Kulturhistorisk leksikon

Bru (19)

  • Den gamle kvelvingsbrua på Maurstad

    Natt til 11. oktober 1984 ramla den over 100 år gamle kvelvingsbrua på Maurstad ned. Eit veghistorisk kulturminne var brått borte. Men hausten 2000 var brua på plass att, takka vere lokal innsats gjennom vernelaget Maurstad Gamle Bru.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Kvelvingsbruer i Hornindal

    Langs Riksveg 60 gjennom Hornindal vil ein passere fleire vakre kvelvingsbruer, som kan vere verd å legge merke til. Etter å ha kryssa møregrensa vil ein fyrst sjå Honndøla bru. Vidare framover dalen kryssar ein Dalebrua og Storebrua. Dersom turen går vidare mot Stryn, ser ein ei større kvelvingsbru ved Øyebakken, og litt seinare eit anlegg med fleire steinhellebruer.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Honndøla bru

    Langs Den Trondhjemske postvei gjennom Hornindal vart det tidleg på 1800-talet bygt fleire fine steinbruer som står den dag i dag. Fleire av desse låg i Øyane-området i Kjøs krins, men den største og mest storslåtte av alle er Honndøla bru, ikkje så langt frå grensa til Møre og Romsdal i Indre Hornindal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Veg og bru over Kjøsnesfjorden

    Frå Vassenden strekkjer Jølstravatnet seg vel to mil austover, og ved gardane Sunde og Kjøsnes på sørsida, går den kring fem kilometer lange Kjøsnesfjorden inn til Søgnesand og Lunde. Vegsambandet over det grunne Kjøsnessundet har ei svært spesiell historie. Arbeidet byrja som dugnad, og folk heldt på med steinkøyring i årevis. På femti-talet ville kommunestyret ha ferje!

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Kvelvingsbrua over Hopselva

    Kvelvigsbrua i Hopsdalen, på riksveg 615 mellom Straume og Heimseta, er eit vakkert stykke ingeniørkunst. Ho vart bygd i 1934 som bruløysing over Hopselva, nokre hundre meter nord for Breistøylen, sommarstølen til garden Hope.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Den gamle brua over Vetledøla

    Frå Fåbergstølsgrandane i Storedalen (øvste delen av Jostedalen) går Sprongdalen nordaustover opp til Styggevatnet på vel 1100 moh. Ein dryg kilometer framme i dalen kjem Vetledøla ned frå Vetledalen. Det kunne vera vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over her når det var stor vassføring og det ikkje var bru.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Bruene ved Viva i Sprongdalen

    Ein gammal ferdselsveg frå Sogn og Fjordane til Gudbrandsdalen gjekk frå Jostedal over fjellpartiet Handspiki til Sotasæter og Skjåk. Ved kraftutbygging på 1980-talet vart det bygd anleggsveg frå Fåberg opp til Styggevatnet som ligg på vel 1100 m o.h. Vel fire kilometer før Styggevassdammen, kryssar vegen elva på ein stad som heiter Viva. Like ovanom brua er det synlege spor etter to eldre bruer.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Bruer over Leirdøla på Jostedalsvegen

    Brusambandet over Leirdøla på Jostedalsvegen er eit særs interessant stykke veghistorie. Her er to bruer, - ei betongbjelkebru av nyare dato og ei stålfagverksbru frå 1934. Dessutan er det restar etter ei eldre steinbru, og namnet "Leirdøla bro" innhogge i berget.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Langebrua

    Brua over Jølstra er oppkalla etter handelsmann Hans Christian Fr. Lange, ein av dei som stod føre bygginga av den første brua. Brua har alltid vore eit sentralt bindeledd i Førde tettstad.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet

