Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Langebrua



Brua over Jølstra er oppkalla etter handelsmann Hans Christian Fr. Lange, ein av dei som stod føre bygginga av den første brua. Brua har alltid vore eit sentralt bindeledd i Førde tettstad.

Nokså roleg på Langebrua ein haustdag i 2001. I bakgrunnen ser vi forretnings- og kontorbygningane på sørsida av Jølstra.

Nokså roleg på Langebrua ein haustdag i 2001. I bakgrunnen ser vi forretnings- og kontorbygningane på sørsida av Jølstra.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Reppen.

Brubygging i 1830-åra

I 1833 tok lensmann Johannes Falch (1792-1855), og handelsmann Hans Christian Fr. Lange, initiativet til å føre opp ei bru over Jølstra mellom Hafstad og Skorpa i Førde. Plasseringa av brua vart bestemt av veginspektør Meidell. Lange var den første som dreiv handel på Skorpa (der Sivertsens Hotell seinare kom, no Domus), frå kring 1830. Han såg nok med interesse på betre samband over elva. Opp etter Jølstra låg det då mange naust og buer, og ovanfor brutraseen var det tolv bønder som fekk erstatning fordi brua avskar båtferdsla dit opp.

Den første brua

Venteleg vart brua bygt kort tid etter 1833. Den første brua var ei trebru, fundamentert på kar i elva. Dei var trekanta, med ein spiss mot elvestraumen, bygt opp av stokkar, og fylte med stein. Slike brufundament, seinare berre mura i stein, ser vi enno på bruer på Den Trondhjemske Postvei. På den tida var Anders Olson Hafstad ferjemann. Det hadde ikkje vore gratis å bli ferja over elva med båt, og brupengar vart kravd inn. Dei to brubyggjarane freista i 1838 å få kommunen til å overta brua, men først i 1850-åra vart det kommunal interesse for anlegget. I 1838 vart brua kalla "Førde Bro". "Langebrua" vart teke i bruk seinare.

Bruer tekne av elveisen

Vinteren 1851 vart brua teken av elveisen. Først i 1856 vedtok kommunen å byggje brua opp att. Då var lensmann Falch død, og handelsmann Lange flytta frå bygda. I 1856 fekk brua tilskot både frå amtet og nabokommunen Gaular, og var no eit offentleg anlegg. I 1873 vart brua delvis øydelagt av ein uvanleg stor flaum. Ei ny og forsterka bru kom på plass i 1874. Denne brua klarte seg til februar 1922. Då vart brua kutta på midten av stor isgang i elva. Ei provisorisk bru gjorde teneste til ny bru vart opna i 1925. Denne var av solide jernkonstruksjonar, og skulle stå seg mot isgangen i Jølstra. Det gjorde ho òg, men måtte etter kvart gi tapt for ein veksande biltrafikk.

Langebrua i kommunikasjonsbiletet

Etter at dampskipsekspedisjonen kom på Steinen i 1858 auka trafikken på vegen dit ut, og Langebrua fekk ei viktigare rolle. Ved sørenden av brua voks den første tettstaden fram utetter på 1900-talet. Dermed vart brua eit stadig meir sentralt ledd som batt saman det nye med det gamle Førde rundt Sjøahola, kyrkja og Skorpa.

Noverande bru

Den noverande Langebrua har stått gjennom vekstperioden til det moderne Førde. Ho vart bygd i 1959, er 75,91 m lang, 11,32 m brei, og er bygd med fire spenn, der det største er på 21,22 m. 42 tonn er største tillate vekt til einskild køyretøy. Så lenge brua var del av riksvegen gjennom Førde, sorterte ho under Statens vegvesen, men er no på nytt i kommunalt eige.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok, Bind 2, s.36-38, Førde 1992.
Sogeblad frå Førde.Hefte 5, Førde 1987.
Tekniske opplysningar om noverande bru frå Statens vegvesen. Leikanger.
Kommunalsoge for Førde herad 1837-1937.Førde 1937.

PERMANENT IDENTIFIKATOR