Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvelvingsbrua over Hopselva



Kvelvigsbrua i Hopsdalen, på riksveg 615 mellom Straume og Heimseta, er eit vakkert stykke ingeniørkunst. Ho vart bygd i 1934 som bruløysing over Hopselva, nokre hundre meter nord for Breistøylen, sommarstølen til garden Hope.

Brua sett frå sør mot Hope. Det er støypt betongrekkverk på båe sider av sjølve brua og fyllingane inn mot terrenget.

Brua sett frå sør mot Hope. Det er støypt betongrekkverk på båe sider av sjølve brua og fyllingane inn mot terrenget.

Eigar: Magnar Heimset.

Datering: 2002.

Fotograf: Magnar Heimset.

Byggjemåte

Brua vart bygd i ei tid då ein stort sett hadde gått bort frå dei reine steinbruene, som nok var svært tidkrevjande å byggje. I staden hadde ein teke til å nytte stål og betong til slike prosjekt. Det interessante ved denne brua er at det her er nytta ei kombinasjonsløysing, der det berande elementet er to yttervangar laga av nøye tilhoggen stein med mørtelfuger mellom, og ei betongblanding ilagt prosentstein med parallelle sider vinkelrett på trykklinja mellom vangane. Det heile kviler på ein godt fundamentert murfot i kvar ende. Under bygginga måtte det lagast ei bogeforma treforskaling mellom dei to murføtene. Då brua så var ferdig og betongen herda, vart forskalinga fjerna, og det bogeforma berande elementet kom i press mellom murføtene og heldt brua oppe.
Sjølve bruspennet er 14,5 meter langt. Brua er 5 meter brei. Eit kostnadsoverslag datert 12. januar 1934, lydde på 11 000 kr.

Veganlegget

Det 13 720 m lange veganlegget mellom Straume og Heimseta var eit forholdsvis stort anlegg med fleire store og mange mindre bruer. Alle dei andre bruene er bygde i betong. Dei store bruene har berebjelkar av stål. Det tok naturlegvis lang tid å planleggje og å få realisert dette anlegget.
Første kostnadsoverslaget skriv seg frå 1889, og lydde på 34 400 kr. Ved utarbeiding av vegplanen i 1917 var det kome opp i 120 000 kr, og seinare same året 250 000 kr. Ved handsaminga av vegplanen i 1921 hadde summen auka til 1 000 000 kr. Mønsteret er lett attkjennande frå offentleg forvaltning også i nyare tid. Vegen vart avlevert 29. september 1936, og lengda var då oppgjeven til 14 046 m.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statens vegvesen Sogn og Fjordane v/Per Birger Lomheim.

PERMANENT IDENTIFIKATOR