Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Ålfoten kyrkje



Ålfoten kyrkje er ei langkyrkje i lafta tømmer som står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 100 sitjeplassar, vart bygd på 1600-talet. Årstalet 1678 var lenge rekna som byggeåret, men ho er truleg bygd kring 1610. Ålfoten kyrkje er soknekyrkje for Ålfoten sokn i Davik prestegjeld.

Den eldste trekyrkja i Nordfjord er også den eldste etter-reformatoriske kyrkja i fylket. Det finst ikkje kjelder som fortel om kven som bygde kyrkja i Ålfoten, men det kan godt ha vore ein eller fleire av dei profesjonelle omreisande bygningsfolka. Ålfoten kyrkje er framleis i vanleg bruk og vart for få år sidan restaurert i samarbeid med Riksantikvaren.

Den eldste trekyrkja i Nordfjord er også den eldste etter-reformatoriske kyrkja i fylket. Det finst ikkje kjelder som fortel om kven som bygde kyrkja i Ålfoten, men det kan godt ha vore ein eller fleire av dei profesjonelle omreisande bygningsfolka. Ålfoten kyrkje er framleis i vanleg bruk og vart for få år sidan restaurert i samarbeid med Riksantikvaren.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Lita og særs einfelt kyrkje

Det er mest uråd å få auge på den vesle kyrkja om ein tilfeldig ser etter henne frå riksvegen på oppsida av bygda. Men tek ein vegen ned i Ålfot-bygda, og let blikket søkje etter eit lite kvitmåla kyrkjehus utan tårn, finn ein snart fram til den vesle trekyrkja, den eldste i tre i Nordfjord.

Ei bygdekyrkje av det lågmælte slaget, kan ein gjerne kalle Ålfoten kyrkje. Ikkje merkar ho seg ut der ho står oppe i bakkane på garden Myklebust. Om ein står på avstand og studerer kyrkja, som er omkransa av gamle murar, gir ho oss ikkje særskilde forventningar om kva som vil møte oss innvendig. Ho er lita og særs einfelt, skriv Jakob Aaland i bygdeboka. Ein kan skjøna kva som er meint når ein kikar inn gjennom dei småruta vindauga. Få av kyrkjene våre står att så urøyvde som denne, så folkeleg enkel og fin.

Uvisst byggjeår

Det har vore ulike meiningar om alderen til Ålfoten kyrkje, men kyrkjelyden trudde dei visste årstalet då dei i 1978 feira 300-årsjubileet. Biskop Thor With kom til Ålfoten på visitas. Der var stort frammøte av prostar og prestar, kommuneleiing, bygdefolk og ymse underhaldningskrefter. Ikkje lenge etter kom det fram at kyrkja hadde hatt sitt jubileum i det stille over 60 år i førevegen. Det rette byggjeåret er truleg 1610. Kanskje er det dei som også vil kunne få oppleve både 300- og 400-årsfeiringa.

På vêrhanen over vestgavlen står årstalet 1678, og folk flest har rekna med at det var dette året kyrkja vart bygd. Ein del av inventaret er frå denne perioden eller yngre, noko som også har støtta meiningane om kva alder kyrkja hadde. Men dette talte imot opplysningar som har komme fram om kyrkja og reparasjonar som vart utførte på den tida då ho etter seiande skulle vere ny. På slutten av 1680-talet vart det bygt nytt våpenhus i staden for ei ròta fordør som var øydelagd av vêret. Dersom kyrkja var ny berre ni år i førevegen, rimar det dårleg at delar av kyrkja alt heldt på å ròtne.

Altertavla er eitt av argumenta som talar for at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet. Professor Robert Kloster har tidfesta henne til perioden 1600-1620. Eit anna vitnemål er frå presten Christian Meyer, sokneprest i Davik 1847-1869, som i ein merknad i ei visitasmelding skal ha nemnt at kyrkja vart bygt alt i 1610. Kjelda for denne påstanden er ukjend, men det er grunn til å feste lit til denne opplysninga, ettersom presten nok hadde fått opplysninga frå bygdefolk i Ålfoten.

Fekk ikkje byggja på kyrkja

Innvendig er det lite som er måla utanom preikestolen, prestestolen og altertavla. Kyrkjebenkene har enkle dører utan treskjering eller annan pryd. Dei små lysekronene gir kyrkjerommet eit pent innslag i det elles uvanleg enkle interiøret.

Kring 1911-1913 var det på tale å rive Ålfoten kyrkje, men Stiftsdireksjonen gjekk ikkje med på det. Den vesle kyrkja, med vakre proporsjonar, er ein pryd i landskapet, skreiv dei. Kyrkjelyden meinte at kyrkja var både for lita og upraktisk slik ho stod utan sakristi. Men dei fekk verken byggje ny kyrkje, eller byggje galleri for å skaffe fleire sitjeplassar. Arkitekt Egill Reimers var ein av dei som fekk i oppgåve å vurdere om det var råd å gjere endringar. I årsmeldinga frå 1915 skreiv han at folket på staden ville ha hans vurdering av om det var råd å utvida kyrkja - enten i form av ei påbygging eller ved å byggja eit galleri. Men begge løysingane syntest heilt utenkjelege. I omtalen av kyrkja heiter det også at heile den vesle kyrkja har eit preg av den gamle tømrar- og snikkarkunsten i Nordfjord, som for bygda si skuld burde bevarast. Kyrkjelyden fekk difor ikkje lov til å gjere endringar på dette praktverket, men dei fekk restaurere kyrkja si.

Før jubileumsfeiringa i 1978 vart det gjennomført ei større restaurering i samarbeid med Riksantikvaren. Våpenhuset vart isolert og kledt både utvendig og innvendig. Koret vart retta opp og det vart lagt nye bjelkar i golvet, dei gamle omnane vart fjerna og dei elektriske leidningane til lys i kyrkja vart lagde om slik at dei etterpå knapt var synlege. Elektrisk oppvarming var på denne tida alt innlagt i kyrkja. Slik fekk kyrkjelyden ei god brukskyrkje også for framtida, sjølv om plassen er og blir liten.

Kunst og inventar

Altertavla frå tidleg 1600-tal er ei kassett-tavle i renessansestil, måla om i 1767. Tavla er tredelt, med toppstykke med gavl, sidegavlar og venger. I biletfelta er det katekismeord nedst, og stjerner på blå botn over, slik det også er i toppfeltet. Dette er neppe opphavleg, men skriv seg frå det som skjedde ved ei overmåling. Ei innskrift fortel at sokneprest Thomas Gerog Krog kosta tavla i 1767.

På alteret står to lysestakar i sølv frå 1922. Nattverdsutstyret er ein kalk og disk frå 1690. Reisealteret frå mellomalderen, er ei steinplate i treramme. Det har vore i kyrkja sidan ho var ny. Reisealter vart nytta til gudstenester der ein mangla kyrkjehus, fyrst og fremst i den fyrste misjonstida, men også seinare.
Preikestolen er truleg frå 1678. Døypefonten og dåpsfatet i messing er frå 1683. Dåpsmugga er i steinty.

Lysekrona er ei minnegåve frå Mr. og Mrs. Lee, frå England, etter son deira som er gravlagd ved kyrkja. Orgelet frå 1990 har fem stemmer, av merket Standard. Kyrkjeklokka frå mellomalderen, har prega bilete av Maria med Jesusbarnet, Dei heilage tre kongar; helgenar, berre orda Ave Maria og Ansgard er leselege.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR