Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2004

Sist oppdatert 20. august 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den gamle brua over Vetledøla



Frå Fåbergstølsgrandane i Storedalen (øvste delen av Jostedalen) går Sprongdalen nordaustover opp til Styggevatnet på vel 1100 moh. Ein dryg kilometer framme i dalen kjem Vetledøla ned frå Vetledalen. Det kunne vera vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over her når det var stor vassføring og det ikkje var bru.

Den gamle brua (steinkloppa) over Vetledøla. Terrenget er som skapt for bru her. Elveløpet går inn under ein bergammar og frå kanten av denne er lagt ein vel 2 meter lang, flat stein til oppmurt bru-kar på hi sida.

Den gamle brua (steinkloppa) over Vetledøla. Terrenget er som skapt for bru her. Elveløpet går inn under ein bergammar og frå kanten av denne er lagt ein vel 2 meter lang, flat stein til oppmurt bru-kar på hi sida.

Eigar: Norman Kjærvik

Datering: 2019

Fotograf: Norman Kjærvik

Ny betongbru og gamal steinbru

To bruer kryssar i dag Vetledøla på same staden. Den eine er av ny dato, bygd av spennjern og betong for bilar. Den andre er ein god del eldre, oppsett for folk og fe til fots. Nybrua kom med anleggsvegen opp til Styggevatnet i 1980-åra. Gamlebrua, som kan vera over hundre år gammal, ligg nett ovanom, ein stad det terrengmessig er som skreddarsydd for bru. Frå kanten av ein berghammar ligg ein ca. to meter lang stein som brudekke over til eit oppmura brufeste på hi sida.

Vassføring

Vetledøla er ikkje det ho ein gong var. På same måten som med Sprongdøla lenger aust, er Vetledøla fanga opp etter takrenneprinsippet og leia i tunnell til Styggevatn-bassenget til Jostedal kraftverk. Før reguleringa, når elva gjekk stri i snøsmeltinga eller under haustflaumar, var det vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over, - om det ikkje var bru.

Bruhistorie i kommunearkivet

Kommunestyret i Jostedal hadde "Bro over Vetledalselven" som sak på møtet sitt 27. februar 1897. Grunnen var at ein flaum hadde reist med brua året før. Dei fatta vedtak om at ordføraren skulle senda brev til amtet og be vegingeniøren om å iverksetja tiltak for å få bygd ny bru.

Ordførar Kristen A. Ormbergstøl (1861-1931), skreiv av brevet til vegingeniør Borch på Leikanger i ein protokoll (kopibok) før han sende det med posten. Godt og vel hundre år etter, er denne avskrifta svært interessant reint historisk. Søknaden handlar om ferdsle mellom vest og aust, mellom Sogn og Fjordane og Austlandet. Ordføraren seier tydeleg frå om kor vanskeleg situasjon folk kan koma i når brua manglar, og han listar opp ei rekkje grunnar for å ha bru her, og for å få bygd ei ny. Han let det óg koma tydeleg fram at bru over Vetledøla er ei offentleg oppgåve.

''Til Nordre Bergenhus Amts Veinskjinør Bork Leikanger''

Jeg tillader herved i Ærbødighed at oplyse for den ærede Inskjinør, at jeg i afvigte Sommer var Øienvidne til at i Veien der fører fra Jostedal til Gudbrandsdalen er bortrevet en Bro og et Kar af Elveoversvømmelse kaldet Vetledals Broen. Opsidderne i Mjelversdalen, der tidligere har vedligeholdt denne Bro, svarer på Forespørgsel, at de ikke lengere vilde have denne Vedligeholdelse da Broen er dem ingenting til Nytte, tvertimod de har i den senere Tid maattet stenge den, paa Grund af at deres Kreaturer til Fjeldbeitningen søger over broen og saa langt at de ikke kommer hjem, men maa tilbagehentes af Budeierne.

Broen ligger sirka 2 Klmeters Vei nordost fra Fjeldstølen Øien i Jostedal, og er den for Færdselen fra Jostedal til Gudbrandsdalen og omvendt aldeles paatvingende nødvendigt, at den er paalagt og i farbar Stand. Turisttrafikken er her om Sommeren ikke saa ubetydelig, og forøvrigt passerer der Folk og Hester over Fjeldet jamt og samt.

Kommer der reisende over Fjeldet fra Gudbrandsdalen til Vitledøla blir de stoppet her og kan ikke komme lengere, kortsagt verken frem eller tilbage. Over Elven og de 2de Klm. vei der er tilbage til Sæteren Øien, er det umuligt, og efter at have passeret Fjeldovergangen vil det som Regel skride sterkt mod Aften og gjøres saaledes nesten lig umuligt at vende tilbage. Treffer man da, som ofte Tilfælde ruskent Veir, og blir saaledes nødtvungne at natte ude uden minste Ly af Skjul kunde man let resikere at sætte Livet til, som Følge af Broens Udebliven.

Jeg føler mig saaledes forpligtet til som Herredsordfører at oplyse dette for vedkommende Vei-Indskjenør, saa han kan [.. ..] træffe de fornødne Iagttagelser og Gjøremål.

For at faa Broen farbar til kommende Sommer, maa der paa Sneføret fremkjøres det fornødne Antal Broaaser, og ligeledes trenges Sten til Stædet for Brokaret. De forige Broaasers lengde var 7 alen, brokarets Høide kan jeg ikke sikkert opgive, men antager paa et løst Skjøn, at ville koste sirka kr 100,00 for at faa det opført.

Litt annleis enn den nedrivne

Av ordførar Ormbergstøl sitt brev går det fram at brudekket på den nedrivne brua var laga av åsar (tømmerstokkar) på sju alner, som vil seia kring 4,2 meter. Han nemner elles eitt brukar, «et Kar» og «Stedet for Brokaret». Desse opplysningane passar med staden gamlebrua no er bygd, derimot ser det ut til at brudekket var lenger på den nedrivne brua enn brudekket no. Etter alt å døma står den gamle brua på same staden som brua flaumen hadde fare med pr. 1897. Men brua no er litt annleis. Brudekket er stein i staden for åsar,og brudekket er truleg noko kortare, kan henda ved at øvste delen av brukaret ikkje er bygd rett vertikalt, men noko skrånande inn mot andre sida.

Rundt 1900

Når det gjeld alder, og under føresetnad av at gamlebrua i dag er den same som brua dei bygde oppatt etter 1897, er det uråd å setja noko eksakt årstal; rundt 1900, ein gong mellom 1898 og 1901, ser ut til å vera det næraste. År 1900 løyvde Den norske turistforening 60 kroner av ein sekkepost statsbidrag til «Anlæg af en Bro over Vetledalselven paa Vei mellem Jostedalen og Gudbrandsdalen». Men brua kan godt ha vore bygd då tilskotet kom.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Jostedal sokn. 1994.


Jostedal kommune. Formannskapsarkivet, kopibok 1838 - 1934, pagina 79.

PERMANENT IDENTIFIKATOR