Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Veg og bru over Kjøsnesfjorden



Frå Vassenden strekkjer Jølstravatnet seg vel to mil austover, og ved gardane Sunde og Kjøsnes på sørsida, går den kring fem kilometer lange Kjøsnesfjorden inn til Søgnesand og Lunde. Vegsambandet over det grunne Kjøsnessundet har ei svært spesiell historie. Arbeidet byrja som dugnad, og folk heldt på med steinkøyring i årevis. På femti-talet ville kommunestyret ha ferje!

Kjøsnessundet

Det var naturleg at folket på sørsida av Kjøsnessundet, kom til å tenkja på vegsamband over ''fjorden'' i staden for rundt. Sundet var smalt, berre 600 meter, - det var grunt, på det djupaste berre 11 meter, - og det låg fleire små skjer på rekkje og rad. Og etter som ''tettstaden'' Skei ved øvre enden av Jølstravatnet meir og meir utvikla seg til å bli kommunesenter i Jølster, ville vegen dit bli mykje kortare for folk i mange grender på sørsida av Jølstravatnet, - Sægrov, Sunde, Myklebust, Dvergsdalen og Sanddalen.

Stordugnad

Anleggsarbeidet på prosjektet veg og bru Sunde - Kjøsnes byrja i 1942 som privat dugnad og heldt fram i over 15 år i form av arbeidsinnsats og pengegåver. Og det var ikkje berre folk frå dei nærliggjande grendene som var med. I fleire vintrar frå 1942 kom det folk frå Skei og Klakegg, jamvel frå garden Fonn lengst inne i Stardalen. I 1960 vart arbeidet omtala som den største dugnaden i landet på den tida.

Køyrde fyrst stein ut på isen

Svære steinmengder, tusenvis av kubikkmeter, måtte til for å få køyreveg over sundet. Dei byrja med å køyra stein utover på isen, hogg rok der vegen skulle gå og dumpa lass etter lass. På denne måten kom ei steinfylling etter kvart til syne midt ute i sundet. Seinare tok dei til å fylla stein frå land på kvar side. I 1957 vart det bygd bilveg ned til kvar fylling og hestesledane vart erstatta med lastebilar.

Planar om ferje

Kommunen og det offentlege vegstellet var heile tida meir eller mindre aktivt med i dette noko spesielle vegprosjektet, men i mange år for det aller meste berre på papiret. Kommunearkivet i Jølster og Vegvesenet sitt arkiv på Hermansverk, er gode kjelder til kunnskap om kva som skjedde på den offentlege sida.

I 1939 var det bygdeveg frå Vassenden til Sægrov. For å få samband vidare til Skei, hadde dei to alternativ. Det eine var å byggja veg med bru over Kjøsnessundet, det andre å byggja sambandsveg inn til Søgnesand. Kommunen valde å byggja bru. Fire år seinare fekk kommunen melding frå vegavdelingskontoret i Sunnfjord at anlegget var kostnadsrekna til 620 000 kr med 6/10 statstilskot og 2/10 frå fylket. Men meir skjedde ikkje før vinteren 1947/1948. No var bilferjer komne i skotet. Ei kommunal nemnd tilrådde å byggja veg frå kvar side ned til ''ferjebryggjer'' og så setja i gong med ferje i påvente av bru!

Kommunestyret slutta seg til ferjeplanane, og søkte i 1954 Landbruksdepartementet om eit tilskot på 25 000 kroner. Grunngjevinga var det jordbruksfremjande aspektet ved sambandet. To år seinare vart det nedsett ei nemnd til ''å røkja etter høveleg farty''. Og så, etter ei synfaring i 1958 med både fylkesmannen og fylkesvegsjefen til stades, sende Jølster kommune søknad til ''riksvegvedlikehaldet'' om kjøp av Loftesnesferja (ledig etter at det var kome bru Loftesnes - Nes, i Sogndal).

Eit mindretal i kommunestyret var svært skeptiske til ferjeplanane og protesterte kraftig mot fleirtalsvedtaket. Dei konkluderte med at det var ''uforsvarleg [.. ..] å gå til realitetsavgjerd på så laust grunnlag som det ferjenemnda hadde lagt fram.''
Mindretalet fekk rett. Det kom aldri ferje i Kjøsnessundet.

Etter ferje-intermessoet

Under heile ferje-episoden dreiv dugnadsfolka på med å køyra stein til fyllingane. Dei braut opp stein i åker og eng, og tok etter kvart til å med sprenging og lastebiltransport. Fyllingane voks år for år. På slutten av 1950-talet kom det fyrste kommunale tilskotet, ei løyving til ''dei naudsynlege midlar til boring og sprenging'' vinteren 1954/1955), og nokre år seinare ei forskottering på 30 000 kroner.
Den fyrste løyvinga frå fylket kom i 1963. Under kapittel ''Bygdevegar med statstilskott'' står: ''Veg og bru Kjøsnes'' 36 300 kr. Frå no av vart sambandet drive fram som ordinært offentleg vegprosjekt.

Driftsplan 1965

Den fyrste driftsplanen er datert 6. mai 1965. Arbeidsstyrken bestod av Johannes Kjøsnes (oppsynsmann) og 10 mann som skulle ta fram masse, og transportera til fyllingane med shoveldosar, dumpers og lastebilar.
Ein anleggsrapport datert 22. desember same året konkluderer med at heile arbeidet bør kunne vera ferdig til våren/sommaren 1968.

''.. utmerket arbeidsånd ..''

Den same rapporten har eit avsnitt om arbeidsånda. Avdelingsingeniør Magne Strand er godt nøgd, men avslører samstundes eit visst innslag av fagforeiningsaktivitet som han er mindre begeistra for.

''Det rår en utmerket arbeidsånd på anlegget. Arbeiderne har vært lønnet relativt godt, og resultatet har svart til forventningene. Samarbeidet mellom oppsyn og arbeidere går knirkefritt, der er kort sagt et godt teamwork. Der er enkelte krefter i gjære for å ''skyte'' ut en del av arbeiderne der til fordel for andre med lenger ansiennitet, noe som jeg personlig mener ville være til stor skade for anlegget. Det bør forhindres.''

Utradisjonell opning

Kjøsnessambandet var klart til opning og avlevering 1970. Men den tradisjonelle opninga med prominente personar til stades, vart det aldri noko av. Grunnen skal visstnok vera at ein del ungdommar frå Sunde-sida tok skeia i eiga hand. Dei fjerna like godt vegstell-sperringane ein laurdagskveld dei reiste på fest til Skei og erklærte vegen for opna. Og med det vart det, - fri ferdsel utan høgtidleg, offisiell opning.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane fylkesting. 1964.
Avisa Firda. Førde 12.05.1960.
Munnlege opplysningar:
Per Birger Lomheim, Statens Vegvesen, Leikanger.
Jølster kommune. Formannskapsarkivet. Saksdokument. 1939-1958.
Vegsjefen i Sogn og Fjordane. Jølster, arkivboks 10A.

PERMANENT IDENTIFIKATOR