    Vegsambandet mellom øyane Mjømna og Byrknesøy vart offisielt opna 13. september 1997. Det var 40 år etter at fylkesmann Nikolai Schei og vegsjef Egil Abrahamsen første gong var på synfaring for å vurdera korleis dei tre øyane kunne knytast saman. Bru mellom Sandøy og Mjømna stod ferdig i 1993. Bru mellom Sandøy og Mjømna stod ferdig i 1993, og i 2006 byrja arbeidet med veg- og brusamband til fastlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Steinbru i gammal ferdsleveg

    Steinbruvatnet og Larsselvatnet, begge på 930 meter over havet, ligg i fjellområdet mellom Eldalsdalen og Høyanger. Dei er skilde frå kvarandre av to nes eller tangar med eit smalt sund mellom. Sundet er grunt og det er laga til ei bru. Den vesle steinbrua høyrer til ein eldgammal ferdselveg mellom Eldalsdalen og Høyanger.

  • Kampen for Dalsfjordbrua

    Dalsfjordbrua har vore det mest omdiskuterte samferdsleprosjektet i fylket og skapt stor politisk strid. Utgangspunktet var ønskje om veg på nordsida av Dalsfjorden for at Askvoll skulle få samband med Førde og Dale via Bygstad. Men i 1974 gjekk Stortinget inn for bru over Dalsfjorden i staden for veg. Vegen fram til den planlagde brua vart påbyrja frå Eikenes på nordsida av Dalsfjorden, men brua kom aldri.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Norddalsfjordbrua

    I 1987 stod Norddalsfjordbrua ferdig som siste biten i vegsambandet mellom Flora og Bremanger. Arbeidet tok til 1. august 1985 og brua var ferdig til 30. januar 1987. Avleveringa skjedde 30. mai same året. Brua er 404 m lang og 8 m brei, med 2 m fortau. Bruspennet er på 230,5 m, det lengste av denne typen i Europa.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Jøl bru i Stryn - vakker vegbyggjarkunst

    I stigninga opp frå Hjelledalen på riksveg 15 over Strynefjellet ligg Jøl bru. Den gamle brua er bygd i 1883, og må seiast å stå som eit monument over eldre tiders vegbyggjarkunst. Ho er eit kunstverk i handmuring - særleg av di ho er bygd i ein så skarp sving. Brua er restaurert, men grunna heilårsvegen er det vanskeleg å få auge på ho.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Måløybrua - Noregs lengste bru i 1974

    Måløybrua vart offiselt opna sommaren 1974. Brua vart realisert gjennom eit stort lokalt engasjement. Eldsjeler stod på i meir enn ti år for å sikra finansiering. Bruprosjektet må seiast å vera eit eineståande samarbeid mellom lokale politikarar og vegstyresmaktene. Bruprosjektet var eit av dei første bompengeprosjekta i fylket.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Foss bru i Hyllestad - eit vakkert kulturminne

    Gamle Foss bru i Hyllestad er sagt å vera det fremste kulturhistoriske minnesmerket på "Den Trondhjemske Postvei". Brua sto ferdig i 1806 og var nytta heilt fram til det vart bygd ny bru i 1961. Etter lokalt initiativ tok Statens vegvesen på seg å restaurera brua i 1975-78.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Bruene i Førde

    Førdehistoria handlar om bruer. Langebrua er så å seie føresetnaden for at Førde kunne bli ein tettstad. Dagens sentrale Førde er bunde saman av sju bruer, og to, tre til kan kome over nokre år. På Sunde og Mo finn vi fleire som er viktige for vegane ut frå tettstaden.

  • Steinkloppa over Os-elva

    Fram til 1970-åra gjekk ei gamal steinbru over Os-elva, mellom gardane Eide og Rutle. Ho vart truleg teken av isen, og i fleire år var det berre restar att av ho. Kloppa har seinare blitt restaurert.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Salbu bru - einaste kvelvingsbrua i Hyllestad

    Salbu bru - midt mellom Salbu vegkross og Sørbøvåg - er eit fint døme på ei kvelvingsbru frå tidleg på førre århundret. På to steinar står innhogge: "Salbu bro" og "1908".

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad