohn, ein av skiparane av Det Bergenske Dampskibsselskab i 1851. Forsøket mislukkast, men Krohn kom tilbake. I 1854 vart det reist 10.000 spd i aksjekapital og ein høveleg hjulbåt innkjøpt. Den same mannen prøvde også å reisa kapital med tanke på damskipsruter Bergen-Sunnfjord-Nordfjord.

ds Patriot

Patriot kom til Bergen sommaren 1854. Båten var bygd i 1836 og hadde trafikkert sambandet Hamburg-Helgoland. Riksarkivet har oppbevart eit brev datert 25. november 1854 frå "Directionen for Dampskibet "Patriot" til "Den Kongel. Norske Regjerings Departement for det Indre". Brevet er underskrive av formannen i direksjonen, konsul Michael Krohn, og handlar om ruteoppsett (sjå illustrasjon) og føresetnader for at skipet skal kunna halda ruta. Uvêr og isvanskar blir nemnde. Patriot heldt det gåande til 1856. Det neste initiativet til dampskipsfart Sogn og Fjordane-Bergen kom frå to personar i Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus amt), fylkesmannen og soknepresten i Balestrand.

Amtsformannskapet 1857

Initiativet frå fylkesmann M.C.S.E. Aubert og sokneprest H.U. Sverdrup for å skaffa fylket dampskipssamband med Bergen kom først konkret til uttrykk i Stortinget då Stortinget 26. februar 1857 handsama ein søknad frå Bergen og Bergenhus-amta om løyving til innkjøp av to dampskip som skulle trafikkera "de Bergenske Fjorde". Tanken var at begge amta skulle gå saman om å få etablert regelmessig rutetrafikk. Slik kom det ikkje til å gå. Det som skjedde kan kort oppsummerast slik: Søndre Bergenhus Amt takka nei. Nordre Bergenhus Amt valde å slå til sjølv. Vedtaket blei gjort av amtsformannskapet på ekstraordinært møte i "Førde Thingstue" 27.-28. november 1857. Nokså nøyaktig eitt år etter gjekk DS Framnæs sin første tur frå Bergen til Sogn. I 1911 vart Aubert og Sverdrup heidra med minnestein i Balestrand.

Amtsformannskapet 1843

Det høyrer og med til historia om dampskipsfart Lærdal-Bergen før 1858 at amtsformannskapet alt i 1843 handsama ei sak "betreffende en vedvarende Dampfart i Sognefjorden". Saka var reist av av sokneprest Bull i Sogndal og prokurator Juell i Lærdal. Vedtaket gjekk ut på å senda saka over til valkomiteen. Det skjedde den 28. juli, og alt den "paafølgende dag" var innstillinga klar og teken opp til handsaming.

Amtsformannskapet oppmoda amtet (fylkesmannen) om å senda ei adresse (ein uttale) komiteen hadde forfatta til Regjeringa i denne for "Amtsdistrictets høie Interesse i denne Sag og Dampskibsfartens saare Vigtighed for disse Egne". Saman med uttalen skulle det følgja med ei tilråding frå fylkesmannen.

kjelder:

Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.
Bent, Mike: Steamers of the fjords Bergen shipping since 1839. 1989.
Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi. (...) 1951.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Fylkestingsforhandlingar. 1843, November 1857.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, databasar, digitaliserte protokollar:
Vik kommune, kommunearkivet, formannskapsarkivet, møtebok 1837-1858.