Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bruer over Leirdøla på Jostedalsvegen



Brusambandet over Leirdøla på Jostedalsvegen er eit særs interessant stykke veghistorie. Her er to bruer, - ei betongbjelkebru av nyare dato og ei stålfagverksbru frå 1934. Dessutan er det restar etter ei eldre steinbru, og namnet "Leirdøla bro" innhogge i berget.

Leirdøla bru, med årstalet 1906 på dei øvste steinane i kvelvingen. Stykket i Sogns Tidende to dagar etter at flaumraseringa i 1926, fortel at vatnet gjekk <b>over</b> brua då ho gav etter.

Leirdøla bru, med årstalet 1906 på dei øvste steinane i kvelvingen. Stykket i Sogns Tidende to dagar etter at flaumraseringa i 1926, fortel at vatnet gjekk over brua då ho gav etter.

Eigar: Statens Vegvesen.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Flaumar i Leirdalsvassdraget

Leirdøla renn frå Tunsbergdalsvatnet ned Leirdalen og ut i Jostedalselva ved garden Leirmo. Før oppemninga av Tunsbergdalsvatnet på 1970-talet kom det ofte sommarflaumar i Leirdalsvassdraget og gjerne utan at vassføringa stod i høve til nedbør. Flaumane kom av oppdemning av enorme vassmengder oppe ved Tunsbergdalsbreen i dalføret nordover frå Leirdalen.

År om anna valda flaumane betydeleg skade og nede ved Leirmo hende det fleire gonger at elva braut seg nytt løp. Det var difor særs vanskeleg å halda i stand brusambandet på Jostedalsvegen her. Nesten årvisst trongst det omfattande vøling og vedlikehald, og fleire gonger måtte det byggjast ny bru på ny stad.

Storflaum

I andre veka av august 1926 tok Leirdøla på ny til å veksa og laurdag den 14. var vassføringa større enn nokon kunne minnast. Flaumskadane vart etter kvart enorme. Ned Leirdalen tok elva med seg jord og stein, busker og tre, bruer og fleire småhus, og nede i dalen - kvelvingsbrua på Leirmo og ikkje så reint lite skog. Svære mengder lausmateriale tok etter kvart til å demma opp Jostedøla slik at det danna seg ein vel to kilometer lang innsjø frå Leirmo oppover mot Alsmo. Heile Gaupnefjorden vart brunfarga. Fleire tusen skjepper nyleg låssett brisling strauk med.

Brua fór om ettermiddagen

''Leirdøla Bro'' stod i mot dei ''voldsomme'' vassmengdene til ut på ettermiddagen, laurdag 14. august. Ingen hadde i sine villaste fantasiar kunna tenkja seg at ei så solid kvelvingsbru i stein kunna fara i flaum. Med eitt var Jostedalsvegen sperra for bilar og andre køyrety og det fanst ikkje råd for omkøyring.

Sogns Tidende hadde melding om hendinga i måndagsbladet sitt, 16. august. Det var langt frå noko katastrofeoppslag, berre ein kort ein-spaltar med overskrifta ''Jostedalen innestengd. Leirdalsbrui burtrivi.'' Lensmannen og ''yveringeniøren'' var ventande til åstaden same dagen, og avisa rekna med at det måtte byggjast ei mellombels bru for fotgjengarar slik at ikkje dalen vart avstengd ''altfor lenge.''

Inntrengjande oppmoding

Det brotne brusambandet over Leirdøla i august 1926 var på saklista på fyrste kommunestyremøtet i Jostedal etter flaumen, den 8. september som sak 14. Det står innført:

''Samrøystes vart vedteke å rette ei inntrengjande oppmoding til fylket og fylkesvegstyret um å gjera alt dei kan for å få ein fyrebils gjennomgang istand ved den nedrivne Leirmo bru. Trafikken på Jostedal hev no vore avbroten uppimot ein månad og det tek til å røyna både for matvarer og anna til heradet.''

Trebruer før 1906

Den nedrivne steinbrua var 20 år gammal. I åra før 1906 kom folk seg over på mindre robuste trebruer. Etter at ein større flaum reiste med brua den 6. august 1900, utarbeidde amtsingeniøren plan for ei jernbru på ein stad litt lenger oppe i elvefaret. Amtstinget løyvde midlar til det nye brusambandet og det vart bygd veg fram til den planlagde brua frå begge kantar. Anlegget vart aldri ferdig. Ein ny flaum i 1903 øydela både den provisoriske brua og dei nye vegstubbane. Det vart då bestemt å byggja steinbru endå lenger oppe, på ein heilt sikker stad.

Skulle stå til verdens ende

Den nye brua skulle ha eit 16 meters langt spennspennvidde og ha bruendane i fast fjell på kvar side. Ho skulle ha stor nok opning for dei størst tenkjelege flaumane.
Kvelvingsbrua stod ferdig i 1906 med årstalet 1906 hogge inn på steinane øvst i kvelvingen. Overingeniør Borch uttalte då brua var ferdig, at denne brua skulle stå så lenge verda stod, og ingen var i tvil.

Stålfagverksbru etter steinbrua

Verda vart ståande lenger enn Leirmo-brua. Kvelvingen var likevel ikkje stor nok til å svelja flaumvatnet i 1926. Då Anders T. Bakken, f. 1907, som siste mann tok seg over brua, var vatnet byrja å gå over brua. Det er sagt at ho gav etter for dei veldige vassmengdene berre minuttar etter at Bakken var komen seg over og inn på trygg grunn.

No følgde ein ny periode med mellombels brusamband og nye flaumskader medan byggjearbeidet heldt på. Hausten 1933 byrja arbeidet med ei stålfagverksbru like nedom staden kvelvingsbrua hadde stått. Brua vart opna året etter, om sommaren i 1934.

Betongbjelkebru i 1975

Fyrst på 1970-talet byrja kraftutbygginga i Jostedalen, fyrst med Leirdalsutbygginga og Leirdøla krafverk nede ved Jostedalsvegen, sidan med oppdemninga av Styggevatnet og Jostedal kraftverk på Myklemyr. Brua frå 1934 vart både for veik og for smal for all tungtransporten som følgde med desse prosjekta. Brua i dag, med lenger spenn, breiare køyrebane og større bereevne, vart teken i bruk seinhaustes 1975.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. [..] Leikanger 1958.
Lomheim, Per Birger: Historisk samferdsle gjennom Jostedalen. Den skumle Leirdøla. I Bjønnaposten. 1999.
Sogns Tidende. 19.08. og 28.08.1926.
Kommunearkivet i Luster. Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1925-1939. Dokumentomslag, bruer over Leirdøla, hjå Statens Vegvesen, Hermansverk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR